Han kjempar i vasskorpa,
blodet renn frå munnen.
Noko dreg han under.
Han får ikkje puste,
held på å drukne.
Han sit fast i fiskereiskap, lyder meldinga Audun Rikardsen får.

Det står om liv.
Han rykkjer ut midtfjords i vintermørket. Stiv kuling og sludd piskar han i fjeset.
Bølgjene skummar mot gummibåten, under baksar ein 30 tonn tung knølkval, desperat etter luft.
Audun senkar kamera i sjøen, for å sjå kor det er best å skjere han laus.
Han ser eit gult tau stramme over nakken og ryggen, bore seg inn i kjeften og tvinne seg rundt halen på kvalen.
Han heng fast - som i ei lykkje.

Kvalen trekkjer seg først vekk, panisk, men legg seg etter ei stund heilt inntil båten, som om han skjønar at Audun vil hjelpe.
Kvalen kjem opp med snuten. Audun grip tak, held rundt han og gir han ein klem.
– Herregud, ropar han, eg klappa han.
Han ser blod langs munnen på kvalen og stirer han rett i auget.
Han har med seg ein kniv, surra fast på ei lang glasfiberstong, som han stikk ned i vatnet.
Han prøver å kutte tauet ved nakken.

Ståande i båten ropar han til kvalen:
– Vi skal prøve alt vi kan, mister.
– Alt vi kan.
Audun ser kjempa forsvinne under - igjen.
Havlandet og augevitna
Med verdas nest lengste kystlinje er Noreg ein gigant.
Vi er Havlandet på ein planet med 70 prosent hav.
Noreg rår over desse områda:
Havet skjenkar oss rikdom og velferd, arbeid og mat.
Havet beskyttar oss mot den globale oppvarminga.
Havet lagar òg annakvart andedrag med oksygen vi pustar inn.
Lever havet, overlever vi.
Men nesten alt hav er påverka av oss menneske.
Vi har tråla forskarmiljøa for å finne dei store fotavtrykka våre.
For å sjå og forstå spora heng vi på skuldrane til undervassfotografane.
Dei ser endringane i havet, som skjer over tid, og her og no.
Dei er våre augevitne i djupet:
Audun, som du allereie har møtt, kvalforskaren som vil redde kvalen.

Fredrik og Lill, som ser død og liv, i Oslofjorden.

Erling, vaktbikkja som køyrer bubil kysten rundt.

Bli med på ei reise under overflata.
Frå tronge fjordar, langs kyst og til ope hav.
Frå Nordsjøen til Norskehavet og Barentshavet.

Først heng vi på Espen - til ein av dei mest urørte plassane på kloden.

Verdas urørte wonderland
Han kikar gjennom holet. Det er ein meter i omkrins og borer seg tre meter gjennom isen på havet.
Espen Rekdal er på oppdrag for BBC-serien «Seven Worlds, One Planet». Bileta skal gå verda over.
– Skyt ei Alice in Wonderland-scene, seier kollegaen.
Espen trår baklengs ned ein stige i holet, gjennom eit lag av slush.
Hjernefrysen treff han som eit hammarslag, ei intens hovudpine.
Han er i det kaldaste vatnet i verda, minus 1,9, her frys til og med dyra på havbotnen.
Kuldesjokk blir til høgdeskrekk.
Han ser nedover, sikta er nær 150 meter, han har aldri opplevd klarare, reinare vatn.
Ingen motordur, som i heimfjorden.
Det er uverkeleg stille.
Heilt til han høyrer ein symfoni, som frå ein annan galakse, det kunne vore lydeffektar frå ein science fiction-film
Det er lyden frå ein weddellsel.
I lyset frå sprekkane i isen ser han selen.
Espen svevar i havets mjølkeveg.
Under og rundt yrar eit liv som har vore slik, urørt, i tusenvis av år.
Skapningane er gigantiske, som forhistoriske. Han ser meterlange, kjøtetande slimormar. Eit fargesprakande eventyrhav med digre anemonar og svampar.
Kjempe-edderkoppar. Sjøstjerner med omkrins på 60 cm.
Espen er ein av verdas beste undervassfotografar.
Han og kollegaene bekymrar seg for den urørte naturen og livet. Dei må skunde seg, føler dei, filme mest mogleg. Før det er vekke.
På klodens kaldaste kontinent skjer det endringar som til slutt vil treffe oss.
Det blir varmare. Isen smeltar. Syklusar og økosystem blir forstyrra. Havet stig. Heile verda blir påverka.
Espen lar uro fare.
Han vil berre sveve. I det uendelege. I eit utanomjordisk vakkert univers.
Der, på botnen, skin ein stjernehimmel, i rosa, lilla og blått.
Kroppen er gjennomfrosen, kjenslene er varme.
Like før han skal svømme opp, ser han noko blenkje på havbotnen.
Det er ikkje ei stjerne.
Han svømmer nærare og spør seg:
«Kan det vere mogleg?»
Der, på botnen, ligg ein amerikansk brusboks, Dr Pepper.
«Den aller siste dans»
Fredrik Myhre passerer ein Mercedes som ligg på taket nær kaia.
Han svømmer nær land ved Nesoddtangen, aldri har han sett noko verre i fjorden:
Eit belte – større enn ei handballbane – med søppel.
Trafikkjegler, foringsdunkar frå Felleskjøpet, presenningar, fiskegarn, fritidsbåt, bildekk.
Og av alle ting: Ein berbar PC.
Han svømmer i Noregs truleg mest brukte og påverka fjord. Inst i fjorden er 70 prosent av strandsona utbygd.
Halvannan million menneske set spor under overflata.
Botnen er dekka av brunt mudder. Lyset er grågrønt.
Mellom uendelege mengder plast i mudderet ligg ein misfarga kassett frå 1995:
«Kim Larsen Guld & Grønne Skove/greatest.»
Han fiskar den opp, les på dekselet. Siste låten heiter:
«Den aller siste dans».
Han er sjuk, seier forskarar, Oslofjorden lir av langvarig overfiske, grumsete flaumvatn, høg temperatur.
«Pasienten lever, men han treng ny behandling», skildrar dei.
For å vite meir, trykk på bølgjene:
Kva meiner forskarane skjer i Oslofjorden:
Oslofjorden er syk - kan den kureres?
Fredrik er mellom dei som ser til og pleier pasienten. Han lever av og for havet, som havekspert i WWF Verdens naturfond og havelskar på fritida.
I ti år har han dykka, filma og rydda tonnevis med søppel i helgane.
På dei første dykka blei han sjokkert. No er det ingenting som overraskar.
Han kjem over eit lass med bildekk, som blir dødsfeller for fugl og fisk.
Fiskekrokar set seg fast i dekka, saman med liner som har slite seg.

På botnen ligg ein ærfugl, vikla fast i lina, drukna.
Ein hummar kjempar for livet, fanga i eit garn.

