Øyvind Finsveen Blikstad lager pustemusikk

PUSTAR: Øyvind Finsveen Blikstad meiner pustemusikken han lagar kan gjere at ein blir rolegare og får betre helse dersom ein brukar den riktig.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Å meistre pusten

LILLEHAMMER (NRK): Øyvind Finsveen Blikstad brukte musikken for å kome ut av angsten. No vil han hjelpe andre, med pustemusikk.

I eit musikkstudio på Lillehammer sit komponist Øyvind og klunkar på eit elektrisk piano.

Rundt han er gitarar, piano, blåseinstrument, og store dataskjermar. Også ei gamal fiolin, og eit røyr frå eit ventilasjonsanlegg. Alt som kan lage lyd.

Med musikken 36-åringen lagar vil han få folk til å puste.

For han skulle nemleg pusten vere det som fekk han gjennom ei vanskeleg tid.

Kva med å puste?

Det byrja i 2008. Øyvind budde då i Oslo. Det var eit knapt år sidan han var ferdig med studiane. Eit prosjekt han jobba på gjekk i vasken. Øyvind tok det tungt. Han fekk angst.

Øyvind opplevde at det kunne vere utfordrande å ta trikk, og han byrja å unngå sosiale samkomer. Å få sove om kvelden opplevde han også til tider som vanskeleg.

Han måtte finne ein måte å komme seg ut av det på. Det var då han hugsa noko han hadde lært på vidaregåande, noko om pusten:

– Eg tok tak i pusteteknikk som eg hadde lært av songlæraren min på vidaregåande, og sette det i eit musikksystem.

Øyvind Finsveen Blikstad

FILMMUSIKK: Dei store skjermane er eit naudsynt verktøy når Øyvind lagar filmmusikk og pustemusikk. Alle slags instrument finst i lydstudioet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Hjelpte seg sjølv

Øyvind laga musikk som hadde ei fast tid for å puste inn og ei fast tid for å puste ut.

– Eg laga musikk for å få kontroll over pusten, få kontroll over mi eiga psykiske helse. Eg laga meg på ein måte min eigen smertestillande.

Han seier musikken gjorde underverk.

– I dei situasjonane som eg ikkje klarte å takle på eiga hand, så blei det til at viss eg hadde med meg pusten, så klarte eg å takle det. Det var noko eg vart medviten om, og implementerte i kvardagen, og så trengde eg ikkje pustemusikken meir.

Øyvind kom seg over kneika, la musikken på ein harddisk og gøymte den bort i ei skuff. Men, seinare skulle han forstå at andre trengde musikken.

Øyvind Finsveen Blikstad lager pustemusikk.

TAR OPP: Øyvind Finsveen Blikstad har alltid med seg ein lydopptakar. I eitt av pustemusikkspora har han med lyden av traner, som han tok opp midt på natta i Trysil.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Pust som jobb

På Consensio behandlingssenter på Aker Brygge er også pusten i fokus. Anette Aarsland jobbar som pusterettleiar, og det var dette som skulle få Øyvind til å ta kontakt med ho.

Anette er pusteekspert, men det var opera det byrja med.

I 12 år studerte Anette til å bli operasongar og songpedagog. Først på musikkonservatoriet i Kristiansand, og så i Roma, New York, Milano og London.

Då var ho 25 år endra livet seg. Han ho budde med i London, som ho trudde skulle fri, gjorde det slutt. Han sa ho måtte reise med ein einaste gong.

I nesten to år hadde ho ein alvorleg kjærleikssorg som gjorde at ho grein og grein. Ho song også mykje, og mista stemma.

Ho var rådvill.

Då ho kom over ein pusteekspert i London som heitte Dinah Harris endra alt seg.

– Frå den augneblinken har eg vore heilt hekta på pust, seier Anette.

Harris var tidlegare operasongar og hadde, saman med bror sin som var øre-nase-hals-spesialist, utvikla ein teknikk som hjelpte menneske som hadde operert vekk knutar på stemmebanda.

Harris lærte Anette korleis ho skulle puste, og det enda med at pust vart jobben til Anette.

Martine Sogn-Larssen ligg på ein benk for å lære pusteteknikk av Anette Aarsland.

PUSTEJOBB: I tillegg til å ha klientar ein-til-ein, har Anette Aarsland fleire pustekor, held kurs for bedrifter, og ho har lagt opp eit utdanningsløp for andre som vil bli pusterettleiarar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det friske pustet

I 2012 tok Øyvind pustemusikken fram igjen. Han hadde sett det var mange som sleit med noko av det same han hadde slite med. Dei treng å puste, tenkte han, og lét nokon av dei han kjente få prøve musikken.

Dei opplevde at det gjorde dei godt. Men, heller ikkje då skulle Øyvind få gitt ut musikken.

Øyvind Finsveen Blikstad

MIKSAR: Det å ha mange forskjellige instrument tilgjengeleg gjer det lett å eksperimentere seg fram til den rette lyden. Øyvind brukar det han kallar «umusikalske» lydar i alle produksjonar han gjer.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Først i 2015 gav Øyvind ut ein puste-EP under tittelen «5 stille moments». Han tok kontakt med fleire for å høyre om pustemusikken var noko dei kunne bruke.

I desember same året tok Øyvind kontakt med Anette Aarsland.

– Øyvind sende ein e-post og spurte om han kunne få lov til å komponere musikk til mine øvingar, og eg tenkte «herre min hatt», det er fantastisk, seier Anette.

Ho svarte med ein gong, at det kunne han.

Ein knapp månad etter tok Øyvind toget til Oslo frå Lillehammer, og fekk møtt Anette. Dei snakka om musikken, han fekk lære nokre pusteteknikkar, og dei snakka om forskjellige rytmar og tempo ein kunne puste i.

På toget på veg heim vart låten «Vagus sleep» til.

– Anette lurte på om eg kunne lage fem sekund utpust og fem sekund innpust, fordi det var ein ny rapport som hadde kome som handla om at for å stimulere vagusnerva best mogleg, så var det ein veldig effektiv måte, seier Øyvind.

– Og så trengde eg kanskje å sove då, seier han.

Klientane lærer

I behandlingsrommet til Anette ber ho om at Martine Sogn-Larssen skal legge seg på ein benk. Ho seier Martine skal puste ut.

Medan Martine gjer det, høyrast ein lang lyd av bokstaven «Ssssss». Deretter lukkar ho munnen, og pustar roleg inn gjennom nasen.

Anette trykker Martine på brystpartiet, og studerer magen hennar medan den utvidar seg medan ho pustar inn.

– Nydeleg, seier Anette.

Martine Sogn-Larssen ligg på ein benk for å lære pusteteknikk av Anette Aarsland.

OPPMERKSAM: Anette Aarsland har lokale på Consensio behandlingssenter på Aker Brygge i Oslo. Medan Martine pustar ut føl Anette nøye med på magen hennar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Martine er 19 år. Ho har vore aktiv på ski, men måtte gi seg fordi ho har astma. Det er ikkje uvanleg at ho får tre anfall i veka, gjerne om natta. Ho slit med å sovne om kveldane.

– Eg har nesten aldri ein klient meir enn tre gonger, for i løpet av tre gonger, viss ein øver sjølv, så klarer ein å endre tilstanden sin sjølv, seier Anette.

Fokus på diafragma

I boka «Pusten, hvordan puste deg trygg, sunn og avslappa» som Anette Aarsland har skrive saman med Nina Hanssen, går dei inn på kva pusten kan gjere med ein.

Anette seier diafragma, altså mellomgolvet, er den viktigaste pustemuskelen i kroppen. Stress og vanskelege kjensler kan gjere at me sluttar å puste djupt. Pusten blir overflatisk og diafragma blir mindre rørleg. Etter kvart blir diafragma stivare og hindrar eit optimalt pustemønster.

Anette ynskjer difor fokus ein lang utpust, og å ha innpust gjennom nasen. Det handlar om å puste mindre mengder luft enn det mange gjer vanlegvis. Då fortel ein hjernen at det ikkje er grunn til å stresse, og kroppen sender ut færre stresshormon som kortisol og adrenalin. Det autonome nervesystemet kjem i balanse. Hyperventilering fører nemleg til for lite oksygen i hjernen, muskulaturen og indre organ.

Vagusnerva er også viktig. Teorien er: Grunnen til at rolege pusteøvingar er med på å stabilisere kroppen til den finn ekvilibrium, altså ein likevektstilstand, er auka aktivitet i vagusnerva.

Vagusnerva kontrollerer det parasympatiske nervesystemet, som er ein del av det autonome (ikkje viljestyrte) nervesystemet som deltar i styringa av aktiviteten i innvolsorgana.

Det parasympatiske nervesystemet blir trigga av eit langsamt pustemønster som igjen fører til avspenning.

– Viss me klarar å få ein balanse mellom sympatikus og parasympatikus, viss me klarer å vere litt meir til stades, så vil eg påstå at me vil føle oss mykje betre, ha meir energi, sove betre, ha mindre muskelspenningar, ha mindre angst, seier Anette.

Ho meiner altså at å fokusere på utpust er svaret.

– Eg trur kanskje at grunnen til at fleire ikkje gjer det, er at det høyrest for enkelt ut til å vere sant.

Vart betre

Martine har vore hjå Anette Aarsland ein gong før. Sidan då har ho øvd på pusteøvingane ho lærte. Ho seier ho har lært at ho skal puste med magen, fokusere på utpust, ikkje trekke pusten djupt, men heller fokusere på roleg og jamn utpust.

Martine synest det har fungert.

– Eg har mindre astmaplager enn eg har vanlegvis, seier Martine.

Ho får reise seg. Øvingar ståande no. Før dei set i gong må Martine kneppe opp olabuksa.

– Buksa blir for stram, så dersom du går med den heile dagen vil den hindre pusten din. Du må byrja med kjolar, du også, seier Anette og ler.

Ny øving. Martine skal puste 30 gonger gjennom nasen, kjapt, og deretter ha eit langt innpust.

Når dei gjer det byrjar Martine å le. Ho smiler også etter timen.

– Det er kanskje feil å seie at ein føler seg rein, men ein føler seg veldig opplagt, får ei indre ro. Ein føler seg litt flink også, seier Martine.

– Eg føler det har blitt betre, men det er vanskeleg å seie kva eg oppnår ved å puste betre, for det er veldig omfattande.

Martine Sogn-Larssen står oppreist og pustar. Ho lærer pusteteknikk av Anette Aarsland.

DIAFRAGMA: Pusteteknikk kan påverke diafragma (mellomgolvet), det parasympatiske nervesystemet, og vagusnerva, meiner Anette.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Blir lytta til

Ti dagar etter Øyvind møtte Anette, i 2016, gav han ut album under namnet «Breathing Cycles». Seinare har det blitt fleire album, og dei blir lytta til.

Musikken ligg mellom anna på Spotify, og i fjor hadde musikken 30 000 avspelingar.

Øyvind Finsveen Blikstad

PUST: For å lage pustemusikk brukar Øyvind også eigen pust. Dersom ein høyrer musikken med hovudtelefonar kan ein høyre at musikken, eller pusten i musikken, går inn det eine øyret, og ut det andre.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Tenk at eg har fått lov til å lage lyd, og hjelpe nokon til å kople av 30 000 gonger. Det er ikkje det at 30 000 avspelingar er så mykje, men det er 30 000 meditasjonar, eller avspenningar, seier Øyvind.

– Det er folk som brukar det. Eg legg det ut og skriv dei kan prøve den dersom dei ikkje får sove. Dagen etter får eg melding om at det funkar. For eit privilegium å få lov til å sitte og hjelpe folk i Italia å sovne, med eit pianospel i Lillehammer sine djupe skogar.

Anette skryt hemningslaust av musikken.

– Det er ein akupunktørguru i London som lovprisar musikken, og den blir høyrt blant anna i Italia og i Chile. Me håper det skal skape ei bølge, at folk skal byrja å puste til denne i heile verda, seier Anette.

Det finst fleire forskingsartiklar på pust, og i ein på forskning.no kjem det fram at pusten og pusterytmen kan påverke reinsing av hjernen.

I ein eldre artikkel frå same nettstad uttalar førstelektor Kirsten Ekerholt seg om pusten, og forklarer at måten ein pustar på kan vere ein nøkkel til å påverke spenningane som har sett seg i kroppen.

Men, korleis verkar pustemusikken eigentleg?

Kroppen tar den pusten den treng

Gunn Engelsrud er professor i helsefagvitskap og kan mykje om pusten som fenomen.

Ho har høyrt på pustemusikken før intervjuet.

Gunn Engelsrud

PUSTAR I DET FRI: Gunn Engelsrud meiner ein kan få mykje godt av å ta seg ein tur ut og trekke frisk luft.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Den er herleg å høyre på, men det kan jo vere vanskeleg å la musikken «styre» pusten. Det kan vere godt å la pusten berre gå slik den vil, medan du lyttar. Det er mange moglegheiter.

Ho kan skjøner at det er personar som kan få noko godt ut av å ta kontroll over pusten, men seier ho ikkje er tilhengar av øvingar som bygger på at pusten skal kontrollerast.

