Hopp til innhold

Politik­arane har krangla i årevis – sykkel­turen stoppar her

Eitt og eit halvt minutt til fots skil over 1000 menneske frå Førde sentrum. I nær tre år har eit steinras blokkert gang- og sykkelvegen.

Steinane fall i 2021. Sidan har kommune og fylkeskommune krangla om kven som har ansvaret for å rydde opp og rassikre.

Medan bilane durer i veg i 80 km/t like ved, er gang- og sykkelvegen framleis blokkert.

Steinatunnelen fortsatt stengt

Slik har gang- og sykkelvegen sett ut i to og et halvt år.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Mange familiar har flytta til byggefelta sør for Førdefjorden nettopp på grunn av nærleiken til sentrum. I teorien er det berre ein 15 minutts sykkeltur inn til skule, jobb, trening og kulturlivet i sykkelbyen Førde.

Sutlaust – hadde det ikkje vore for at vesle Steinatunnelen, som tek omtrent halvanna minutt å gå gjennom, har vore stengd sidan raset gjekk.

Det største hinderet i vegen, er politikarane.

Steinatunnelen fortsatt stengt

Med mindre foreldra til Petrikke Monssen og Viktoria Nilssen Strømnæss kan køyre dei til sentrum, er dei «stuck her oppe».

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Rydde først, krangle etterpå

– Hadde det vore bilar på denne vegen, hadde han vore opna for lenge sidan, seier lokalbebuar Mindor Sunde.

Han frå medhald frå generalsekretær Eline Oftedal i Syklistforeningen.

– Det er vanleg at sikring av vegane til mjuke trafikantar tek ekstremt lang tid. Vi ser at meir prestisjefylte prosjekt som store bilvegar får høgare prioritet og slukar ressursar, seier ho.

Men denne saka er ekstra pussig, synest foreininga.

– Her skulle dei berre ha rydda opp, så kunne dei krangla om kven som skal ta rekninga etterpå. Dei skuldar bebuarane sine å få sykle medan dei kranglar, i det minste.

Eline Oftedal, Sykkelforeningen

Rekninga kan ein krangle om etter at ein har sørga for at folk får sykle og gå igjen, seier generalsekretær Eline Oftedal i Syklistforeningen.

Foto: Jakob Eriksen Berhard

Leiaren fekk smake sin eigen medisin

– Vi kan ikkje ha det slik lenger, at ei heil bygd som ligg så tett inntil Førde sentrum er avhengig av motorkøyretøy, seier Jorunn Kirketeig.

Ho bur i Ulltangbakkane, eit byggefelt som ligg fem km frå sentrumskjernen. Denne veka utfordra ho samferdselsleiar Arve Helle i fylkeskommunen:

Greier han å ta seg frå den eine sida av fjellet til den andre utan bilen?

Han tok utfordringa, men måtte fort gi opp. For med mindre du vil ta årene fatt eller symje i fjorden, finst det ingen veg utan motor. Biltunnelen får ikkje mjuke trafikantar ta seg gjennom.

Steinatunnelen fortsatt stengt

Arne Kirkebø (til venstre) og Jorunn Kirketeig frå Ulltang utfordra Arve Helle (i midten) til å kome seg gjennom gangtunnelen på lovleg vis.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Helle seier forstår utolmodet til utfordrarane.

– Det har blitt litt skuggeboksing mellom kommunen og fylkeskommunen, innrømmer han.

Kva kranglar dei om?

Sykkelvegen er Sunnfjord kommune sitt ansvar. Å rydde opp og rassikre han vil koste over 10 millionar kroner.

Det er langt over budsjettet til teknisk etat.

Difor peikar kommunen på at Vestland fylkeskommune – som har ansvar for bilvegen rett ved sidan av – burde kome på bana. På mange andre fylkesvegar er det nemleg mogleg å sykle i tillegg, men det er det ikkje lagt opp til på denne strekninga.

Jenny Følling (Sp), ordførar i Sunnfjord.

Ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei diskuterer att og fram utan at det hjelper dei som bur på Kråkenes, Ulltang eller Flokenes.

– Sykkelen min står og støvar ned på låven. Eg har ikkje fått brukt han på fleire år, seier Arne Kirkebø.

No håpar kommunen og fylkeskommunen at dei kan få til eit spleiselag.

– Det er vanskeleg å gi eit tidsestimat, men eg kan love at vi skal setje oss ned og prøve å bli einige, seier ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune.

Men det er det få av bebuarane som har trua på.

– Eg veit ikkje om eg har trua på noko lenger. Det her vert jo ikkje prioritert i det heile teke. Det er viljen det står på, seier Sunde.