Fredrik må ofte skjere laus dyr.
I djupet ei natt finn han ein småflekka raudhai.
Midt i eigen dødskamp, fanga og strupa i garnrestar, legg haien egg.
Fredrik kuttar henne laus, akkurat i tide, før siste sprell.
Ho blir verande rett under han i fleire minutt, søkjer til lyset frå dykkerlykta, før ho forsvinn vidare i natta.
I fjorden tek dagen derpå aldri slutt. Havet verkar utømmeleg for søppel. Fredrik plukkar ølboksar og vinflasker.
Og hentar opp ni tomme sjampanjekjølarar.
Men i Oslofjorden finst og ein annan fest.
Lill Haugen tar oss med på eit meir lystig nachspiel.
Ho er fleire gonger noregsmeister med kamera under vatn.
Gjennom 15 år har Lill tatt bilete inst i Oslofjorden.
Om det går an å elske ein slik fjord?
– Ja, seier Lill, for kven skulle tru at det finst englar her?
Ho forelska seg i livet under vatn då ho studerte i Australia. Ho dykka i verdas største og mest artsrike korallrev, Great Barrier Reef, no kritisk råka og halvert av varmare hav.
Australske forskarar slo alarm: Korallane døyr.
Ein ny rapport om krisa for verdas største tropiske korallrev får merksemd.
For nær ti år sidan dykka ho i Indonesia. Der, i eitt av dei best bevarte korallreva i verda, gjekk alvoret opp for henne om kor havet er på veg.
Ho svømte rett på ein fisk som bæsja ei grønleg remse plast og tok dette biletet:
Plastpose på verdas djupaste plass
«Mer enn 4800 mennesker har vært på jordas høyeste punkt, Mount Everest. Oppunder 600 mennesker har besøkt verdensrommet, og 12 har endog spasert på månen. Men bare fire personer har vært innom det stedet her på kloden som ligger dypest, Marianegropen.»
Det fortel professor Anne Sverdrup-Thygeson i boka «På naturens skuldre»
Ein av desse var Victor Vescovo.
Ingen har vore djupare i havet enn den pensjonerte marineoffiseren i april 2019, i det såkalla Challengerdjupet, på 10.927 meter i Marianegropa.
The Guardian skreiv:
«On the deepest dive ever made by a human inside a submarine, a Texas investor found something he could have found in the gutter of nearly any street in the world: litter.»
Ifølgje Store norske leksikon fann han ein plastpose.
Bildekk-forureing drep stillehavslaks:
Amerikanske forskarar meiner dei har påvist at forureining frå bildekk utgjer ein dødeleg miks for coho-laks på vestkysten av USA. Eit kjemikalie i bildekk som skyllar inn i elvar får skulda. Studien blei publisert i vinter.
Slitasje fra bildekk er største kjelda til mikroplast i Noreg.
Kvart år hamnar 5000 tonn med partiklar frå bildekk i naturen.
Ifølgje WWF hamnar 15 tonn plast i havet kvart eineste minutt.
Totalt rommar havet omtrent 100 millionar tonn plast.
Lill jobbar i Kystverket med beredskap mot akutt forureining. Ho ser dei heimlege farvatna endre og forverre seg.
Oslofjorden er som ein miniatyr av globale utfordringar.
Men det finst ei anna og uverkeleg verd under betongjungelen.
Vinter og haust, i periodar med lite regn, dykkar Lill og ser Oslofjorden på sitt blåaste og friskaste.
Med ei blomeeng av knalloransje sjønellikar.

Eit mangfold av liv, der ein skulle tru at ingen fisk kunne bu.

Med rosa flyndrer -

- og fluorescerande begerkorallar.

Og så nachspielet utanfor den gamle ferjekaia ved Hurum.

Lill duvar i overflata, ser ein paringsdans i den mørke fjorden. Dei er nærast gjennomsiktige.

Engel og djevel i same skapning, med vengjer og horn. Sjøenglar på engelsk. Kvalåte på norsk. Ein vengjesnigel, ein art sårbar for snikande forsuring i fjord og hav.
Ho fangar sjøenglane på det mest intime.
Kjærleiken lever, tenkjer ho, i nokre fjordar på lånt tid.
Lill meiner vi kan bremse og snu utviklinga, om det skjer no.
Ved delar av kysten har blålyset blinka lenge.
Kva skjer?






Dødeleg cocktail
Langs delar av kysten blir vatnet meir grumsete og mørkare.
Det skuldast ein cocktail av menneskeleg påverknad:
Overfiske.
Overfiske skapte ørken under vatn.
Endra klima, varme og meir regn.
Flommande elvar som ruskar med seg jordrestar og næringssalt frå landbruk og industri, skog og utmark.
Med i cocktailen høyrer nokre stader avløp og utslepp frå oppdrett, og sikkert eit og anna sugerør i plast.
Cocktailen legg seg på toppen av eit varmare og surare hav.
Alt blandar seg i ein havstraum med allereie grumsete, mørkt vatn frå Austersjøen.
I denne cocktailen med grumsete, dårleg vatn trivst dei slimete trådalgane.

Dette ekle ugraset veks og legg seg som brungrøne, rotnande, kvelande algeteppe over tareskogen.

Tareskogen vår.
Han som er med å lage oksygenet vi pustar inn.
Han som lagrar klimagassen CO₂ og vernar oss mot ein varmare klode.

Cocktailen stel livsviktig sollys, ikkje berre frå tareskogen, men alle fiskane og dyra som lever der.
Berre på ein tarestilk kan det leve fem tusen innbyggjarar.
Som mellom andre spøkelseskrepsane.






Alle desse treng lyset for å skaffe seg mat.
Mesteparten av tareskogen vekke ved Skagerrak
Tareskog i heile verda blir fortrengt av slamhaldige trådalgar.
Forskarar skildrar trådalgane som ein tragedie for tareskogen.
Sjøplantane utgjer eit betydeleg lager av klimagassen CO₂, beskyttar oss mot ein varm klode, vernar mot stormflo og bølgjer.
Tareskog, tang og enger av sjøgras lagar oksygen, som vi og pustar inn. Her bur dyra, det er barnehagen til mange kystfiskeslaga våre, her finn dei mat.
Berre på ein kvadratmeter tareskog kan det leve 100.000 innbyggjarar.
Sjøgrasenger, ålegras, nær land langs kysten vår er og hardt pressa av utbygging i strandsonene.
Ålegras er mellom dei mest produktive plantane i havet.
Om lag 30 prosent av strandsonene er i bruk til bygningar, veg, jarnbane eller dyrka mark.
Vi veit ikkje kor mykje som har gått tapt i Noreg, men i Sverige og Danmark er 40-60 prosent redusert.
Ålegraset er utsett for overgjødsling og det stadig mørkare kystvatnet. Fleire enger er nedslamma. Overgrodde, slik som her, ikkje langt frå Lindesnes.
NIVA spør om det er ein naturtype i forfall.
Hetebølgjer i havet er fordobla sidan 80-talet.
Desse er berykta for å bleike og ødeleggje korallrev, men er òg farlege for tareskog.
Tareskogane er som skapt for kaldt farvatn og dominerer 25 prosent av verdas kystlinje.
Vippepunktet for kva tareskogane toler av oppvarming, varierer.
Langs kysten nordover er tareskogen i ferd med å snu til det betre.
Overfiske av torsk og steinbit på 70-talet gjorde at kråkebollane åt opp tareskogen - og lèt etter seg seg ein marin ørken.
No reiser skogen seg, ironisk nok fordi kråkebollane slit i varmare vatn, samtidig som dei blir spist av fleire krabbar.
Her kan du lære meir om sjøplantane våre, dei blå skogane.
Også internasjonalt får fenomenet merksemd:
«It’s called coastal darkening, and scientists are just beginning to explore it.»
Kjelder:
Blå skog uka, NIVA, IPPC-rapport
Men ein skapning diggar det mørkare vatnet.
Han toler ikkje dagslys og er sjølvlysande.
Han er utan hjerne, hjartelaus og væpna med giftige tentaklar.
Mørkets fyrste – kronemaneten – blømer i fleire fjordar.






