– Det som står på spel er oppvekstområde og gytefelt for reker, sild og ein masse andre fiskearter. Dette handlar om eit matfat, seier Rune Haaland frå Sogndalstrand i Sokndal.
Miljøaktivisten var ein av Bellona-grunnleggarane og er nå er leiar for den internasjonale industristiftinga Electric Vehicle Union. Han reagerer på at bergverksbedrifta Titania i Sokndal vurderar å dumpe gruveavfall på havbotnen. Ifølge Haaland er problemet med havdeponi at avfallet kan spreie seg utover og forureine havet.
Tre av seks alternativ som bergverksbedrifta har kome opp med for nytt område for dumping av avfall, er på havbotnen. Det er snakk om to millionar tonn sand årleg. Dette trass i at Havforskingsinstituttet nyleg blei overraska over kor dårleg det står til med havbotnen i Jøssingfjorden. Området som var gruveselskapet sitt deponi mellom 1960 og 1984.
– Sjødeponi er ordning som har politisk aksept i Noreg, og me har drive med det tidlegare og har derfor erfaring med det. Elles så er prosessavgangane annleis nå enn då me dreiv på i Jøssingfjorden frå 60-talet. Det er mellom anna mindre kjemikaliar, seier administrerande direktør Dag Larsen i Titania.
Lover protestar
Miljøaktivist Rune Haaland i Sogndalstrand.
Foto: Mathias Oppedal / NRKAdministrerande direktør i Titania Dag Larsen saman med kvalitets- og miljøsjef, Ann Heidi Nilsen. Det er desse som leiar arbeidet med nytt deponi i Sokndal.
Foto: Mathias Oppedal / NRKDen sitjande regjeringa har mellom anna har gitt løyve til havdeponi i Førdefjorden, trass store protestar, likevel har samarbeidspartiet Venstre på landsmøtet tidlegare i år gått inn for fullt forbod. At Titania i det heile teke ønsker å vurdera dette som alternativ overraskar derfor miljøforkjemparar i bygda.
Miljøaktivist Rune Haaland lover protestar og aksjonar dersom Titania bestemmer seg for å gå for eitt av havdeponia, men har lita tru på at det vil skje.
– Den regjeringa som ville akseptert noko slik ville late etter seg stort fotavtrykk for komande generasjonar.
Dag Larsen er klar på at dei ønsker eit breiast mogleg utgangspunkt, og at det er prosessen dei nå går inn i som vil avgjera kva dei vil gå for. Nå skal alle seks alternativa utgreiast i tillegg til at dei er ute på høyring.
– I konsekvensutgreiinga håper me at eitt av forslaga vil peika seg ut som det beste. Det beste for miljøet og det beste for samfunnet, seier han.
Bestemt seg i 2019
Innan 2019 skal dei ha bestemt seg, slik at politikarane i Sokndal kan ta stilling til nytt deponi når ein ny reguleringsplan skal vedtakast. Likevel går ikkje konsesjonen på det eksisterande deponiet ut før dei når 300 meter over havet. Nå er dei på 285, og dei reknar med at det i alle fall vil gå til 2024 før dei når konsesjonstaket.
Tysdag 13. Juni held dei folkemøte om saka på Soknatun klokka 19.