Hopp til innhold

Lakseemballasje på asiatiske strender til sjenanse for regjeringa

Noreg er «tydeleg til stades» under forhandlingane om ein global plastavtale. I mellomtida er vi også tydeleg til stades på asiatiske strender.

Sorteringssenteret på øya Koh Samui

THE ANSWER IS BLOWING IN THE WIND: Eigaren av sorteringssenteret på øya, Anusit Srisra, fortel at mykje isopor blæs vekk.

Foto: WWF

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,14 °C
Les mer  om klima

Den norske regjeringa har ei klar målsetting om å vere «ein pådrivar» og «tydeleg til stades» under plastforhandlingane som skal leie fram til ein historisk plastavtale seinare i år.

Det er krevjande forhandlingar. Alt frå store plastproduserande land til stillehavsøyar druknar i plast, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Ifølge WWF bør statsråden begynne med å feie for eiga dør.

Bakgrunnen er nye bilde frå øya Koh Samui i Thailand der emballasje frå norske fiskeeksportørar ender sine dagar.

– Det er ei skam at norske selskap, som liker å verke berekraftige, bidrar til å forverre plastforsøplinga i andre land, seier generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, Karoline Andaur.

Det er ikkje thailandske avfallsarbeidarar sitt ansvar å rydde opp etter norske sjømateksportørar.

Anusit Srisra
WWF Thailand

Anusit Srisra

– Mesteparten av isoporavfallet vi samlar inn er emballasje frå norske lakseprodusentar, som kan kjennast igjen av det norske flagget, seier Anusit Srisra, som eig sorteringssenteret på øya Koh Samui i Thailand.

Sorteringssenteret på øya Koh Samui
WWF Thailand

Sorteringssenteret på øya Koh Samui

– Dessverre er det slik at mange land framleis ikkje har regelverk eller politiske verkemiddel for forsvarleg søppelhandtering, og enda mindre krav til og infrastruktur for resirkulering, seier Henrik Horjen i Sjømat Noreg.

Sorteringssenteret på øya Koh Samui
WWF Thailand

Sorteringssenteret på øya Koh Samui

Majoriteten av EPS-kassene (isopor på folkemunne) endar opp som ny plastråvare i form av resirkulert pellet, men ikkje alt.

Koh Samui
WWF Thailand

Sorteringssenteret på øya Koh Samui

– Plastforsøpling er ei global krise som krev globale tiltak, seier generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur.

Eg blir lei meg og forbanna av desse bilda

Isopor blir rekna som 100 prosent gjenvinnbart av UNEP (United Nations Environment Program), men eigaren av sorteringssenteret på øya, Anusit Srisra, fortel at mykje blir borte.

Delvis fordi vinden tar det med seg, og delvis fordi isoporen inneheld fargepigment som ikkje lèt seg prosessere i smeltemaskina.

Eg blir lei meg og forbanna av desse bilda. Det er flautt å vere norsk når desse områda flyt over av plast- og isoporemballasje med norske flagg på, seier Greenpeace-leiar Frode Pleym.

Han legg til:

Eg håpar regjeringa er like flaue, og får på plass ein omfattande og bindande global plastavtale.

Eit konservativt anslag seier at norske fiskeeksportørar produserer 65 millionar isoporkasser kvart år.

Gitt at 95 prosent av maten blir eksportert, kan vi rekne at i overkant av 60 millionar kasser blir frakta ut av landet.

Ifølge EPS-foreininga blir 80 prosent av EPS-kassene (isopor på folkemunne) resirkulert.

Carl Hjman i organisasjonen Salt som jobbar mot marin forsøpling
SALT

Carl Höjman i organisasjonen Salt, som jobbar mot marin forsøpling

– Eksport av plastprodukt til land med svake avfallssystem er ei kjempeutfordring. Her håpar vi at den globale plastavtalen vil komme med effektive rammer for produktdesign og støttefinansiering til avfallshandtering. At eit fargepigment skaper utfordringar i Thailand synleggjer kor viktig det er at produsentar av norske fiskekasser ser heile livsløpet til produkta sine.

Lars Haltbrekken
Dan Robert Larsen

Lars Haltbrekken, SV

– Det må etablerast innsamlingsordningar slik vi har i landbruket. Laksemilliardærane må tvingast til å ta hand om plastsøpla si enten ho hamnar på strendene i Noreg eller i Thailand.

Rasmus Hansson MDG
Heiko Junge / NTB

Rasmus Hansson, MDG

– I land utan søppelhandtering blir norske fiskekasser spreidde i millionar små, nesten evigvarande bitar. Norsk industri som sel sjømat må legge inn forpliktingar om å handtere sitt eige plastavfall som del av alle salsavtalar. Fleire norske sjømatbedrifter bedrifter gjer det allereie, og eg forstår ikkje kvifor ikkje alle gjer det.

Ola Elvestuen
Hallgeir Braastad / NRK

Ola Elvestuen, Venstre

– Når avfallet frå norske bedrifter skyl ut i havet i andre land, så er det dei same bedriftene sitt ansvar. På same måte som med klimautslepp, må norsk fiskerinæring ta ansvar for heile verdikjeda her. Næringa bør sette i gang med ein gong og ikkje vente krav om produsentansvar frå EU-direktivet om plastprodukt. Det kravet kjem uansett.

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond Karoline Andaur
Elin Eike Worren

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens naturfond

– Norske selskap kan og bør gå føre med eit godt eksempel og bruke miljøvennlege alternativ. Når dei ikkje gjer det, er det fordi frivillige tiltak ikkje er nok. Næringslivet treng like spelereglar, derfor treng vi å få på plass ein juridisk bindande plastavtale som forpliktar alle land til å sette i verk tiltak og stille strenge krav til næringslivet.

Lise Keilty Gulbransen Hold Noreg Rent
Nils Egil Bygdevoll

Lise Keilty Gulbransen, Hold Noreg Rent

– Ein ny global plastavtale må innehalde krav til å adressere forsøplingsrisiko frå eiga verksemd uansett materiale og same kor i verdikjeda forsøplinga skjer. Berre da vil vi lykkast i kampen mot forsøpling. Samtidig har kvart ledd i verdikjeda eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om eiga verksemd kan føre til forsøpling og førebygge denne, eventuelt rydde opp viss forsøpling likevel skjer.

Greenpeaceleder i Noreg Frode Pleym frå klimasøksmålet mot staten i 2019
Terje Pedersen

Frode Pleym, Greenpeace

– Det er bra at Noreg har som ambisjon å vere «tydeleg til stades» i forhandlingane om plastavtalen. Det skulle eigentleg berre mangle når norske lakseprodusentar dessverre er «tydeleg til stades» med plastsøppelet sitt på andre sida av jorda. Verda druknar i plast, og norske selskap er ein del av problemet. Vi kan ikkje resirkulere oss ut av den veksande plastkrisa.

Noreg gir milliardbeløp til kampen mot plastforureining i utviklingsland

– Om fargepigmentet på kassene er eit hinder for gjenbruk, er det noko vi må sjå på, seier Kristina Furnes i Grieg Seafood.

Bergensselskapet er ikkje direkte knytt til saka, men svarer på generelt grunnlag:

Vi heiar på den globale plastavtalen. Her må politikk og næringsliv dra i same retning,

Sjå fleire reaksjonar frå sjømatindustrien lengre ned.

Målet er at «Høyambisjonskoalisjonen» pluss dei mindre ambisiøse landa skal underteikne ein felles plastavtale i Busan i Sør-Korea i november.

I mellomtida skjer det ting både på nasjonalt, europeisk og globalt nivå.

  • Handelens miljøfond varsla i vinter at dei sponsar Circmar (sjå under) med 7,5 millionar kroner for å erstatte «dei problematiske isoporkassene» med betre gjenbruksalternativ.
  • EU varsla i april at dei strammar inn reglane for emballasje. Det nye direktivet omfattar heile verdikjedene frå produksjon, via bruk til ombruk og materialattvinning. Miljødirektoratet forventar at regelverket blir gjennomført i Noreg i løpet av 2025.
  • Til sist varslar regjeringa at Noreg skal bruke opptil 1 milliard kroner til kampen mot plastforureining i utviklingsland dei neste fire åra. Støtta er ei vidareføring av bistandsprogrammet mot plastforureining som blei etablert i 2019.

– Om det ikkje blir gjort noko no, vil plastforureining doblast dei neste tjue åra, seier utviklingsminister Tvinnereim.

Henrik Horjen
Sjømat Norge

Henrik Wiedswang Horjen, kommunikasjonssjef Sjømat Noreg

– Denne saka viser eit behov for ei betre kartlegging for å sjå på tiltak for å auke resirkuleringsgrada der det hopar seg opp. Vi vil saman med EPS-foreininga derfor ta initiativ til eit bransjesamarbeid for å ta ned risikoen for at vi skal sjå slike situasjonar framover, både for miljøet sin del, men også for å sørge for at viktige ressursar som kan brukast om att ikkje forsvinn.

Kristina Furnes kommunikasjonsdirektør i Grieg Seafood
Tom Haga

Kristina Furnes, Grieg Seafood

– Vi ser på moglegheiter for ulike typar gjenbrukbare kasser for frakt av fisk, men isoporkasser kan vere ei god løysing der dei blir resirkulerte. I dialog med sivilsamfunnet i Asia har vi lært at EPS-kasser også blir brukt om att mange stader, men denne saka viser at vi som bransje har ein jobb å gjere med å forbetre dette.

Øyvind Kråkås Firda Seafood
Firda Seafood

Øyvind Kråkås, Firda Seafood

– Plast på avvegar og generell forsøpling er eit problem vi ser. Emballasjen må vere standardisert og sertifisert, og difor ser vi at dette er målsetjingar som heile matvareindustrien må erkjenne og løyse i fellesskap.

Mounir ElMourabit Marknads og innkjøpssjef i Vartdal plast
Vartdal plast

Mounir El'Mourabit, Marknads- og innkjøpssjef i Vartdal plast

– I Europa og store delar av den industrielle verda har vi lykkast med å få på plass gode løysingar for materialgjenvinning. I Noreg har isopor ei materialgjenvinningsgrad på rundt 90 prosent, og elles i Europa er gjenvinningstala høge. Dette er også mogleg å få til i dei delane av verda som står framfor ei stor omvelting, men det krevst felles innsats og vi må dele kunnskap over landegrensene.

Espen Ramsbacher Cirmar
Cirmar

Espen Ramsbacher, Circmar

– Vi har utvikla teknologi som bidrar til eit systemskifte innan den globale sjømatnæringa frå å nytte eingongsemballasje til gjenbruksløysingar. Avgjerda i EU-parlamentet vil forhåpentleg sette fart på dette systemskiftet. Problemet er ikkje plasten i seg sjølve. Problemet er kven som tek ansvar for å halde han «i loop».

Thor Kamfjord direktør for berekraft og samfunnsansvar i Norner.
Norner

Thor Kamfjord, direktør for berekraft og samfunnsansvar i Norner

– Skal ein følge dei europeiske reglane, så vil det vere den som set produktet/emballasjen på marknaden som har ansvaret for at han blir samla inn og vunne tilbake. Det vil vere svært uheldig om europeiske produsentar ser at det er enklare og rimelegare å eksportere til land utanfor Europa, der slike krav ikkje eksisterer.

Vi ser at lett nedbrytbare produkt må vere den nye standarden

Firda Seafood driv med aureoppdrett og har hovudkontor på Byrknesøy i Gulen kommune.

Samfunnskontakt i selskapet, Øyvind Kråkås, seier at «kulturen for avfallshandtering heldigvis har betra seg».

Vi ser at lett nedbrytbare produkt må vere den nye standarden, og støttar opp om at vi må få til nye løysingar for emballasje av matvarer, seier han.

Samstundes må sjølvsagt omsyna til mattryggleik og haldbarheit vere varetekne.

I det nye lovforslaget frå EU vil det ikkje vere tillate med emballasje som det ikkje er mogleg å vinne tilbake.

Statsråden og sjømatnæringa bør diskutere om det er rimeleg at det er forskjell på krava til emballasje som blir brukt i Europa, og emballasje som europeiske bedrifter eksporterer ut av Europa, seier Thor Kamfjord, direktør for berekraft og samfunnsansvar i Norner.

Det Porsgrunn-baserte selskapet gjennomfører prosjekt i meir enn 30 land over heile verda for å akselerere ein sirkulær plastøkonomi.

Kamfjord legg til:

Plastmateriale er uvurderleg materiale når det blir brukt og handtert rett. For å lykkast med innsamling og gjenbruk, så er det meir konstruktivt med samarbeid som utviklar løysingar, enn å fordele skam og fråskrive ansvar.

Johann Olav Koss.

Johann Olav Koss

Ved å gå transportmetodane i laksebransjen nærare etter i saumane, har Circmar konkludert med at næringa har mykje å vinne på å ta i bruk smartare transportkasser. Selskapet har fått mykje merksemd fordi det er stifta av den tidlegare skøytekongen Johann Olav Koss.

gjenbruksalternativ i sjømatindustrien
Aion

Betre gjenbruksalternativ

Handelens miljøfond varsla i vinter at dei sponsar Circmar og Aion for å erstatte «dei problematiske isoporkassene» med betre gjenbruksalternativ. På bilete: gjenbruksalternativ som erstattar dei tradisjonelle trepallane.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) i Dubai under COP28
Truls Alnes Antonsen

Anne Beathe Tvinnereim, utviklingsminister

– Plastforureining er eit av dei raskast veksande miljøproblema i verda. No vidarefører vi innsatsen for å få bukt med plastforureining i utviklingsland, med opptil ein milliard kroner over fire år.

Miljødirektør Ellen Hambro

Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet

– EUs nye emballasjedirektiv vil bidra til at det blir mindre avfall, og at råvarene som blir brukte til å lage emballasjen blir utnytta lengre og betre. Det er viktig i den sirkulære økonomien.

Kanadisk flagg vaier framfor Peace Tower på Parliament Hill i Ottawa
Chris Wattie / Reuters

Ottawa, Canada

FNs miljøforsamling vedtok i 2022 å stanse plastforureining. Målet er å få på plass ein historisk plastavtale i Busan i Sør-Korea i november. Sist veke møttest landa til forhandlingar i Ottawa.

Hvordan havner egentlig kondomer, skosåler og ketsjupflasker i fjæra? Ingen vil innrømme at de kaster, men Line går under vann og under jorda for å finne svar. Når hun plutselig finner tre døde dyr på ei strand, skjønner hun at noe må gjøres. Men hva?

Les også Auka press på at laksen må reise sjøvegen

bpe8-gu_UmY