Der fisken treng lys for å sjå og jakte, fangar Mørkets fyrste maten i blinde.
Forskarane trur manetane kan bli vinnarar i økosystema - og herske i fjordane i framtida.
Men Mørkets fyrste har ein listig utfordrar.
Han luktar salt og snusar opp gruveslam og korallar.
Han kjem glidande gjennom vatnet, som ei vaktbikkje med lommelykt, svømmeføter og kamera.






Mannen som blei til ein svamp
Erling Svensen har dykka gjennom eit halvt hundreår. Han har brukt tre år av livet under vatn.
Erling har til og med fått ein svamp han oppdaga oppkalla etter seg; «Polymastia svenseni.»
Svampane, fetrane til dei fjongare korallane, filtrerer vatn og rensar havet for bakteriar og virus.
Erling kjenner på kroppen at kystvatnet vinterstid blir varmare. Det kjem sjeldan under fem grader lenger.
Han uroar seg over framande artar, som år for år invaderer kysten.
Han har dokumentert nær tusen artar i ei to kilo tung bok om dyrelivet i havet.
No har han bestemt seg for å bruke resten av livet i kamp for den blå planeten.
Han rullar kvilelaus med bubilen til stadig nye farvatn og utsette kyststrok.
Berre ein dryg halvtime frå heimbyen Egersund luktar han gruveslam.
Jøssingfjord, Rogaland:
Gjennom fleire tiår blei det dumpa tonnevis med gruveavfall i denne vesle fjordtarmen. Framleis får gruveselskapet sleppe ureint vatn frå drifta i sjøen.
Men gruveslammet blir i dag dumpa på land:






Natur og botnliv vende tilbake i Jøssingfjord under ti år etter at dei slutta å dumpe gruveavfall her, ifølgje konsulentar og rapportar.
«Etter opphør i virksomheten forventes det at dyrelivet vil bli gjenopprettet i løpet av ganske få år. Erfaringer fra andre gruveområder hvor sjødeponering har vært praktisert, viser at gjenoppretting kan skje innen noen år etter opphør i deponeringen (erfaringer fra Rupert Inlet i Kanada (3-5 år)3 og Jøssingfjorden (<10 år)4).»
Jøssingfjord blei òg trekt fram som døme før myndigheitene sa ja til å lagre gruveavfall i Førdefjorden.
Men Erling kan ikkje tru at Jøssingfjord hentar seg inn slik.
Fleire gongar, over mange år, har han dokumentert forholda der.
Då han drar for å sjekke igjen, har det gått nær 35 år sidan sjølve fjorden blei brukt som lagringsplass for gruveavfallet.
Erling tar bilete på fleire ulike plassar.
Gjennom det grøne lyset ser han ein botn dekka av slam og partiklar.
Han fangar snev av liv, mellom svevestøvet.
Ingen tareskog å gøyme seg i.

Sukkertaren blir dekka til.

Ein rognkjeks lyser opp i den gråbrune verda.

Sjøstjerna jaktar på næring på ein stein dekka av partiklar.

– Det er det verste eg har sett, seier Erling, om naturen i Jøssingfjord.
For nokre år sidan varsla han òg Havforskningsinstituttet.
Dei rykka ut med eit skip. Teamet av forskarar fann lite oksygen på botnen av Jøssingfjord.
Dei såg bakteriematter kle grunnen i fjorden. Bakteriane lever av sulfid og metan, som lek ut av ein havbotn av gruveslam.
Dei påpeika at det tar svært lang tid, mykje lenger enn ti år, før naturen tar fjorden tilbake, og dei fråråda dumping i Førdefjorden.
Skjerpar krava for utsleppa
Miljødirektoratet har beskrive tilstanden som god i Jøssingfjord.
Det samme har forskarar, som har undersøkt fjorden på vegner av gruveselskapet.
Men i vinter vedtok Miljødirektoratet å skjerpe utsleppskrava og justere løyvet for gruvedrifta ved Jøssingfjord.
Det for å nå målet om å restaurere sjøbotnen og ein god tilstand i fjorden.
Miljømyndigheitene påpeikar at sjødeponeringa frå gruvedrifta blei avslutta i 1994 og skriv:
«Likevel er det fortsatt store utslipp av finstoff frå gruvedriften (suspendert stoff), som i hovudsak kommer med dreneringsvannet frå dagbruddet.»
Sidan 1994 har massane blitt deponert på land. Dette skriv Miljødirektoratet om lekkasjane:
«Utlekkingen frå deponiet medfører at Titania bidrar med landets største enkeltutslipp av nikkel til vann. Årlig nikkelutslipp til alle resipienter har ligget mellom 2,5 og 3,9 tonn de siste fem årene (totalutslippet av nikkel til vann i Noreg var 5,6 tonn i 2019..»
Dei listar og opp ei rekkje andre tungmetall.
Utslepp går og til andre vassførekomstar.
Resultata av overvaking av vatnet i 2017-2019 viser at Jøssingfjord ikkje vil kunne oppnå god tilstand innan dei fristane som er sett:
«uten en betydelig reduksjon av pågående utslipp. Det gjelder spesielt utslipp av suspendert stoff og nikkel fra gruvedriften, og utlekking av nikkel fra de eldre deponiene ved Sandbekk.»
Gruveselskapet er pålagt å greie ut «diffuse utslepp.»
Ifølgje Miljødirektoratet viser undersøkingane, som blir gjort kvart tredje år, forbetring av bunnforholda i fjorden over tid:
«Den siste rapporten fra NIVA (2018) konkluderer med at tilstanden er god, med høyt artsmangfold, ved samtlige stasjoner som overvåkes. Samtidig viste bunnfaunaen indikasjoner på forstyrrelser innerst i fjorden, noe som er antatt å skyldes en kombinasjon av dagens utslipp og tidligere deponerte masser. Observasjoner viser at sjøbunnen fortsatt er sterkt preget av gruveslam, noe som må antas å ha sammenheng med mengden av nytt slam som tilføres med utslipp fra gruva.»
Førdefjorden – Vestland:
Erling forsvinn i djupet, medan Førdefjorden enno er seg sjølv.
Her er det gitt løyve til å dumpe millonar av tonn med gruveavfall.
Han ser ein rein og frisk fjordbotn.
Ein stim med sei passerer kaia, der avfallet etter planen skal skipast ut.
Under fjellet der gruvedrifta skal skje, finst eit yrande liv med sjøroser, sukkertare og sjøpiggsvin.
Fjorden husar òg ein truga art som blålange. Dessutan finst her gytefelt for sårbar kysttorsk.
Ein veit for lite om kva effekt gruveavfall har på fisk.
Noreg er i «gruveselskap» med berre fire andre land i verda, som slepp gruveavfall i sjøen:
Papua Ny-Guinea, Tyrkia, Indonesia og Chile.
No seier Indonesia nei til fleire. Chile vil òg slutte.
Naturvernforbundet: Noreg har fem av verdas elleve sjødeponi
Fem av verdas 11 gruver med sjøen som lagringsplass for avfall ligg i Noreg, ifølgje Mads Løkeland-Stai i Naturvernforbundet si oversikt.
I tillegg har vi planar om tre til.
Løkeland-Stai har over fleire år kartlagt utbreiing av sjødeponi i verda. Kartet over er basert på hans eige kart. Han er med i Naturvernforbundet sitt gruveutvalg.
Mellom kjeldene han byggjer på er International Maritime Organization si oversikt.
NIVA skriv på sine sider:
Erling ber folk sjå til Jøssingfjorden, om dei lurer på kva som kan skje med Førdefjorden.
Selskapet som vil drive gruve der, meiner dei to fjordane ikkje kan samanliknast.
Nordic Mining meiner ifølgje BT at samanlikninga er misvisande: Dei grunngjev det med at Jøssingfjord er grunnare og framleis blir påverka av gruvevatn og overflatevatn frå eit deponi på land.
Erling synest myndigheitene bør seie ærleg og beint fram at Noreg spanderer fjordar til gruvedrift.
– Dei blir kvelte og kanskje aldri som før.
I ein annan fjord, lenger nord, strammar eit anna reip seg.
Syng kvalen siste verset?
Audun Rikardsen kjenner det gynge kraftig under føtene. Ein brå bevegelse frå kvalen vil få båten til å tippe.
I lyset frå hovudlykta ser han ein duvande skugge, kvalen, baksande for livet, like under vasskorpa.
Han er kjend for spektakulære hopp. No maktar knølkvalen knapt å kare seg opp for å puste.
Kystvakta har kome for å hjelpe, etter å ha redda ein annan kval, ein annan stad.
– Han prøvar å kome seg opp heile tida, ropar Audun.
Kvalen har vore borti båten hans.
– Men han er heilt roleg og skjønar kva vi held på med!
– Om vi klarer å kutte den lykkja rundt han, så trur eg han er laus, seier Audun.






Djevelsk kor stramt tauet sit mot huda, tenkjer Audun, han kjem ikkje nok til med kniven.
Kulden gneg på fingertuppane hans.
– Det er så jævlig kaldt.
– Det ser ikkje ut som vi har ein sjanse.
Kystvakta tar over, medan Audun senkar kameraet i vassoverflata, igjen. No for å dokumentere dramaet.
Som naturfotograf har han vunne dei gjevaste prisane som finst med bilete så vakre at folk hengjer dei på veggen.
Det biletet han tar no, er ikkje til pynt.
Det gule tauet kveilar seg rundt kvalauget.
Dette er jo det beste og viktigaste biletet eg nokon gong har tatt, tenkjer han.
Kvalforskaren veit kva kjempene betyr for samanhengane i havet.
Dei ruvar i toppen av næringskjeda.
Kvalane pumpar ut næringsstoff, jern og nitrogen, og skapar meir liv. Og for dei minste, planteplankton. Sikringskost i havet. Dei som lagar mykje av oksygenet på jorda.
Knølkval spreier næringa der ho trengst mest. Han beitar i matrike nordlege farvatn, medan han kalvar og tissar i sørlege, varme hav med mindre mat - nær tusen liter i døgnet.
Audun merka ein knølkval som vandra frå Troms til Karibia, den lengste reisa dokumentert for kval nokon gong.
I Kaldfjorden går ei reise mot slutten.
Kvalen som syng vakkert
Desse kvalane er kjende for å synge og prate svært variert, særlig i paringstida og når dei jaktar mat.
Dei viser kvarandre veg i havet, over tusenvis av kilometer.
Knølkvalane var tidlegare trua av overfangst.
Det er kjent at mange kvalar mistar livet ved å vikle seg fast i fiskereiskap og kollidere med båtar.
Samtidig har knølkvalen vist å tilpasse seg endringar i havet med ein breiare diett.
Gjennomsnittslengda til vaksne dyr er 15-17 meter og vekta er opp til 30 tonn.
Kjelde: Vinterkval
Det er midt på natta.
– Vi har prøvd lenge. I fem timar, fortvilar Audun.
Han skal opp tidleg neste morgon, til ein jobb på universitetet, og må sette kursen heim.
Han driv bort til kvalen, ein siste gong.
– Håpar du klarer deg til i morgon, ropar han.
Audun er redd kvalen syng siste verset.
Trygt i land prøver han å ringe sambuaren, fortelje at han er på veg.
Men nettet er dødt.






Det største fotavtrykket
Erling Svensen svingar ned mot sjøen lengst sør i Noreg. Frå bubilen ser han verket det går gjetord om, verdshav over:
Betongkolossen stuper ned i sjøen. Fem og ein halv meter under overflata botnar verdas største undervassrestaurant – Under.
Erling har bytta våtdrakt med dress. Endeleg har han selskap av kona under vatn.
Saman feirar dei hennar 60-årsdag.
Snart får dei ein smakebit av ei mogleg redningsoppskrift for hav og menneske, ting og tang dei aldri har ete før.
Gjennom fleire tiår har Erling sett det bli mindre fisk langs kysten.
– Generelt kan ein seie at vi i dag i gjennomsnitt brukar minst fem gongar så mykje fiskekraft (diesel, tid og motorkraft) på å fiske samme mengde fisk som for 100 år sidan, seier forskar Even Moland.
Følgjande artiklar kan brukast som støtte for dette:
Og
The effects of 118 years of industrial fishing on UK bottom trawl fisheries | Nature Communications
– Eg ser det alle stader eg dykkar. Spesielt færre store fiskar. Tragisk.
Det skjer over store delar av verda. Overfiske. Det største fotavtrykket i eit hav med sviktande helse.
93 prosent av fiskebestandane er anten maksimalt utnytta eller overfiska
33 prosent er overfiske, 70 maks utnytta.
Det ifølgje Naturpanelets (IPBES) rapport:
The Global assesment report on Biodiversity and ecosystems services.
Dei rangerer fiske som det avtrykket med størst påverknad. Dei skriv:
- «In marine systems, fishing has had the most impact on biodiversity (target species, non-target species and habitats) in the past 50 years alongside other significant drivers (well established).»
Den neste store påverknaden:
- «The direct driver with the second highest relative impact on the oceans is the many changes in the uses of the sea and coastal land (well established).»
Og så nemner dei klima, som ein akselererande risikofaktor, i sampel med dei andre påverknadane på havet.
Dei framhevar og at ein tredjedel av fangstane frå verdas hav er ulovlege.
Ranet skjer òg i våre farvatn. Om lag 5 prosent blir aldri rapportert, ifølgje Nofima, matforskingsinstituttet.
DN har tidlegare skrive om ulovleg fiske for hundrevis av millionar kroner.
Noreg har vore med på fiskeunotane. Vi fiska til dømes lenge så hardt på silda at bestanden var på samanbrotets rand.
«Rundt 1970 ble det brått klart for forskerne og fiskerne at vi hadde fisket opp nesten all sild som fantes i Norskehavet. Det var bare 0,0001 prosent av silda igjen
... hvor lite er 0,0001 prosent av silda igjen? Jo, hvis det var en million sild i Norskehavet, så var det nesten bare en sild igjen,» heiter det i boka, «Utrolige historier fra havet», av Erling Svensen og Henning Røed.
Kysttorsken vår er framleis sårbar, og vi er skulda for ikkje fiske miljøvenleg nok på fleire artar.
Frå 26. april risikerer Noreg å miste miljøsertifikatet (MSC) for det kystnære fisket etter torsk (vandrande skrei) og hyse. Årsaka er at fiskeria får for mykje bifangst av sårbar og truga kysttorsk og uer.
Ifølgje Fiskeribladet kan 80 prosent av all torsk som blir tatt av norske fiskarar miste miljømerket.
Marine Stewardship Council (MSC) er det største miljømerkingsprogrammet for villfanga fisk i verda.
Frå før har vi mista sertifiseringa for vårgytande sild og kolmule og makrell.
Dette skuldast at landa ikkje klarer å bli samde om ein felles kvote som ikkje overskrid internasjonale anbefalingar.
På samme tid må menneska bruke havet endå meir for å løyse dei store utfordringane på kloden:
Som ikkje minst mat til ei svulmande befolkning.
Med eit regulert fiske har Noreg ry som ein av verdas mest fornuftige fiskerinasjonar.
Sjømaten vår reiser verda over.
Like ved Erling og kona sit eit par som har floge eins ærend frå New York, svidd av titusenvis av kroner for å lande eit bordsete med noko heilt spesielt attåt:
Her stirer dei rett gjennom eit kjempevindauge - eit nyvaska utsnitt av det vidgjetne, friske havet.
Ein stim med sei klumpar seg rett utanfor.
– No skjer det noko, seier Erling, vaktbikkja ensar teiknet.
Gjestane reiser seg, servitørar og kokkar spring til, klistrar seg til havets storskjerm:
Ei reality-scene frå undervassverda utspelar seg. Ein sel svømmer forbi, leikar seg med seien.
Er gjestane meir uheldige, får dei kanskje sjå ein bleikfeit mann svømme forbi, naken.
Lenger ute i havet og djupare nede finst det gjestane frå Amerika aldri får sjå:
Sikk-sakk-mønsteret du ser her, kjem av botntråling etter fisk og skaldyr.
Dørene på trålen pløyer seg ned i havbotnen. Bit for bit.
Trålposen sopar med seg fisk og dyr, nokre som bifangst, andre blir forstyrra.






