Krinkastingsavgifta aukar med 40 kroner kjem det fram i statsbudsjettet for 2011. NRK hadde bede om det dobbelte, altså ein auke på 80 kroner.
– Dette tyder eit bortfall på ca 75 millionar kroner. Vi kjem ikkje unna kutt i programtilbodet og eit svakere tilbud til publikum enn det vi elles ville kunne presentert, seier kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas i ei pressemelding.
- LES ÒG:
Forslaget frå NRK var basert på den venta løns- og prisauken.
– Vi kan ikkje i dag konkretisere kva for program eller produksjonar dette vil ramme, og målet vårt er alltid å skjerme tilbodet til publikum lengst mogleg. Vi er no midt i ein budsjettprosess, og først når budsjettet for 2011 er klart mot slutten av året vil vi vite konsekvensane, seier Bjerkaas.
Dei 80 kroner i lisensauke som NRK hadde håpt på, skulle gå til å sikre at tilbodet NRK har i dag, opplyser kringkastingssjefen. Han reknar med at pengane som er løyvde over statsbudsjettet vil føre til både rasjonaliseringar, og lågare produksjon av innhald.
- Fryktar du eit dårlegare tilbod frå NRK? Eller aukar lisensen for mykje?