Hopp til innhold

- Media tek ikkje ansvar

Journalistane overser at borgarkrigen på Sri Lanka har blussa kraftig opp, no krev tamilane i Noreg handling.

Røde Kors begraver tamilske opprørere på Sri Lanka

Hjelpearbeidarar frå Røde Kors gravlegg tamilar.

Foto: Sanath Priyantha / AP

Media rettar søkelyset på det som skjer på Gazastripa, samtidig høyrer vi lite om at borgarkrigen på Sri Lanka er inne i ei alvorleg krise.

- No må det skje noko

Godfrey Manoharam i den tamilske ungdomsorganisasjonen i Noreg sto i går i spissen for ein demonstrasjon i Bergen for skape meir merksemd om Sri Lanka, fredag deltek han i demonstrasjon utanfor Stortinget.

- Media retter einsidig søkelys på det som skjer på Gazastripa, dermed blir dekninga av Sri Lanka veldig dårleg. No må det skje noko så hjelpa ikkje kjem for seint, seier han.

Superkjendis

NRK-journalist Sverre Tom Radøy har skrive boka ”Reiser på Sri Lanka – Norges øy i Tropene”. Han kjenner Sri Lanka svært godt etter lange opphald i landet, og fortel at Noreg har ei utruleg sentral rolle på øya.

- Det er to store kjendisar på Sri Lanka, den eine er George Bush, den andre er Erik Solheim. Folk som ikkje har lest ei avis på 20 år, veit likevel mykje om Noreg, og ved eit tilfelle opplevde eg at ein munk langt inne i jungelen spurte meg om korleis det står til med det norske oljefondet, seier Radøy.

Ingen suksesshistorie

Trass i den tette koplinga mellom Noreg og Sri Lanka, rapporterer svenske, danske og britiske journalistar langt oftare om den alvorlege konflikten samanlikna med norske media. Radøy har ingen god forklaring på kvifor media i Noreg overser Sri Lanka.

- Vanlegvis er norske journalistar svært opptekne av nordmenn i utlandet. Kanskje har den manglande dekninga samanheng med at engasjementet til Noreg ikkje er ei suksesshistorie, men derimot en parallell til den mislykka Oslo-avtala, undrar NRK-journalisten.

- Sjå heile innslaget om Sri Lanka

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor