Hopp til innhold

Familie får opphald i Noreg etter åtte år i kyrkjeasyl

Budsjettavtalen mellom regjeringa og SV sikrar, som ei eingongsløysing, at utlendingar som har sete meir enn fem år i kyrkjeasyl i Noreg, får opphald.

Familien Collin, fra venstre Dilani, Angela og Collin, har bodd i biblioteket i Finnsnes kirke i snart åtte år.

Familien Johnson Collin har sete i kyrkjeasyl i åtte år i Troms. (Bildet er tatt ved eit tidlegare høve.)

Foto: William Jobling

Eingongsløysinga omfattar berre éin familie på tre personar som sit i kyrkjeasyl i dag. Det er ekteparet Merry Anjala og Antonipillai Johnsen Collin og dottera Dilani Johnson Collin.

Familien kom til Noreg i 2009 frå Sri Lanka, og har budd meir enn åtte år i kyrkjeasyl på Finnsnes i Troms – sidan oktober 2014.

– Vi omfamna kvarandre og var utruleg glad, seier Kjellrun Skoglund.

Ho er leiar av støttegruppa for familien frå Sri Lanka, som no får opphaldsløyve i Noreg. Ho seier at familien er helt overvelda.

Kirkeasyl: Dilani Johnson Collin og Kjellrun Skoglund i Finnsnes kirke i troms

Kjellrun Skoglund i støttegruppa, i lag med Dilani Johnson Collin.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Humanitært grunnlag

Opphaldsløyvet blir gitt på humanitært grunnlag, noko som gir litt mindre rettar enn om ein får opphald som flyktning etter flyktningkonvensjonen.

– Endeleg kan vi seie at rettsstaten Noreg viser sitt menneskelege ansikt på dette området, seier stortingsrepresentant Ivar B Prestbakmo (Sp).

Vårt Land skriv at SVs sjefforhandlar Torgeir Knag Fylkesnes, som representerer Troms på Stortinget, har stått på lenge for å få punktet inn i budsjettavtalen.

Torgeir Knag Fylkesnes og Kirsti Bergstø (SV) i den muntlige spørretimen.

Torgeir Knag Fylkesnes frå Troms har stått på lenge for å få punktet om kyrkjeasylantar inn i budsjettavtalen. – Løysinga måtte drøftast lenge, seier han.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Løysinga måtte drøftast lenge. Og så hadde eg Eigil Knutsen og Geir Pollestad som tøffe, men kloke motpartar. Det betydde også ein del, seier Fylkesnes til Vårt Land.

Partia har også vorte samde om at Justis- og beredskapsdepartementet skal byrje på eit arbeid for å sjå på rammeverket rundt kyrkjeasyl.

Les meir UNE meinte det er trygt å returnere til Sri Lanka

Dilani Johnsen Collin

Kan ikkje gå ut av kyrkja

Ifølge Skoglund kan ikkje familien gå ut av kyrkjeasyl med ein gong.

– Det kan ta nokre månader før det formelle er i orden. De må søke også må søknaden behandlast, seier ho.

De har fått vite at det kan ta fem til seks månadar.

– Vi skal prøve å få til ein ordning når dei har søkt at vi ber om at familien får gå ut. Men vi vil ikkje ta nokre sjansar.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark