«Draumkvedet» med fullt orkester
P2s Folkemusikktimen presenterte i dag Kringkastingsorkesteret og Kim André Rysstad med Noregs mest kjende folkevise, «Draumkvedet». Dette er første gong folkevisa blir spelt som ein samanhengande versjon med fullt orkester. Stykket er arrangert av komponist Jon Øyvind Næss. «Draumkvedet» handlar om ein mann ved namn Olav, som skal ha ligge i ein transeliknande søvn frå 24. desember fram til 6. januar. Visa skildrar korleis sjela hans vandra gjennom dødsriket.