Sjøfjær og anemonar blir meia vekk. Det tar årevis før det oppreiste botnlivet er tilbake.
Kartet viser korleis dei norske havområda blei botntråla frå 2011 og fram til i dag.
Botntråling fører til klimagassutslepp like store som heile flytrafikken i verda, ifølgje berekningar gjort etter ein ny studie.
Kan spare verda for store CO₂-utslepp
Studien blei nyleg publisert av Nature.
Dei har rekna ut at utsleppa frå botntråling rundt om i verda kan svare til utsleppa frå den globale luftfarten.
Det er avisa The Guardian som har gjort samanlikninga med luftfart, for å vise kor store mengder drivhusgassar som kjem frå havbotnen når det blir tråla. Fleire andre internasjonale medier har omtala botntrålinga og studien.
Norske utslepp aukar med 50 prosent, dersom berekningane stemmer.
Havbotnen er verdas største karbonlager.
26 marinbiologar, klimaforskarar og økonomar står bak studien.
Noreg er mellom dei ti landa som kan spare verda for utslepp gjennom å avgrense trålinga.
Kina toppar med å forårsake CO₂-utslepp som følgje av tråling. Framfor Russland og Italia.
I den prisvinnande boka «The Unnatural History of the Sea», av professor Callum M. Roberts, heiter det:
«I dag finst det knapt ein flik av havbotnen som ikkje har fått kjenne på trålen.»
«Spreiinga av tråling forårsaka dei største menneskelege endringane av leveområde i havet ein nokon gong har sett, før eller seinare.»
Havforskarane blei forbausa då dei kartla havdjupa våre med dei tettaste førekomstane i verda av kaldtvasskorallar.
Dei kunne sjå grøfter, opp til halvmeteren djupe, spor etter botntråling.
Og dei avdekka fleire tusenvis av år gamle rev, rike leveområde, pulveriserte på ein augneblink.
Dei meinte at opp mot halvparten kunne vere øydelagte eller skada.
Stengt for tråling, ope for oljeleiting
18 av desse mange tusen år gamle korallreva i norske havområde, som har eit svært rikt dyreliv, er i dag stengt for botntråling. Men dei er ikkje beskytta mot oljeaktivitet.
Det har vore leiteboring ved Sularevet, eitt av verdas største og mange tusen år gammalt. Stortinget har også ganske nyleg sagt nei til å verne Trænarevet mot oljeleiting.
Korallrev langs norskekysten:
I Norskehavet ligg dei tettaste førekomstane i verda av kaldtvasskorallar.
Det største, Røstrevet utanfor Lofoten, blei oppdaga så seint som i 2002.
Forskarane trur det kan finnast over 200.000 korallrev i havet utanfor Noreg.
Kjelde: Havforskningsinstituttet
Tilbake på Under ligg ein sjøgras-taco på fatet til Erling og kona, fem typar tang, som chefen har fridykka og henta.
Verda kan, ifølgje ekspertar, hente seks gonger meir mat av havet. Då held det ikkje berre å regulere og vere før var med fisket.
Vi må utnytte meir av det som finst i havet, servere dyra som er lågare i næringskjeda.
Dei et grilla strandkrabbar, lik dei du plukka som liten.
Dei smakar olbogesnigel, seig som tyggegummi og rekna for umat, no servert i lekre sushiskiver.
Chefen fortel at lokale fiskarar har humra over påfunna hans. Han har spurt om hovudet, rogna og innmat frå fisken lange, eit toskete påfunn, kan nokon ete slikt?
Brotsjøen piskar mot vindauget på Under. Ein outsidar baksar mot straumen – ein einsleg fyr.
Snart ligg ein artsfrende av lyren på matfatet, som ein del av ein fiskepudding, ein populær rett på Michelin-menyen.
Lenger ute i Nordsjøen er det trongt om gyteplassane for fiskepuddingen og sølvet i havet.
Krysselden som kan vippe alt
Nordsjøen er det mest belasta havområdet vårt.
Vi har ikkje berre pumpa opp oljerikdomen vår herifrå:
Alle delar av Nordsjøen er påverka av menneske.
Vi veit altfor lite om den samla effekten av dette, om samspelet mellom dei massive fotavtrykka.
Kjelde: Stortingsmelding:
Forskarar er bekymra for at den samla belastninga kan utgjere eit vippepunkt for økosystema.
Fisk og dyr som allereie er under press, er ofte meir sårbare for nye påverknader og samla belastning.
På toppen av alt vi pressar i havet, kjem klimaspora.
Og langs kysten finst ein stim med oppdrettsanlegg.






Jakta på blomkål og laksemat
Erling Svensen køyrer nordover med bubilen. Han er på veg til ein heilt spesiell dykkeplass.
Han har vore der før. Ein forskarven tipsa han for nokre år sidan. Ti timar bak rattet er verd turen.
Der Nordsjøen møter Norskehavet, slepper han seg i fjorden, ned langs ein loddrett fjellvegg, skjerma frå bølgjer.
På nær 30 meter djup ved Husevågøy tar han bilete av noko som liknar ei grønsak.
Dei er kalla blomkål-korallar.
Dei er silkemjuke, vibrerer i straumen.
Erling blir sett heilt ut. Noko så vakkert.
Skogen av korallar strekkjer seg eit par kilometer, han er den største i sitt slag i Noreg.
Erling stig til overflata, overvelda av kjensler.
På land pratar han med grunneigaren og får vite at det er gitt løyve til å drive lakseoppdrett nær korallane.
Korallar trivst dårleg med oppdrettsanlegg som nabo. Både korallar og tilknytta dyreliv risikerer å forsvinne.
Det dryp framleis saltvatn av Erling. Han sit med PC-en i bubilen, lastar opp dei ferske korall–bileta og peprar myndigheitene med blomkål frå havet.
Det heile endar seinare med at anlegga blir flytta .
Blomkålen får leve i fred.
Det er ikkje gjort nokon systematisk kartlegging av botnen i fjordar og ved kyst.
Ein har difor visst lite om kor ein kan forvente å finne korallar, svampar og annan sårbar natur.
– Vi veit ikkje nok om kva vi har og mister, seier Erling.
Og kva med alt vi slepper ut?
Det finst over 1000 oppdrettsanlegg for laks og aure langs kysten:
Fiskeoppdrett slepper årleg ut meir nitrogen og fosfor enn landbruk, avløp og landbasert industri til saman.
Produksjonen av laksefisk gir i snitt eit årleg utslepp på 52.111 tonn laust nitrogen og 6885 tonn laust fosfor.
Til samanlikning: Årleg blir det sleppt ut om lag 48.000 tonn nitrogen og 2600 tonn fosfor til vatn fra jordbruk, avløp og landbasert industri.
Frå "Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2021 - risikovurdering"
I ein annan prektig fjord stuper Erling med hovudet ned i skit.
Sjølv han let seg sjokkere av synet.
Ein plass vest i Noreg:
Eit røyr går rett i fjorden.
Erling ser ei suppe av utslepp, eit fleire tusen kvadratmeter stort, dødt område med kvitflekka bakterieteppe liggande på botnen.
Her kan du lese meir om effektane av fiskeoppdrett:
Konsekvensar for vill laksefisk,effekt av lakselus, av utslepp frå anlegg, fiske og bruk av leppefisk i laksefiskeoppdrett, velferd hos oppdrettsfisk i merdane
Han sporer utsleppet frå eit oppdrettsanlegg på land.
Før han er ute av dykkerdrakta, er myndigheitene varsla.
I vinter, fire år seinare, er han attende i same fjorden, på same plassen.
Han ser nesten ikkje noko kome ute av røyra.
På botnen ser det no reinare ut, med unntak av eit område rundt røyra.
Han veit ikkje kvifor. Om det skuldast varslinga hans, eller andre ting.
– Dei reinsar i alle fall på ein annan måte no, seier han.
Men eit anna utslepp er større og større.
Eit surt oppstøyt er undervegs
Havet har svelgt klimagassutsleppa våre sidan industrialiseringa.
Det har beskytta oss mot ein varmare klode og kjøpt oss tid.
Men det vil ikkje berge oss i det uendelege.
Eit surt oppstøyt er på veg.
Havet tar opp CO₂ naturleg frå lufta og blir forsura.
Dei altfor store CO₂-utsleppa våre kjem på toppen og set fart på forsuringa.
Kalde farvatn surnar fortast. Delar av Norskehavet er blitt 30 prosent surare på tre tiår.
Kva vil den snikande forsuringa bety for livet i dei sårbare havområda?
Uvisse er kanskje svaret som verkar mest beroligande.
Kanskje ligg svaret i fortida
Kanskje fortel fortida oss litt om kva forsuringa kan føre til. Det som truleg var massive vulkanutbrot for 252 millionar år sidan leia til ei kraftig forsuring av verdshava, nemner forfattar Per Anders Todal i den kritikarroste boka Havlandet.
Ein del forskarar meiner det var med å utløyse den største masseutryddinga av liv på jorda.
«Kanskje forsvann så mykje som 90 prosent av alle artar i denne utryddinga», skriv Todal.
Ein del artar vil meistre eit surare hav. For andre kan livet bli meir enn surt.
Eit hav stappa med CO₂ gjer at dyr og algar treng meir energi for å byggje husa sine, skal og skjelett.
Fiskeyngel og dyr tidleg i livet er spesielt utsette. Det betyr at torskefisket kan bli redusert i framtida.
Vengjesnigelen, viktig mat for fisk og sjøfugl, kan hamne i trøbbel.
Skaldyr og ikkje minst dei artsrike korallreva kan vere i fare.
Svært truleg endrar forsuringa økosystema, ikkje berre i Norskehavet og Barentshavet, men alle dei nordiske havområda. Det trengst meir kunnskap om skadane forsuringa vil gjere.
Det trengs meir kunnskap om skadane forsuringa vil gjere. I stortingsmeldinga (2019-20) «Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene» heiter det:
«Påvirkningen fra klimaendringer og havforsuring kommer etter det vi vet til å øke betydelig. En hovedutfordring fremover blir samspillseffektene mellom de forventede konsekvensene av klimaendringer og havforsuring, og de mer direkte lokale og regionale effektene av menneskelig aktivitet i havområdene og langs kysten.»
Konsekvensane kan dessutan ende på matfatet vårt, ifølgje forskarar.
Dei uroar seg for at nokre giftige tungmetall vil bli frigjort meir i surare hav. Og igjen blir tatt lettare opp i alle dyr og fisken vi lever av.
Oppunder isen skapar den globale oppvarminga allereie endringar.






Dropen som skadar hjartet
Erling Svensen har mønstra på eit forskingsskip i det skjøre Polhavet.
Ingen stader skjer klimaendringane raskare.
Erling jaktar ein krabat som kan bidra til å velte om stort hav. Han er berre nokre centimeter stor, iskanten er svær.
Det er nesten umogleg å fange han med kamera.
Erling legg seg på magen oppunder den arktiske isen. Dei 1,7 minusgradane kostar krefter.
Han tviheld på kameraet for ikkje å miste det i djupet. Der, i eit lite holrom, ser han noko sølvglinsande.
Erling vrir seg rundt i isvatnet for å komme nærmare. Han kjenner kroppen brenne, fordi vatnet er så sviande kaldt.
Han er ikkje som polartorsken han jaktar, utstyrt med ei frostvæske i blodet som gjer han robust i ekstrem kulde.
Han bit likevel frosten i seg, ser polartorsken rett i det store auget. Der står han, skrinn i fiskeskinnet, gøymd i isen.
Polartorsken er viktig mat for anna fisk, sjøfugl, sel og kval.
Han er rekna for ein nøkkelart i Barentshavet.
Han kan få dominobrikkene til å velte, økosystem til å endre seg, om han blir borte.
Den vesle polarhelten bur i eit hus som risikerer å smelte, i eit stadig varmare arktisk hav.
Han set òg liv til verda under isen, som beskyttar egga mot både bølgjer og svoltne fiendar.
Med mindre havis om vinteren slit han med å formeire seg. Varmare hav om sommaren gjer det vanskeleg å finne mat og vekse opp.
Varmen skyv fleire artar nordover og lengre inn i Barentshavet. Blant desse rovfisken skreien – ein glupsk trussel.
Polartorsken kan støyte på endå ein fare ved den hardt pressa iskanten.
Olje mot natur
Polartorsken er i sentrum av ein dramatisk maktkamp.
I nord smeltar isen i rekordfart og havomådet vert opna opp. Industrien håpar å finne olje og gass, samtidig som naturen her er blant dei mest sårbare i verda.
Våren 2020 teikna politikarane den såkalla iskanten inn på kartet på nytt: Iskanten setter grensa for kvar ein kan leite etter olje. Fleirtalet av norske politikarar bestemte seg då for å trasse dei miljøfaglege råda om kvar grensa for oljeleitinga skal gå, og teikna han inn lenger nord enn det råda sa.
Dei miljøfaglege råda kom melllom anna frå Havforskninginstituttet, Norsk Polarinstitutt og Miljødirektoratet.
Her aukar skipstrafikken og oljeleitinga. Det gøymer seg truleg store mengder olje og gass på botnen i Barentshavet.
Industrien drøymer om kjempefunn.
Som babyfisk toler ikkje polartorsken mange oljedropane.
Sjølv små oljesøl vil gjere sjansen hans til å overleve dårleg.
Hjartet blir alvorleg skada.
Men òg sjølve leitinga etter oljedropane kan råke fiskar og dyr.






Kanonskota som skremmer dyra
Lyden av seismikk følgjer der Noreg luktar olje.
I jakta på oljen skyt vi med luftkanon mot havbotnen, sender lydbølgjer gjennom havet.






For dyrelivet brakar det som torevêr når vi fyrer laus med luftkanon.
Dei naturlege lydane i havet er det viktigaste verktøyet både fiskane og sjøpattedyra har.
Dei lever i eit lydlandskap:
Orienterer seg med lydane, finn mat og unngår å bli etne.
Pratar med kvarandre og finn kjærast.
Samstundes bombarderer vi havet med bråk. Lydforureininga har dobla seg tiår for tiår. Med aukande skipsfart, militære sonarar og eksplosjonar som forstyrrar.
På toppen kjem altså støyen frå seismikken, olje- og gassleitinga.
Det skjer og i nordlege havområde, der tettleiken av dyra er størst.
I ein rapport frå 2020 påpeikar forskarar at vi gjennom alle desse åra ikkje har tatt noka form for omsyn til sjøpattedyra i reguleringa av seismikken.
Først for eit par år sidan blei dette endra.
Då kom det krav om å fyre av eit varselskot med lågare lydnivå, før ein trappar opp med fleire salvar med seismikk.
Då får dyra i alle fall ein sjanse til å stikke av - før dei blir råka og risikerer skade.
Her i landet har vi ikkje forska på kva skade og påverknad seismikken kan ha på sjøpattedyra.
Inntil nyleg har vi heller ikkje tatt innover oss internasjonal forsking.
Forskarane våre veit at lydbølgjene frå militære sonarar stressar og forstyrrar sjøpattedyra under kvile og måltid, pass av ungar og når dei kommuniserer.
Varslar strengare tiltak for å beskytte dyra
Riksrevisjonen har tidlegare påpeika mangelfull kunnskap om korleis støy påverkar sjøpattedyr. Undersøkinga frå 2019 sa og at myndigheitene sine råd ikkje omfatta dyra.
Dei anbefalte ei rådgjeving som tar omsyn til sjøpattedyra.
I ein ekspertrapport frå 2020 heiter det:
«I motsetning til andre land det er naturlig å sammenligne oss med har vi i Norge ikke hatt noe fokus på forskning på sjøpattedyr og seismikk, og inntil nylig har vi heller ikke tatt innover oss den internasjonale forskningen som foreligger (kap 2 og 4) og tatt noen form for hensyn til sjøpattedyr i reguleringen av seismikk (Sjøpattedyrutvalget 2016).»
«Etter en endring i Ressursforskriften under Petroleumsloven (Lovdata 2018) er seismikkselskap på norsk sokkel nå pliktet til å bruke soft start/ramp-up for å redusere risikoen for skade på marine pattedyr. Bakgrunnen er forskning som viser at sjøpattedyr kan skades dersom de kommer nærmere en seismisk kilde enn ca 100-1000m avhengig av hvilken kilde som brukes, og forskning som viser at ramp-up reduserer risiko for at kraftige lydkilder skader sjøpattedyr. Dette er første gang det er tatt hensyn til sjøpattedyr i regulering av seismikk i Norge.»
Miljødirektoratet leverte nyleg ein publikasjon:
Dei vil ha strengare regulering av seismikk.
Med krav om observatørar og stans eller redusert styrke i skytinga av seismikk, om dyra blir sett for nær.
Miljødirektoratet regulerer støy etter lova om forureining, men har ikkje noko med løyver til seismikk å gjere. Det tek oljedirektoratet seg av.
EU og USA har og regulert strengare enn Noreg.
Miljødirektoratet anbefaler no tiltak for å redusere skadelege effektar på marine pattedyr.
På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har dei vurdert bruk av forureiningslova for å ta omsyn til sjøpattedyra ved seismiske undersøkingar i norske farvatn.
Dei antar at seismikken skremmer likeins.
Bardekval pratar over store avstandar ved bruk av lydbølgjer i samme frekvensområde som seismikk.
Dei prøver først å overdøyve støyen med å rope høgare, oftare eller på andre frekvensar.
Om støyen aukar, gir dei til slutt opp.
Ekspertar mistenkjer at nokre stranda kvalar har blitt redde av høge lydar, skremde til å endre åtferd på ein måte som gjer at dei utviklar dykkarsjuke, strandar og døyr.
How man-made interference might cause gas bubble emboli in deep diving whales.
Det er observert at kvalar gøymer seg bak stein langs California– kysten, for å finne skugge for lydbølgjene
«Whales were trying to hide behind rocks to escape in a sound shadow when seismic surveys were being conducted along the California coast.»
Frå Antarktis til blå resept
Det siste Espen gjorde då han filma i Antarktis, var å plukke opp ein amerikansk brusboks.
Det første han gjorde før opptaka til Blue Planet 2 i Arnavågen, var å plukke opp ein haug med eingongsgrillar og anna søppel.
Først då dukka Arnarevet opp, hans eige vesle Antarktis, på grunna utanfor eit kjøpesenter, vist i ein BBC-serie som samla ein milliard sjåarar.
Han filma sjøstjerner beitande på berg av blåskjel.
I dag er blåskjela borte. Utan at nokon veit sikkert kvifor.
Espen seier at det skjer fleire ting langs kysten vår vi ikkje forstår.
Det er ikkje toppen av søppelberget i heimfjorden som plagar han mest.
Espen, som ein gong blei verdsmeister i undervassfoto, ser færre og færre kyst– og havområde kor dyr lever normalt og oppfører seg naturleg.
Han trur det skuldast for lite vern av naturen.
– Noreg er flaut dårleg på vern, meiner Espen.
Sterke bevis for at vern verkar
Strengt vern ein effektiv kur, ifølgje havforskarar.
Vern sikrar at naturen kjem først og kan bety nei til aktivitet som kan sette økosystem i fare.
Havforskningsinstituttet viser til at både Naturpanelet (IPBES) det internasjonale havpanelet anbefaler eit sterkt vern for å redusere og verne mot menneskeleg påverknad av havet.
«Det finnes sterke bevis og vitenskapelige argumenterfor at opprettelse av godt håndhevede, helt- eller strengt vernede MPA, som inkluderer 30–40 % av viktige marine habitat, vil bevare biologisk mangfold, øke biomasse og tetthet av marine arter og styrke motstandskraft i marine økosystemer. Marint vern kan også styrke fiskerier, beskytte kystområder og gi økosystemer økt motstandskraft i møte med effektene av klimaendringer».
Åtvarar mot papir-vern
I delrapportar har havpanelet tatt til orde for 30 prosent vern av havområda.
– Om ikkje blir planane ad hoc og ineffektive, som vi har sett i marine verneområde som er "papir-parkar". Desse er merka som verna på karta, noko dei i praksis ikkje er, skreiv vår eigen statsminister.
Havpanelet utgjer 14 statar som til saman har 30 prosent av verdas kystlinjer og 30 prosent av verdas økonomiske havsoner. 240 forskarar og ekspertar har skaffa ny kunnskap.
Gjennom FN støtta Noreg intensjonen om å verne ti prosent av havet innan 2020.
Det er vrient å få nøyaktig tal på kor mykje hav Noreg faktisk vernar.
Reknar ein med havområda vi rår over, viser fleire kjelder at det er rundt ein - 1 - prosent.
Protected planet si oversikt fortel at Noreg har verna 1,5 prosent av havområda sine, mot 17 prosent på land.
Dette seier nokre andre kjelder om norsk marint vern:
Mindre enn ein - 1 - prosent:
https://mpatlas.org/countries/NOR*
Ein - 1 - prosent:
https://www.fn.no/Statistikk/marine-verneomraader
«I dag er cirka 3,6 % av arealene innenfor territorialgrensen vedtatte marine verneområder.»
Ikkje noko område er totalt verna.
Samanliknar vi oss med andre nasjonar, ankrar vi nede på lista:
Prosentandel verna hav
Grafen viser verna havandel i år 2021
Kjelde: Protected planet
Både FN og havpanelet, som Noreg leiar, vil verne 30 prosent av havområda – før tiåret er omme.
Espen, som òg er marinbiolog, er klar på kva som er den blå resepten:
– Vi må slutte å unnskylde oss med at Noreg berre utgjer ein drope i havet.
Han påpeikar vi har rikdom og hav nok til å frede større område med viktige artar.
– Noreg burde gjort noko lurt: Peika ut kjerneområde for dei viktigaste artane og totalfreda desse for menneskeleg påverknad.
ERNA: – TILSTANDEN I HAVET ER VERRE ENN VI TRUDDE
Her er regjeringa sin rykande ferske verneplan:
Regjeringa går inn for eit globalt mål om at 30 prosent av havområda skal vernast innan 2030, slik Det internasjonale havpanelet har anbefalt. Regjeringa vil også gå gjennom korleis lova om vern utanfor 12 nautiske mil kan styrkast.
«Havets helsetilstand er i ein nedadgåande spiral.
Dette kan hindre menneska frå å hauste rikdommen eit sunt hav kan produsere og sette framtida vår i fare».
Det fastslo det internasjonale havpanelet i ein omfattande rapport lagt fram i desember 2020.
Vår eigen statsminister, Erna Solberg, leiar havpanelet.
– Tilstanden i havet er verre vi trudde. Havet blir varmare, surare, meir stormfullt, det stig, blir meir oksygenfattig, mindre føreseieleg og mindre motstandsdyktig, heiter det mellom anna i rapporten.
Espen traskar gjennom skogen, under ei vestlandsbru, ned til sjøen.
Han testar utstyr til eit nytt prosjekt, «Fjorden», den største kjærleiken hans - under vatn.
Han er redd fleire filmar må lagast i studio i framtida, for å bevare ein illusjon av urørt natur.
– Mange av dyra vi tar bilete av, forsvinn. Kanskje ikkje i morgon, ikkje om ti år, men pilane peikar den vegen.
Utan intakt natur, sluttar økosystem å fungere, heilskapen forvitrar.
– Vi må slutte å tru at vi er fråkobla naturen.
Han kjem opp frå testdykket under brua. Målet var å filme pittesmå krepsdyr.
Men han får større fangst:
Kilovis med bly, fiskeslukar.






Sluttrekninga
Døyr han? Kjem han seg laus frå tauet? Tankane plagar Audun.
Han skulle ha vore ute på fjorden og redda kvalen som sit fast.
Men han sit i ein sal på universitetet og leiar ein doktorgrad-disputas – om kval.
Audun må berre sende ei tekstmelding. Han unnskyldar seg med at han prøver å lose ein redningsoperasjon.
Han har lånt vekk båten til mannskap frå Tromsø brann og redning, i håp om at dei og Kystvakta bergar kvalen.
Midtfjords studerer redningsfolka ei teikning av kvalen, med forklaring frå Audun om korleis han sit fast.
Ein ung redningsdykkar, som aldri har dykka med kval før, får oppdraget med å frigjere han.
Han hoppar uti, svømmer roleg bort til kvalen, prøver å skjere han fri med ein kabelkuttar.






Kvalen blir panisk.
«Kva skjer no», spør redningsdykkaren seg, han tenkjer på eigen tryggleik, og kvalen.
Han ser at kvalen ikkje sit fast i eit tau, ikkje i ein straumkabel:
Det er ein internettkabel.
Han held kvalen, som i eit strupetak.
Kabelen veg fleire tonn, han er fem kilometer lang og skulle ha vore på havbotnen, graven ned, på nær 200 meter.
Ingen veit korleis han blei surra rundt kvalen.
Redningsdykkaren maktar ikkje å kutte kabelen, sjølv om han allereie verkar svekka, kanskje i ferd med å ryke.
Han treng skarpare utstyr og svømmer for å hente ei handsag.
Redningsdykkaren blir liggande i overflata. Brått skjer det:
Kvalen riv seg laus i kaoset.
Han kjem opp, bles ut og trekkjer luft i vasskorpa.
Han er fri, etter å ha vore fanga i over eit døgn.
Så glir han sakte utover, ned i djupet.
Audun får godmeldinga. Han slår seg ikkje til ro. Han hadde sett blodet renne frå kvalkjeften og mistenkjer at bardane, som han et med, er alvorleg skada.
Han dreg ut i båt og søkjer etter kvalen, utan å få kontakt. Har sendaren dei festa på han, ramla av?






På dag to er Audun i lufta med fly, langt til havs. Men kvalen er som sporlaust vekke.
Audun er redd han døyr av skadane. Kvalen kom til fjords for å ete seg feit på sild, no kan han svelte ihel eller stryke med av utmatting.
Samstundes er heimbygda og to andre lokalsamfunn utan mobil og internett - heilt til reservesambandet blir kobla på etter eit par døgn.
Nokre dagar seinare får Audun og Tromsø brann og redning samme eposten. Avsendar er leverandøren av den gule internettkabelen.
Dei skriv:
«Hadde vi blitt kontaktet i forkant ville vi selvfølgelig ha prøvd å redde både hvalen og kabelen, men vi fikk ikke denne muligheten og sitter med regninga og oppryddingsjobben.»
Firmaet viser til ei rekning på 1,5 millioner kroner.
«Vi er villig til å diskutere en deling av kostnader dersom ingen forsikringsdekning finnes.»
Audun lirer av seg ramsalte gloser for seg sjølv. Litt rolegare skriv han på Facebook:
«Det var helt umulig for oss å vite at dette var en nettkabel og ikke et tau som tilhørte fiskeredskaper.»
Audun spør:
«Og hva så, skulle vi la kvalen pines til døde når den søkte hjelp fra oss?»
Etterord
Audun og dottera Saga (4) sit i fjæra nedanfor huset. Det har gått fem år sidan redningsdramaet med kvalen der ute i fjorden.
Han betalte aldri på millionrekninga for kabelen. Firmaet måtte sjølv punge ut.
– Eg hadde gjort det igjen, sjølv om eg hadde visst at det var ein internettkabel.
Han håpar historia og bileta aukar folks bevisstheit.
Han blir stille ei stund.
Han treng visst å ta fleire slike bilete, seier han, som det av internettkvalen.
Han uroar seg for prisen vi må betale for alt vi gjer med havet vårt.
– Alt er i endring, og vi veit for lite om summen av presset, seier naturfotografen, som og er professor i arktisk og marin biologi.
Audun trur vi snur oss for seint og viser for lite omsorg til å stoppe eller forseinke endringane i havet.
– Eg er pessimist, men eg trur på den komande generasjonen. Studentane mine forstår og bryr seg meir, seier han.
Saga byksar ned i sjøkanten. Ho har med seg bytte og håv.
– Pappa, sjå den store tangen, seier ho og løfter han opp.
Tangloppene pilar, ho ler ein trillande latter.
Dei finn ein strandkrabbe, pappa Audun held krabben, ho hyler av skrekkblanda fryd.
– Hugsar du kva dette er, spør han og held fram eit lite skjel.
– Olbogesnigel, seier ho, kjapt.
– Eg håpar vi ser ei lita forskarspire her, seier Audun.
Håpet snur ivrig kvar fjærestein ho kjem over.
Les meir om «Blålys for havet»: Slik laga vi saka og dette er kjeldene våre.