Springsteen i Netflix
Bruce Springsteen opptrer for tida i New York med einmannsshowet «Springsteen on Broadway», der han syng, spelar og fortel historier frå livet som artist. I går offentleggjorde Netflix at ein innspelt versjon vil bli å finne på strøymetenesta i desember, skriv Billboard. Stykket er basert på Springsteens sjølvbiografi, og gjer stor suksess på Broadway.