John Bratli
Foto: Morten Blom / privat

Landevegsterapi

Nokon irriterer seg over dei, medan andre skulle ønske dei gjorde det same. Men kven er desse syklistane som kvart år trør langs vegane for å sykle Noreg på langs?

John glir inn i mengda av turistar på Nordkapp-platået. Ingen av dei utanlandske turistane veit kva historie den svartkledde syklisten har i bagasjen. Når han sit på sykkelen er han som alle andre.

I ansiktet har han eit stort smil, men under sykkeltrøya ein stomipose.

Han tek dei siste pedaltråkka mot den berømte globusen, landemerket på platået som er punktumet for reisa. John har motbevist beskjeden frå legen. Den om at han aldri kom til å kunne sykle igjen. No er sykkelen hjelpemiddelet som gjer at han ikkje krasjar i kvardagen.

Etter 32 dagar på sykkelsetet har han lagt bak seg 2931 kilometer med landevegsterapi. På sykkeltur kan alle tankane under hjelmen sleppe fri.

John vurderer å ta nokre ekstra rundar for å bikke den magiske 3000-grensa, men lykkerusen over å ha kome til toppen av Noreg er for stor. Aldri har ei flaske med boblande innhald vore meir fortent.

Når John stig av sykkelen dreg han det venstre beinet litt etter seg. Skadane han pådrog seg som fredssoldat i Libanon er knapt synlege for andre. Rørslene kan forvekslast med gangsperre.

Han spretter flaska til eit jubelrop. På denne gråvêrsdagen i midten av juli har han trassa alle odds, og fullført sin lengste distanse så langt i livet.

Men John har ikkje berre reist til noko, men også ifrå noko. Det er fortida som jagar han framover.

John Bratli

John feirar framkomsten til Nordkapp.

Foto: Laila Pedersen / Privat

Natta då det gjekk gale

Vi spolar tida tilbake til den 19. desember i 1980 og blir med John inn på rommet i Libanon.

21-åringen frå Horten ber stolt det norske flagget på uniforma. Den unge mannen er ein av dei utvalde som har kome seg igjennom testinga og blitt sendt for å tenestegjere for Norbatt – Den norske FN-bataljonen i Libanon.

Området Norbatt dekker ligg i det søraustlege hjørnet av Libanon. John tar del i ein operasjon som er meir krevjande enn det dei fleste heime i Noreg forstår.

Verken på israelsk eller palestinsk side har dei lagt ned våpena enda. Fredssoldatane som skal fungere som eit buffer mellom stridande partar blir levande skyteskiver i krysningspunktet.

I tidsrommet frå 1978 til 1998 er det til ei kvar tid rundt 550 norske fredssoldatar i Libanon, og det er vanleg at soldatar blir skada. Totalt 21 nordmenn returnerer heim i kister i løpet av åra som Noreg deltar i UNIFIL-operasjonen.

John har nettopp vore på besøk med ein kompis på sjukehuset. Medsoldaten trakka på ei mine og har måtte amputere ein fot. Men på denne dagen, ein knapp månad etter ulykka til kameraten, er det John sin tur til å få tildelt sjukehusseng.

Denne desembernatta er det berre flaks som avgjer at John ikkje høgnar dødsstatistikken med ein person.

John Bratli ble skadet i Libanon i desember 1980

Den norske leiravisa i Libanon, Blue Beret, skreiv om John Bratli og splinten som kunne ha drepe han i 1980. John seier til avisa at han synast det er trist å måtte forlate Libanon og dei gode kameratane han har fått. Desse kameratane skal få ei viktig rolle seinare i livet hans.

Foto: Faksimile

John vaknar av granatregnet utanfor. Han reiser seg opp frå senga til spetakkelet frå granatane som treff bakken, og leitar fram røykpakka. Julaftan er like rundt hjørnet. Det er også ein svær granatsplint.

Splinten på rundt sju centimeter suser først igjennom ein tilhengar, går vidare tvers igjennom to vegger og eit skap, så treff den lysken til John og kjem ut rumpeballen hans, før den til slutt treffer kassettspelaren han har på rommet.

John har eit hol tvers igjennom seg.

Sjølv om skadane er store er han bevisst. Splinten har kutta både urinrøyret, endetarmen og ein god del nervar.

Legane klarar å berge livet hans denne natta, men krigshendinga kjem til heimsøke han resten av livet.

Splinten som traff John Bratli

Dette er splinten som gjekk tvers igjennom John. Denne fekk han seinare i gåve.

Foto: Privat

Alltid på vakt

Juli 2018. John ser på meg med eit morskt og granskande blikk. Eg har kome litt brått på. Det er to inngangar til frukostserveringa på hotellet i Alta der eg skal møte han. I store rom med mykje folk plasserer han seg alltid strategisk.

John likar ikkje at folk kan kome frå fleire retningar.

– Nokre gonger er det greitt å sitje annleis, men på nye stadar er det vanskeleg.

Libanon-veteranen fortel at han helst vil ha ryggen til ein vegg og sjå ut over folkemengda. Eg såg først ryggen hans og svinga inn på stolen framfor. Det er ikkje ein draumestart på dagen til John. Han må ha system og strategiar for å meistre kvardagen.

– I tillegg til dei fysiske utfordringane slit eg med posttraumatisk stress, angst og sinnemeistring. Det har jo med alt det som skjedde i Libanon å gjere.

Det tar litt tid før han hentar seg inn igjen, men etter nokre slurkar med kaffi smiler han og praten går lett.

Han fortel muntert om fem tidlegare sykkelturar frå Oslo til Trondheim og ein langtur frå Horten til Parga i Hellas saman med to andre Libanon-veteranar. Sykling har blitt livet, enten han gjer det aleine eller saman med andre.

– Eg kan ikkje gå på turar på grunn av skaden i hofta, men under sykling får eg blåst reint hovudet for flashbackar og slikt.

Han håpar fleire krigsveteranar som slit lar seg inspirere til å legge ut på landevege. No har han berre sjarmøretappa igjen til Nordkapp.

Ein tur han starta frå Lindesnes med stomipose framme på magen og ein 25 kilo tung henger bak på sykkelen. Heilt aleine.

Under sykling entrar han ei slags transe og kosar seg.

John Bratli

John Bratli framfor Svartisen i Nordland.

Foto: Laila Pedersen / Privat

Ein evig runddans med reparasjonar

Legane reparerer enda på dei fysiske skadane, og det har blitt mange operasjonar i løpet av 38 år.

Dei siste inngrepa bestod i å fikse på urinrøyret og få lagt ut tarmen igjen. Men dei verste skadane er dei som ikkje synest.

Det er vanskeleg for John å ta del i arbeidslivet, og han er i dag arbeidsufør. Ettersom han er både psykisk og fysisk skada har også erstatningsprosessen teke ekstra lang tid. Då er vener og støttespelarar gode å ha.

Ein som har blitt inspirert av syklinga til Libanon-veteranen er kompisen Morten Haaheim Blom.

Han var også utstasjonert i Libanon den natta John fekk eit hol tvers igjennom seg. Kompisane stod saman i eit forsøk på å skape fred mellom stridande partar, men krigen i hovudet har aldri tatt slutt.

Libanon-Veteraner sykler til Nordkapp

Morten Blom og John Bratli rett før dei legg ut på siste etappe.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Også Morten har slite i ettertid. Han har kome eins ærend med fly til Alta for å bli med på sjarmøretappen til Nordkapp. Han er ivrig etter å kome seg ut frå hotellet og ta i bruk sykkelen han har lånt av ein veteran i Finnmark.

Kameratstøtte er viktig, og då John la ut frå Lindesnes var det ikkje berre for sin eigen del. Men også for familien og dei andre Libanon-veteranane. Det meste er mogeleg dersom pågangsmotet og viljen er der. Dette gjeld same kor skada du er.

Dei to venene byrjar å snakke om alle dei andre som blei skada. Berre namnet Jarle er nok til at praten tar ein brå slutt. Han klarar dei ikkje å prate om.

Alvor og opplevingar frå krigen har skapt eit samhald som ikkje treng mange ord. Dei veit, og det er vanskeleg å gå vidare på historia om soldaten Jarle som ikkje kom levande heim.

Sjølvmedisinering i form av rus

Krigskompisen Morten har stor beundring for vala John tar. Han trur alle tidlegare soldatar har viljestyrken i ryggrada, også dei som har hamna i uføre etter teneste. Det gjeld berre å få den skrudd på.

Sjølv har Morten jobba 25 år i Forsvaret og møtt mange soldatar det ikkje har gått godt med. Han beskriv triste skjebnar der tidlegare soldatar til dømes sit aleine på barar i utlandet og drikk til dei stuper kvar dag.

– Fleire har gått rett i kjellaren og tar ingen utfordringar. Det har heller balla på seg med alkohol og rus for å meistre kvardagen.

Libanon-Veteraner sykler til Nordkapp

Morten og John rett før sjarmøretappen til Nordkapp.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Personleg anbefaler han ikkje unge folk å reise ut i krig. Erfaringar han har opparbeidd seg med å vere både støtteapparat, tidlegare soldat og kamerat med veteranar har gjort inntrykk. Han er heller ikkje fornøgd med oppfølginga mange har fått i ettertid.

Morten har jobba med å hjelpe skada soldatar i over 10 år. Han har opparbeida seg ein slags radar og går bort til dei han trur slit med hendingar frå utanlandsteneste. Ofte har dei noko til felles: krigen som har brent seg fast i minnet.

Han har stor respekt for at John fyller tida si med noko meiningsfullt.

For er det noko både Morten og John veit så er det at dei må vidare.

Det er i stille stunder minna om geriljagrupper som kjem med fullada skyts dukkar opp igjen. Det er uvissa om kompisen din som ligg på bakken er død eller levande, og uroa frå dagane då det verka som om bomberegnet ikkje skulle ta ende.

Libanon-Veteraner sykler til Nordkapp

Det er lett å sjå kva bil som tilhøyrer John. Den er stor og svart med skiltnummeret VTRAN80. Dersom du uttaler det slik John gjer på si dialekt, er det ekstra tydeleg at det uttalast veteran.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

På toppen av Noreg

John har henta fram igjen viljestyrken til den 21 år gamle Libanon-soldaten. Han med det lyse håret som retta blikket framover. På sykkelen har John funne tilbake til den han var før granatsplinten punkterte kroppen, skot blei fyrt av og la seg som eit minne i heile kroppen.

Men han har historia med seg på vegen. Som no når han har kome til Nordkapp. På følgebilen står det «VTRAN80» og den gule refleksvesten har påskrifta «på hjul med veteranar».

Det har ikkje vore heilt uproblematisk å sykle på dei norske vegane. Fleire gonger har John opplevd å bli pressa i grøfta av omsynslause sjåførar. Han har også fått spegelen til ein bubil i skuldra og nesten blitt slått ut av vegen av campingvogner i svingar.

Men han har klart det. Det gjeld å fokusere framover mot neste mål, ta dagane i etappar og ikkje gløyme kven ein er.

Men akkurat no er John der vegen sluttar for denne gong. Saman med ein av sine «brothers-in-arms» skålar han høgt med sjampanjeglaset. Han kan sette av litt tid til å vere stolt veteran før han finn ein ny veg.

Ein han aldri har sykla før.

Morten Blom og John Bratli

Som dei fleste andre turistane på Nordkapp denne dagen tok også Morten og John ein selfie.

Foto: Morten Blom / Privat

Les også: Skjebnenatt i Libanon

Les også: Når helter faller