Fredrik Skavlan fekk pris for beste mannlege programleiar, noko som vert hans tredje Gullrutepris.
- Kvar skal vi gjere av alle desse, Maria, sa Fredrik Skavlan spøkefullt til kjæresten Maria Bonnevie, då han mottok prisen.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
Sjølv om han har vunne før, synest han at det er stas å vinne igjen.
- Ein tøffar seg litt heile dagen og tenkjer at det ikkje er så viktig å vinne, men det er jo det. Det kjem ein ikkje utanom, seier ein glad Fredrik Skavlan til NRK.no.
Også kjæresten til Fredrik Skavlan, skodespelar Maria Bonnevie fekk pris under Gullruten-showet. Det var rolletolkinga av dronning Maud i NRK-serien Harry & Charles som sikra henne prisen.
- At Maria også fekk pris kom som ein veldig hyggeleg bonus, seier Skavlan.
Også kollega i NRK, Anne Lindmo fekk pris for sin innsats som programleiar i Store Studio. Ho synest prisen til Fredrik Skavlan var velfortent.
- LES ÒG:
- Dette har vore det verkeleg store året for Fredrik. Han er heilt utanfor einkvar konkurranse, i alle fall på mannesiden, seier Anne Lindmo om Skavlan.