Hopp til innhold

Draumebustaden på hjul vart parkeringsmareritt

Ho kjøpte mikrohuset med draumen om å flytte inn i det på Lillehammer. Å få parkere det på ei leigd tomt vart vanskeleg.

Tyra Heflo sitt mikrohus i Oslo

PÅ VENT: Mikrohuset til Tyra Heflo stod parkert hos Norske Mikrohus på Økern til august 2021. Då hadde Tyra søkt om godkjenning frå Lillehammer kommune om kva tomt ho kunne plassere huset på sidan november året før.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det har vore slitsamt og utruleg utmattande, seier Tyra Heflo (28).

Sidan november 2020 har Tyra drøymt om at mikrohuset hennar, eit hus på hjul som kan trekkast med bil når ein vil flytte, skulle kunne flyttast frå Oslo til Lillehammer. Heflo har måtte betale ned på eit lån på eit hus som ho ikkje har fått bu i, og det i ti månader.

– Problemet har ikkje vore å finne ein stad eller ein grunneigar som er villig til å leige ut tomt, men å få ein dialog med kommunen, og svar frå kommunen, slik at eg kan få tillating til å plassere det lovleg, seier Tyra Heflo.

Først i august 2021 får Tyra endeleg sjå huset komme trillande opp bakken på Lillehammer, men der det skal stå er endå ikkje heilt godkjent.

Mikrohuset til Tyra Heflo kjem trillande opp bakken på Lillehammer.

SER HUSET: – Kan det vere der dei kjem? Der kjem det ein veldig svær bil. Der kjem det! Herregud, seier Tyra Heflo.  

Foto: Roar Berntsen / NRK

– Trenden ligg framføre

Det er minst tre firma i Noreg som produserer mikrohus på hjul for sal. Desse er til dømes Tiny hjem i Moss, eller Vestfold minihus.

Firmaet som er leiande på den norske marknaden er Norske Mikrohus som held til i Oslo, som Heflo kjøpte huset sitt frå. Dei starta i 2018, og har kvart år sidan då dobla produksjonen av mikrohus. I 2022 er målet å produsere 100 mikrohus.

David Reiss-Andersen i Norske Mikrohus

PRODUSERER: Mikrosjef David Reiss-Andersen meiner trenden med mikrohus ligg framføre regelverket.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Mikrosjef David Reiss-Andersen i Norske Mikrohus seier at det har vore eit problem for mikrohus-eigarar å finne parkering.

– Førebels er det mangel på reguleringar fordi trenden ligg framføre lovverket. Kommunen veit ikkje heilt kva dei skal svare for det har ikkje vore noko nasjonalt regelverk, seier Reiss-Andersen.

Men, det kan det bli endring på no. Regjeringa ynskjer nemleg at det skal bli lettare å bu i mikrohus, og har ute på høyring at mikrohus skal få ein del unntak frå byggteknisk forskrift (TEK17) og byggesaksforskrifta (SAK10). Dersom forslaget går igjennom kan det bety at krava for mikrohus blir dei same som krava til fritidsbustad.

Mikrohus på hjul hos Norske Mikrohus i Oslo

STÅR FRITT: Mange mikrohus har forbrenningstoalett, vassdunk, og vatnet ein slepp ut er «gråvatn» frå vask, dusj og vaskemaskin. Ved bruk av miljøvenleg reingjeringsmiddel kan ein i teorien bu avtrykksfritt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

At mikrohus kan stå fritt kan vere ein av grunnane til at det er vanskeleg å få godkjent parkering av slike. Forslaget inneheld ikkje endringar rundt infrastruktur, og difor vil det vere slik som det er i dag.

Det vil seie at mikrohus som ikkje er permanent parkert, altså ikkje meir enn to år, ikkje vil ha tilknytingsplikt. Desse mikrohusa treng då ikkje å kople seg på straum, vatn, kloakk, og vegnett slik ein må med eit vanleg hus. Er huset permanent parkert er det tilknytingsplikt.

  • Fekk du med deg denne saka? Der kan du lese at stadig fleire ynskjer seg mikrohus, og at trendforskar meiner slike hus svarer til verdiane mange unge har i dag. Les meir om det her: Det unge ekteparet vil ha meir fridom

Meiner regelverket ikkje heng med

Statssekretær Heidi Nakken i Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier eitt av problema med å godkjenne parkering av mikrohus no, er nettopp om det plasserast på ei tomt mellombels eller permanent.

Heidi Nakken, statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet

PROBLEM: Statssekretær Heidi Nakken i Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier det trengst ein betre definisjon på mellombels plassering.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Ein må sjå på om ein må gjere noko i forskriftsform eller om ein kan regulere det på andre måtar, seier Nakken.

At mikrohuseigarar ynskjer å parkere eit hus utan tilknyting er også noko ho meiner ein må sjå på vidare.

– Her er det utvikling og innovasjon som gjer at regelverket ikkje heng heilt med. Det er også utfordringar på det arealmessige, og å få ting godkjent i kommunen, og det vil bli neste bolk å ta tak i, seier Nakken.

– Me må få på plass god kommunikasjon, gode rettleiarar, og sjå på om det trengst endring i plan- og bygningsloven, seier ho.

Håper på godkjenning

NRK har vore i kontakt med fleire som til no har støtt på problem når ein skal finne parkering til eit mikrohus, og det både på leigd og på eigd tomt.

Fram mot parkeringsdagen har Heflo søkt om plassering på to andre tomter, men har ikkje fått klart svar frå kommunen før ho søkte med ei tredje tomt. Ho meiner kommunen ikkje kommuniserte godt nok kva som skulle til for at ho kunne sette huset sitt på ei tomt.

Mikrohuset til Tyra Heflo blir parkert på Lillehammer

MOBILT: Mor til Tyra er med når huset parkerast. Det skal Tyra bu i medan ho jobbar på Lillehammer. Mikrohus som buform passar Tyra godt fordi ho ynskjer å leve miljøvenleg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Den lista som eg etter sju månader endeleg fekk frå planavdelinga, den burde kommunen gitt meg allereie etter fire veker. Då hadde denne prosessen vore mykje enklare, seier Heflo.

Tyra Heflo i mikrohuset sitt

NØGD: Etter månader med søknader har Tyra endeleg plassert huset sitt og kan bu i det.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

No skal Heflo bu i mikrohuset på tomta til kollegaen hennar på Lillehammer i to månader. Det har verken planavdelinga i kommunen eller naboane noko imot. No ventar Heflo berre på å få endeleg godkjenning på at huset kan stå i to år.

Gunhild Stugaard, byplansjef i Lillehammer Kommune

NYTT: Byplansjef Gunhild Stugaard seier mikrohus er nytt for Lillehammer kommune.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Byplansjef Gunhild Stugaard seier dei i Lillehammer kommune i utgangspunktet er svært positive til etablering av mikrohus og andre nye buformer.

Ho beklagar at behandling av saka til Tyra har tatt så lang tid, og seier at grunnen til dette er at mikrohus er ein ny type buform.

– Me må bruke litt tid på å finne ut korleis me skal handtere dette og finne lokasjon til slike hus. Me treng gode nasjonale føringar, seier Stugaard.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen