- Det er feil å knytte begrepet "frigjøring" til 1905. Kanskje ein kan bruke et slikt begrep om Finnmark og nordlige deler av Troms i 1945, for der foregjekk det en slags frigjeringskamp, fortel Angell.
1814 mykje viktigare
Det er 100 år siden 1905. Svein Ivar Angell er forskar og historikar. Angell meiner maset om 1905 er godt toskeskap. Å snakke om norsk sjølvstende i 1905 er rein og skjær vranglære.
- Nogeg vart ein sjølvstendig stat i 1814 då den dansk-norske unionen ble oppløyst. Då fekk vi eiga regjering, nasjonalforsamling, embetsverk med meir. I 1905 skjedde det ikkje så mykje i forhold til statsforma. Det var mykje meir dramatisk i 1814.
Ikkje så viktig
Angell meiner 100-årsmarkeringa er nok eit eksempel på korleis vi nordmenn har trong til å markere oss sjølv.
Angell meiner 100-årsmarkeringa er nok eit eksempel på korleis vi nordmenn har behov for å markere oss sjølv. Foto: UiB
- 1905 var viktig, men ikkje så viktig i forhold til den betydningen det har vorte tillagt i dag der ein snakker om frigjering. Mykje av det som skjer under 100-årsmarkeringa har ikkje så mykje med 1905 å gjere, fortel han.
Norgesglasset NRK P1