Hopp til innhold

Slik laga vi «Blålys for havet»

Vi ønskjer å vise fram korleis det ser ut etter oss under overflata og kva som står på spel i havet.

Krabbe beveger seg i partikler på fjordbunnen og virvler opp brunt støv

Ingen tareskog å gøyme seg i for denne krabben i Jøssingfjorden.

Foto: Erling Svensen

Kanskje forstår og bryr vi oss meir om det vi får sjå, at det som er ute av syne, kan vere ute av sinn.

Difor har biletbevis styrt valet av fotavtrykk og dei historiene vi fortel om i spesialsaka «Blålys for havet».

  • Samstundes er nokre påverknader på havet så store at vi må fortelje om dei, sjølv om det knapt finst bilete å vise.
  • For å identifisere dei mest alvorlege fotavtrykka våre i havet, har vi henta innspel frå ei rekkje forskarinstitusjonar i Noreg. I tillegg til organisasjonar som WWF Verdens naturfond og Naturvernforbundet.
  • Vi bad desse ekspertmiljøa rangere dei menneskelege avtrykka i havet, kopla mot kva biletdokumentasjon dei måtte ha.
  • Biletomfanget viste seg å vere avgrensa og med blanda kvalitet, sidan dette er under overflata og mykje skjer på store djup.

Augevitna

Difor kontakta vi i tillegg dei av oss som bruker mykje tid under vatn, erfarne og prisvinnande undervass- og naturfotografar.

Dei er våre auge under overflata. Dei har sett utviklinga i havet over tid, dyreliv og natur på nært hald. Vi bad desse augevitna leite fram dei meste relevante bileta og dokumentasjonen og dele sine erfaringar med oss.

Portrett av Espen Rekdal

Espen Rekdal er eit av augevitna i Blålys for havet.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

«Blålys for havet»-prosjektet er skrudd saman av deira dokumentasjon, opplevingar og observasjonar under overflata gjennom dei siste ti-femten åra.

Dette er difor ei samanstilling av historier som utspelar seg over fleire år og heilt fram til 2020/21

Summen av alt

Tilstanden i havet er verre enn vi trudde, varsla det internasjonale havpanelet i desember 2020. Eit panel leia av vår eigen statsminister, Erna Solberg.

Det er ikkje lyspunkta vi har leita etter. I dette prosjektet har vi først og fremst gått etter dei potensielt skadelege, øydeleggjande spora våre i havet. Dette fordi vi ikkje har laga ei slik systematisk, heilskapleg nettforteljing om havet vårt før.

Det er samstundes summen av alt vi puttar i havet som truleg er det skumlaste, vi veit ikkje nok om konsekvensane av det samla presset, om korleis alt verkar saman.

Det er hovudinntrykket som står att etter at vi har dykka i rapportar, lest fleire bøker og snakka med ei rekkje forskarar.

Kartet viser en oversikt over menneskelig aktivitet i Nordsjøen.

Kartet viser ein oversikt over menneskeleg aktivitet i Nordsjøen. Kva er konsekvensane av det samla presset?

Illustrasjon: Harald K. Jansson
  • Heile forteljinga er lest av forskarar og augevitna sjølve.
  • Fleire sekvensar er lest og faktasjekka i samspel med forskarar med spesialfelt.