– Det å vere opptatt av kontroll i pusten kan overstyre den spontane pusten, og det å la pusten sleppe til, vere slik den er, seier Gunn.

Gunn påpeikar at pusten er tvitydig, at den er der uansett. Me er både subjektet som pustar, og den som kan gjere pusten til eit objekt, som til dømes gjennom pusteteknikkar. Ho er opptatt av at kroppen tar den pusten den treng i den situasjonen den er i. Ein kan velje å fokusere på pusten, og puste meir kontrollert.

– Så kan det verke roande. Pustemusikken, og pusteteknikkar, det er jo ein måte å kontrollere pusten på. Kontrollert pusting, viss ein likar det, og kjenner at det roar ned, så vil det ha ein positiv meining for den som likar ei slik tilnærming. Me hjelper oss sjølv med det me likar å gjere, det er viktig å hugse – pusten er i oss – ikkje i teknikken.

Kontakt viktigare enn kontroll

Gunn Engelsrud meiner at å fokusere på pusten kan gjere at ein reduserer moglegheita til å kjenne etter kva som skjer når ein byrjar å puste raskare, kjenne etter på at pusten er eit svar på den relasjonen eller situasjonen ein er i. Dersom ein vel å puste djupt som ein vane, uansett situasjon, kan det hemme den spontane pusten.

– Pusten kan også fortelje oss mykje, så ein kan ikkje gjennom alle situasjonar gå og kontrollere den, seier Gunn.

Gunn Engelsrud

PUST: Gunn Engelsrud er professor i helsefagvitskap. Kroppen tar den pusten den treng, uansett, understrekar ho.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ho meiner pusteteknikkane er veldig situasjonsbestemte til terapirommet, men at det å ta ein djup innpust er noko alle lett kan kjenne kan vere godt. Derimot meiner ho at ein ikkje kan gjere det til ein vane. Pusten svarar på situasjonar ein er i, og kontakt er viktigare enn kontroll.

At mange kan kjenne at pusteteknikkar hjelper, trur Gunn kan vere fordi pusten minner oss på om kroppen. I samtaleterapi blir det ofte ikkje tatt med at ein må tenke på kroppen og inkludere den som kunnskapskjelde.

– Kroppen og pusten har vore hierarkisk underordna det rasjonelle og det intellektuelle, så det er i grunnen at du kjem tilbake til kroppen og pusten som ein heilt basal måte å vere i verda på. Altså, det rasjonelle og intellektuelle sidene ved mennesket.

Meininga med lyden

Med pustemusikken tilgjengeleg på nett og musikktenester, er den tilgjengeleg for den som måtte ynskje det. Sjølv trur Øyvind at han alltid kjem til å halde på med lyd, og at han alltid kjem til å bruke pustemusikken.

– Eg treng å finne meininga med lyden, og i denne forma (red. anm. pustemusikkforma) er det lett å implementere ting, for ein må på ein måte gjere eit bevisst val for å høyre på det. Då er det mykje lettare å påverke med val av lydar også.

Øyvind Finsveen Blikstad

PUSTAR: I dag går det fint med Øyvind. I ny og ne tar han fram musikken og tar seg ein pust. Til jula 2019 laga han ei julelåt som han håpa kunne gi ein pust i bakken i julestresset.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Øyvind trur ikkje musikken verkar på alle, men at for dei som det fungerer for trur han det vil ha stor helsegevinst.

– Det er så utruleg mykje ein kan gjere med lyd som me ikkje veit om endå. Lyd er jo berre bevegelse av masse, og det er det me veit. Det får ting til å vibrere, du kan sette ting i system. Du kan ta ting ut av system. Om det er placeboeffekt av lyd, eller kva det er, så er placebo også ein effekt.

Han meiner musikken og pusteteknikkane gjer at ein får samla seg, og han håper at musikken han lagar kan gjere at lyttarane oppnår å vere meir til stades i kvardagen.

– Viss me klarer å få eit bevisst forhold til lyd, så trur eg at me får eit mykje betre liv. At den lyden kan gjere noko med oss, det er det ikkje tvil om.

Vil du vite meir, høyr EKKO samfunnspoden:

Sjå video:

Øyvind Finsveen Blikstad lagar pustemusikk. Anette Aarsland lærer andre å puste.

SJÅ VIDEO: Øyvind Finsveen Blikstad lagar pustemusikk. Anette Aarsland lærer andre å puste.

Prøv musikken, med innpust i fem sekund og utpust i fem (hugs hovudtelefonar):

Høyr ei julepustelåt: