Hopp til innhold

Her er Gullrute-vinnarane

Jentene på Toten fekk pris for Beste dokusåpe - sjå dei andre vinnarane her.

Jentene på Toten

Her er Gullrute-vinnarane Jentene på Toten fekk Gullrute-pris.

Foto: Gunhild Agdesteen / NRK

Utdelinga av den norske tv-prisen Gullruten er no avslutta . Totalt vart det delt ut prisar i 15 ulike kategoriar, i tillegg til folkets pris og heidersprisen.

NRK henta heim heile 10 av 15 prisar under utdelinga av Gullruten-prisane laurdag kveld. TV 2 stakk av med fire prisar, medan TV 3 fekk ein.

Beste barne- og ungdomsprogram vart NRK-programmet Megafon, er eit program som handlar om barns tid og pengar, forbruk og rettar.

TV 2-programmet Torsdag kveld fra Nydalen har berre halde på sidan våren 2009. Men allereie i kveld fekk komikarane Morten Ramm, Henriette Steenstrup, Else Kåss Furuseth, Odd-Magnus Williamson og Henrik Thodesen pris for beste humorprogram.

Thomas og Harald på Gullruten

Thomas og Harald med sin Gullrute-pris.

Foto: Gunhild Agdesteen / NRK

- Eg vil takke produsentane i Feelgood for at dei kan lage peniskostyme og , fordi dei kan vekkje Morten Ramm kvar dag, var berre ein liten brøkdel av alt Else Kåss Furuseth ramsa om i ei halsbrekkjande fart i takketalen.

Jentene på Toten, som følgjer fleire transepersonar, har i vår vorte ein svært populær serie på NRK. I kveld fekk programmet pris for Beste dokusåpe.

Senkveld med Thomas og Harald vart kåra til beste underhaldningsprogram. Thomas Numme og Harald Rønneberg har hatt programmet på TV 2 sidan 2003. Harald Rønneberg har tidlegare fått to Gullruteprisar, ein for beste mannlege programleiar i 2006 og Publikumsprisen i 2004.

Elleve deltakarar med ulike funksjonshemmingar har i vår imponert tv-sjåarane i si reise over Nordkalotten, saman med reiseleiar Lars Monsen - Ingen grenser vart årets reality.

Lars Monsen - Ingen grenser

Ingen grenser vart årets realityserie.

Foto: Gunhild Agdesteen / NRK

Harry & Charles har fått to Gullrute-prisar, både for beste tv-drama og for beste kvinnelege skodespelar, Maria Bonnevie si tolking av Dronning Maud.

- Kvar skal vi gjere av alle desse, Maria, sa Fredrik Skavlan spøkefullt til kjæresten Maria Bonnevie, då han fekk pris for beste mannlege programleiar.

- Det er veldig vanskeleg å vere så dritglad i så høge hælar, sa Anne Lindmo.

Lindmo fekk pris som beste kivnnelege programleiar for Store Studio på NRK.

86 år gamle Sossen Krogh fekk saman med Anette Hoff årets heiderpris. Dei har begge spelt i Hotel Cæsar på TV 2 sidan starten i 1998.

HER ER ALLE VINNARANE:

Beste barne- og ungdomsprogram:
NRK for NRK: Megafon

Beste humorprogram:
Feelgood Scene Film og TV AS for TV 2: Torsdag kveld fra Nydalen

Beste dokusåpe:
Limelight Film & TV for NRK: Jentene på Toten

Beste underhaldningsprogram:
Monster Entertainment for TV 2: Senkveld med Thomas og Harald

Beste fakta- eller aktualitetsprogram:
TV 2 for TV 2: Jakten på den mistenkte

Beste magasin- eller livsstilsprogram:
Rubicon TV for TV3: Luksusfellen

Årets nyskaping:
Feelgood Scene Film og TV AS for TV 2: Torsdag kveld fra Nydalen

Beste tv-dokumentar:
Bivrost film & TV for NRK: Min Mammas Gård

Beste nye programserie:
Strix Televisjon for NRK: Klasse 10B

Beste TV-drama:
NRK for NRK: Harry & Charles

Beste reality:
Mastiff for NRK: Ingen Grenser

Beste mannlege skodespelar:
Gard Eidsvold i God natt elskede

Beste kvinnelege skodespelar:
Maria Bonnevie i Harry & Charles

Beste mannlege programleiar:
Fredrik Skavlan i Skavlan

Beste kvinnelege programleiar:
Anne Lindmo i Store Studio

Folkets pris:
Lars Monsen

Heidersprisen:
Anette Hoff og Sossen Krogh


Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters