Marte Olsen held opp reddikar på glas

MILJØ: Motivasjonen til at Marte Olsen driv gard på Dokka er miljø, klima, og sjølvbergingsaspektet. Ho ynskjer å vere eit bidrag til ei betre verd.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Prosjekt sjølvberga

Alle grønsakene skulle vere sjølvdyrka. All anna mat skulle vere norsk. I eitt år. Kunne Marte klare det?

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Året er 2019.

Marte Olsen (28) frå Oslo bur på eit småbruk på Dokka.

På den gamle garden hadde ho dyrka nok grønsaker til at også andre kunne få nyte godt av det.

Men, i desember var det slutt. Ho var tom for eigne grønsaker.

Ho tenkte «Hallo, dette går jo ikkje», og la ein plan:

Neste år skulle ho køyre det fullt ut og leve på berre eigne grønsaker i eit heilt år.

Der ingen skulle tru

Marte er brennande opptatt av miljø, klima og sjølvberging. I seks år budde ho på eit småbruk i Østmarka i Oslo, før ho i 2019 flytta til Dokka i Nordre Land der ho visste ho hadde gode sjansar for å få seg jobb.

Ho flytta for å få meir plass rundt seg, og meir fulldyrka jord, og kort tid etter kjøpte ho eit småbruk for 1,75 millionar kroner.

Der det før berre var gras vart det småskala grønsakproduksjon, og Marte starta for fullt med andelslandbruk under gardsnamnet Markedshagen på Dokka.

Marte Olsen med hønene

GARD: Markedshagen på Dokka ligg på vestsida av Randsfjorden i Nordre Land kommune i Innlandet, og er ein stad ein absolutt ikkje tilfeldigvis køyrer forbi.

Katten Sirius Svart er alltid med Marte Olsen

DYRELIV: Medan Marte jobba på garden gjekk fire høner, to hanar og to kattar fritt på tunet. Ho har også ein hund. Katten Sirius Svart er alltid med, også i åkeren.

Hane og katt

SLAKTAST? Marte hadde to hanar: – Eg fekk med to hanar for eg skulle eigentleg slakte den eine og ete den, men eg klarer ikkje no. No har eg blitt så glad i dei.

Marte er imot at mykje av maten me et i Noreg er importert, og er for at mat skal kunne kjøpast lokalt. Difor hadde ho eit slags sjølvbergingsprosjekt også i 2019 der ho levde på mat berre frå Oppland i ein månad.

I mai 2020 fortalde ho at prosjektet hennar denne gongen ikkje berre gjekk ut på at ho skulle dyrke sine eigne grønsaker. I tillegg skulle andre varer som kjøt, fisk og meieriprodukt kjøpast mest mogleg lokalt.

Med erfaringa frå 2019-prosjektet trudde ho at ho skulle klare seg utan varer som sjokolade, avokado, kokosmjølk og kaffi.

– Eg får lage mine eigne tear av bringebær, mjødurt og av det som veks rundt her. Eg kan lage kombucha, fermentert te.

Ho fortalde at ho i april hadde tappa sevje frå bjørketre for å lage bjørkesirup, og då hadde ho sukker dersom ho ville ha det.

Og Marte hadde fleire planar.

Ho stilte seg opp på ein jordflekk og sa at her skulle det bli ein sjølvbergingshage på 300 kvadrat, altså 10 gonger 30 meter.

Litt tilfeldig skulle ho også få låne ein hest, og denne skulle få gjødsle, og deretter ville ho gjere klar beda. Komposten skulle ho få frå bønder i nærleiken, og noko skulle ho kjøpe frå Mjøsanlegget.

– Eg trur jo det at ein kan vere sjølvberga, iallfall deler av året, på ganske små flekkar. Når eg på 15 kvadrat kan dyrke over 3000 gulrøter, så er det ganske bra.

Men var ho i rute?

Marte Olsen i åkeren som skal bli grønsaker ho skal overleve på i eitt år

SJØLVBERGINGSÅKER: Med å avgrense området kunne Marte også utforske kor stort areal ho trong for å produsere dei grønsakene ho skulle ete.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Mykje å gjere

Det kunne verke som om Marte hadde det travelt.

Mellom lydane av fuglesong, ein hane som gol, og nokre høner som trippa av garde på tunet, kunne ein høyre ei metallrive som vart dradd over jord.

Marte Olsen i åkeren

UTVIDA: Med støtte frå Innovasjon Norge til småskala grønsaksdyrking kunne Marte i 2020 utvide både med fleire bed og med drivhus. Planen hennar var då å på sikt kunne leve av inntektene frå garden.

Såmaskina nesten klar

SÅMASKIN: Marte brukar verken store maskiner eller kunstgjødsel på garden. I tillegg til å ha levert grønsaker til andelsbrukarar, har Marte brukt å selje grønsaker gjennom REKO-ringen.

Marte Olsen med såmaskin

LOKAL INTERESSE: At andelsbruk og kjøp direkte frå bonden er populært trur Marte handlar om at mange ynskjer å kome nærmare matproduksjonen, å få kontakt med maten, at ein veit korleis den er laga.

Prinsippet med å drive marknadshage er å dyrke veldig mange forskjellige grønsaker, og i 2020 skulle Marte dyrke heile 48 ulike sortar. Dette skulle bli nok mat til 30 personar som hadde kjøpt ein andel i bruket hennar det året.

Sjølvbergingsåkeren hennar skulle også pløyast, eit drivhus skulle monterast, og grønsakene stod enno inne i stova hennar.

Marte Olsen i stova si

DRIVHUS INNE: Matplantene hadde fått plass i stova i mangel på drivhus. Seks heimelaga hyller med fire etasjar kvar var fulle av planter. Snart skulle dei få komme ut i jord og i drivhus. Dette skulle bli mat både til andelsbrukarane og Marte.

Det spirer og gror i stova til Marte Olsen

PLANTER: Det blei dyrka paprika, chili, tomat, sellerirot, stangselleri, rosenkål, grønkål, vårlauk, lauk, kvitlauk, aubergine, knutekål, bladbete, purre, blomkål, brokkoli, salatar, spinat, ruccola, gulrøter, raudbetar, neper og reddikar.

Marte Olsen vatnar matplantene sine

VATNA MANUELT: Å leve heilt sjølvberga, utan import, er ikkje mogleg. Sjølv om Marte helst skulle ha dyrka med berre norske frø var ikkje dette mogleg med det store mangfaldet ho ville ha. Difor måtte importerte frø bli brukt.

Marte skulle få noko hjelp av andelsbrukarane på dugnad, og hadde to som jobba deltid på garden, men ville ho ha nok tid til sitt eige prosjekt?

Kan me klare oss?

Det Marte driv med er det truleg ein del som drøymer om. Ifølge Finn.no har det i åra 2017 til og med 2020 blitt gjort i gjennomsnitt 578 000 søk etter «småbruk» på deira portalar årleg.

Søket er som regel på topp-ti-lista, saman med blant anna sofa og hagemøblar.

– Dei siste fem åra har det vore nesten 3 millionar søk etter småbruk på Finn, seier Adéle Cappelen Blystad som er senior kommunikasjonsrådgjevar i Finn.no.

Å få jord under neglene var også i vinden våren 2020, for då var det slik at nordmenn ville dyrke sin eigen mat. Salet av settepoteter auka med 80 prosent, og frøsalet dobla seg.

Settepotet

EIGNE POTETER: Settepotetene fekk stå og spire inne hjå Marte.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Men, sjølv om mange kanskje er opptatte av kvar maten kjem frå, er under førti prosent av kaloriane me et i Noreg produserte her i landet. Det seier ernæringsfysiolog Helle Margrete Meltzer.

Helle Margrete Meltzer

FORSKAR: Ernæringsfysiolog Helle Margrete Meltzer er forskingssjef ved Område smittevern, miljø og helse ved Folkehelseinstituttet.

Foto: FHI

Ho meiner det er tragisk at me i Noreg har begynt å importere potet, brød, kjøt og ost, sjølv om me kunne vore sjølvforsynte med desse produkta. Å vere sjølvberga i Noreg meiner ho er mogleg.

– Avokado og mange av dei importerte grønsakene og frukta me får i dag kan me sjå på som luksusvarer som har kome til dei siste 10–30 åra fordi internasjonal handel har auka.

– Så seint som på 70-talet var paprika ein eksotisk grønsak, og knapt nokon hadde høyrt om kiwi. Me klarte oss veldig bra før desse eksotiske produkta kom på marknaden.

Derimot seier Meltzer at av luksusvarer er kaffi, te og sjokolade blant dei varene som har vore importert lengst i Noreg, i meir enn 200 år.

– Det er kanskje det me hadde sakna mest om me skulle levd utelukkande på norske råvarer.

Men, kva med Marte? Ville ho klare seg utan luksusvarer?

Nokre endringar

Me møtte Marte i mai 2020, og me møtte ho att i august same år. Då hadde grønsakene blitt planta ut og det bogna over i åkrane. Marte tok med seg ein kniv og fann fram ei grøn kasse. Reddikane skulle haustast.

HAUSTA: Planen for augustdagen var å hauste reddikar og konservere desse.

Marte Olsen tar opp reddik frå åkeren

LAGRAST: For å kunne lagre grønsaker over vinteren, valde Marte å både fermentere, sylte og fryse ned mykje av det ho hausta.

Marte Olsen med reddikane ho har hausta.

JORD TIL MUNN: Rett nedanfor hus og låve fekk Marte hausta det meste ho trong.

Marte Olsen går over bakkane med ei kasse i hendene.

TIL HUSET: Det var framleis mykje jord som vert brukt til gras på garden.

På jorda gjekk det to hestar, men ei høne og ein hane mangla.

– Den eine høna halta veldig og hadde det ikkje heilt bra med å leve. Det var betre å la ho få sleppe. Etter ho forsvann vart det totalt kaos i flokkstrukturen, og eg måtte slakte ein hane.

Gulrot

MAT: Marte tok ei gulrot frå åkeren, tørka lett av den, og tok ein bit.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Alt i august, ved prosjektstart, kunne Marte fortelje at alt ikkje hadde gått heilt etter planen. Ho innrømte at planane hennar kanskje var litt i overkant ambisiøse.

Koronaen gjorde at då det var planlagt at to skulle arbeide på garden, vart det berre ein. Å få montert drivhuset tok lang tid, fleire veker, og ho fekk hjelp frå både nær familie og andelsbrukarane for å få sett det opp.

Den 300 kvadratmeter store sjølvbergingshagen den lånte hesten skulle få gjødsla vart aldri klar, og Marte rakk heller aldri å sette poteter.

Overskotet frå marknadshagen fekk bli maten hennar, og med det var planen for det neste året å likevel vere sjølvberga.

– Det er veldig mykje grønsaker her i marknadshagen. Det er også veldig mange grønsaker eg ikkje får selt, anten fordi at det er for mykje på ein gong, eller fordi at noko kanskje har små skavankar. Då har eg valt å ta det sjølv, så eg trur i grunnen at det skal vere nok.

Lov med kakao og kaffi

I drivhuset denne dagen var også den jamgamle kjærasten til Marte, Ole, som då budde i Oslo og jobba som sjukepleiar på Ullevål sjukehus. Han stelte med nokre tomatar, og pila ut i det fotografen kom.

Drivhuset til Marte Olsen på Dokka

SKIP? Drivhuset vart montert i løpet av sommaren, og det ser ut som eit skip snudd opp-ned.

Marte Olsen i drivhuset sitt.

HØGT: Det er høgt under taket og god plass. Bærebjelkane er laga i heiltre.

Tomater i drivhuset til Marte Olsen.

TOMATER: Det meste grodde alt godt i drivhuset.

Marte Olsen i drivhuset sitt.

DYRKAR: Her kunne Marte allereie dyrke alt frå chili til agurk.

Marte Olsen tar seg ei gulrot i ved drivhuset sitt.

GULROT: Marte knaska gjerne ferske gulrøter i tida då sjølvbergingsprosjektet hennar starta.

Medan Marte gjekk attende til huset fortalde ho korleis dei i løpet av hausten skulle utvide marknadshagen. Personleg skulle ho foredle så mykje mat som mogleg.

Vel inne på kjøkkenet var ho plutseleg i gang med å vaske reddikane.

Marte Olsen på kjøkkenet.

REINGJORDE: Først blei reddikane vaska.

Marte Olsen kuttar opp reddikar.

KUTTA: Deretter blei dei kutta opp. Endar, eller delar av reddikane som er harde å kutte vart ikkje mat.

Fermentering av reddikar på gang.

KOKTE OPP: Medan Marte kutta, kokte ho også opp vatn og salt som skulle bli til fermenteringslake.

Oppkutta reddikar

MYKJE: Nokre reddikar skulle også frysast ned.

Tømmer lake over reddikar på glas.

HEILT OPP: Heilt til topps med lake måtte det. Minst mogleg luft. Luft kan gjere at maten lettare blir dårleg.

I prosessen sa ho at ho aksepterte at nokre matvarer var importert, likevel. Krydder til dømes, og kakao. Og kaffi. Stikk motsett av korleis ho hadde planar om å gjere for berre nokre månader sidan.

– Kvar går den grensa på kva som er ein grønsak og ikkje? Eg trur kanskje kakao skal vere lov i løpet av dette året, kakao og kaffi.

Endringa kunne ha noko med at kjærasten Ole hadde planar om å flytte til Dokka i september.

– Eg må vise litt omsyn til han også. Eg trur eg må tone det litt ned for å få han med på prosjektet.

Reddik 550g 2020

SKREIV PÅ: Nokre reddikar var klare til å frysast ned, og Marte skreiv på dato og innhald med ein tusj på plastposen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Marte la ein pose med reddikar i frysaren, og opna samtidig kjøleskapet. Der stod heimelaga ramslaukpesto, sauerkraut laga av spisskål frå hagen, og ripsgele laga av rips plukka hjå ei eldre dame på Dokka.

Blåbær hadde blitt plukka i skogen, og det fanst også bringebær. Eit storfehjarte skulle etast til middag, og ister, som er grisefeitt, hadde ho smelta om til smult. Det brukte ho til å steike maten i, kunne ho fortelje. Ho hadde fått ti kilo ho skulle bruke.

– Eg brukar dette dagleg som den primære feittkjelda.

Framover skulle kjellar og kjøleskap fyllast opp, men kom ho til å ha nok mat?

Sylta og fermentert mat

NOK? Marte er glad i sur mat og hadde fiksa både fermentert og sylta kål, reddikar og agurkar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Eitt år gjekk

Eitt år gjekk. Pandemien ramma også Innlandet, men ikkje prosjektet til Marte.

Ein grå augustdag i 2021 var det regn i lufta. Marte kom ut døra med ein hund som gøydde ivrig. På garden gjekk det to hestar.

HESTAR: Marte hadde fått passe to eldre hestar som hadde fått gå på garden. Hesten Skogsmann fekk ikkje gå på gras, og måtte gå under låven.

Ein av to hestar på garden til Marte Olsen i august 2021

KOS: Hesten Balder hadde fått kose seg godt på jorda til Marte.

Garden til Marte Olsen august 2021.

PLASS: God plass til både dyr og grøne vekstar på garden.

Nokre dyr mangla. Den eine katten var omplassert fordi sambuaren Ole er allergisk, og hønene var der ikkje lenger.

– Dei er oppetne. Rett og slett fordi at dei hadde byrja å legge veldig lite egg. Eg synest ikkje dei hadde det varmt nok der dei var. Me ville ikkje pine dei gjennom ein vinter til, så me åt dei.

I drivhuset grodde grønsakene som berre det.

Snackagurkar som har vakse på garden til Marte.

STORE: Snackagurkane vaks godt i drivhuset.

Marte Olsen i drivhuset august 2021

HAUSTAR: Her kunne Marte hauste eksotisk frukt og grønt.

Det spirer og gror i drivhuset.

MODNA: Paprikaen var på veg til å modne.

Grønne tomater i drivhuset til Marte Olsen.

TOMATER: Desse tomatene skulle få henge litt lenger.

Marte Olsen i drivhuset sitt i august 2021.

AGURK: Dei gule agurkane hang høgt.

God avling i drivhuset.

GULE: Gul agurk klar til matbordet.

Men korleis hadde prosjektet gått?

– Mykje av det same

Marte tenkte attende til august og september 2020. Ole flytta inn og fekk seg jobb på sjukeheim og ein omsorgsbustad på Dokka. Dei to hausta mykje av overskotet frå marknadshagen.

Skilt med påskrifta rødløk i åkeren til Marte Olsen.

SKILTA: Det var færre andelsbrukarar på garden til Marte i 2021, og dei måtte hente grønsakene sjølv.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det viste seg å vere smart, for det vart alltid litt overskot. Til dømes var det plutseleg slik at ingen andelsbrukarar ville ha bønner.

Ho fortel dei produserte rundt 50 kilogram bønner på 20 meter bed. Dei hadde også mykje lauk, kvitlauk, brokkoli, kinakål, tomatar, purrelauk, squash, agurk og salatar.

I oktober kom frosten, og det var ikkje lenger mogleg å hauste ferske grønsaker. Nokre grønsaker heldt seg likevel bra fordi dei var lagra i jordkjellaren. Dessutan kom nedfrosne blåbær, solbær, bringebær og molter godt med.

– Eg har oppdaga at ein kanskje ikkje har sånn kjempestort behov for variasjon i grønsaker til middag. Spesielt om ein lagar enkel husmannskost, eller enkle pastarettar.

Marte Olsen

SÅG ATTENDE: Marte fortalde korleis det hadde gått i sjølvbergingsåret.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Grønsaker vart kokt og most saman med kraft og vart brukt i sausar og supper. Dei åt mykje kålrot og gulrøter, både rå, kokte og steikte. Gulrøter gjekk dei tom for rundt jul.

– Det var litt kjedeleg, for det er ein grønsak eg brukar mykje.

I desember gjekk det ofte i wok. Bønner og grønkål vart steikt saman med smult og krydder. I januar vart det stadig laga kraftsupper med bønner i, og det byrja å bli tomt for lauk. Det vart laga omelett med grønsaker og kjøtrettar med steikt brokkoli til.

– Det har gått i mykje av det same.

Fekk avsmak på «alt»

Kjærasten Ole som vart sambuar vart med på prosjektet, i og med at han åt det som vart laga til middag. Det sa Marte var utfordrande.

– Sambuaren min er ikkje så glad i den maten. Han var litt lei bønner og brokkoli etter kvart. Eg trur han hadde veldig lyst til at me skulle lage annan mat.

Ole, sambuaren til Marte Olsen, sit i åkeren.

MED: Kjærast og sambuaren til Marte, Ole, vart med på prosjektet om å berre ete grønsakene dei kunne hauste på garden.

Foto: Marte Olsen / Privat

Og Ole stadfesta det Marte sa:

– Alt det du kan dyrke og leve av her blir veldig mat anno 1900, og veldig mykje fermentert, type surkål, og ting på Norgesglass.

– Eg likar mykje ultraprosessert hurtigmat og frosenpizza, så eg syntest ikkje alt var like suksess av maten, men eg skjønte at det var meir kjernesunt for meg.

Dei to klarte seg lenge, men Marte innrømde at i februar 2021 gjekk ikkje prosjektet lenger. Marte hadde blitt gravid.

– Eg fekk veldig avsmak på alt som heiter «vanleg mat», og eg orka ikkje å ete nokon ting.

Marte Olsen er gravid.

GRAVID: Marte vart gravid og måtte gi opp sjølvbergingsprosjektet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

På butikken vart det kjøpt bananar, eple, og frisk frukt.

– Det var det som ville ned. Det var deileg med noko friskt, men eg var så innstilt fram til då, at no et eg berre dei tinga eg har i frysaren. Det var eigentleg ikkje noko stort problem.

– Det var kanskje nokon gonger ein tenkte det ville vore deileg å lage taco, og gå på butikken og kjøpe frisk salat. Det er heilt klart at eg har tenkt på det.

Meiner ein ville klart det

I kjellaren til Marte var det i august 2021 lite lys, men nok lagringsplass. Sjølv om fleire av hyllene var tomme, var framleis frysaren full, og det var fleire glas med fermentert og sylta mat igjen.

Marte Olsen har framleis vellagra grønsaker att i august 2021.

FERMENTERT: Skal det vere nokre fermenterte grønsaker? Her er nokre glas frå 2020.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ernæringsfysiolog Helle Margrete Meltzer forstår at Marte gav opp sjølvbergingsprosjektet då ho vart gravid, men seier at reint fagleg sett hadde ikkje Marte trengt å droppe prosjektet:

– I mine augo, med ernæringsfysiolog-briller på, har Marte levd supersunt. Også til å komme gjennom ein graviditet med alle dei næringsstoffa barn treng.

Ole seier det «fysisk sett» hadde vore mogleg å fortsette med prosjektet:

– Me kunne tvunge det igjennom, men det hadde ikkje ført til kjempegod livskvalitet trur eg.

Marte har også trua på at ho kunne klart det om ho prøvde igjen:

– Det gjekk ikkje denne gongen, men så gjekk det jo ganske lenge. Kanskje ein heller skal fokusere på at ein klarte det faktisk i over eit halvt år.

Ho understrekar at det var sju månader ho klarte å halde ut:

– Viss ein blir nøydd til dette av ein eller annan grunn, så klarer ein det. Då klarer alle det.

Og du, kanskje du lurer på korleis det gjekk med Marte og Ole som komande foreldre?

I september fekk dei to ei lita jente. Ho heiter Vilje.

Grønsakene er godt lagra av Marte Olsen.

GLAS PÅ GLAS: Fleire glas med fermenterte og sylta grønsaker står att.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Interessert i meir om sjølvberging? Sjå denne dokumentaren i NRK TV:

Tre skeptiske tenåringer, én nølende ektemann, 40 kuldegrader med null salt, koffein eller sukker. Suzanne utfordrer familien til ett års sjølberging.

SJÅ DOKUMENTAR: Tre skeptiske tenåringar, éin nølande ektemann, 40 kuldegrader med null salt, koffein eller sukker. Suzanne utfordrar familien til eitt års sjølvberging.

Eller sjå denne dokumentaren:

John og Molly flyttar ut på landet for å drive eit økologisk småbruk. Men snart oppdagar dei at jordbruk i pakt med naturen ikkje er så enkelt. Amerikansk dokumentar.

SJÅ DOKUMENTAR: John og Molly flyttar ut på landet for å drive eit økologisk småbruk. Men snart oppdagar dei at jordbruk i pakt med naturen ikkje er så enkelt.

Eller denne:

Kunstnerparet ønsker å leve et mer klimanøytralt liv. På veien må de ta dyptgripende valg som truer hele familiens fundament.

SJÅ DOKUMENTAR: Kunstnarparet ynskjer å leve eit meir klimanøytralt liv. På vegen må dei ta djuptgripande val som truar heile familiens fundament.

Hei!

Har du noko på hjarta? Noko du lurer på om saka? Eller har du kanskje eit tips til ei sak eg burde sjå på? 

Eg har tidlegare skrive om at Øyvind lagar pustemusikk, om at det tok ti månader før Tyra fekk parkert mikrohuset sitt, og har saman med kollegaer skrive saka Kulturen på låven. Du er kanskje også interessert i å lese saka Michel er klar for dommedag.

Eg tar gjerne imot tips til gode tema og saker eg bør lage!