Elektronisk klubbmusikk og folkemusikk er kanskje ikkje eit sjølvsagt sjangerpar, men dei har noko grunnleggande til felles: Begge har dansen i fokus.
Fellesnemnaren dans er eit spennande utgangspunkt for elektrofolk-duoen Kenneth Lien og Center of the Universe, som nett har gitt ut sitt andre album.
Folkemusikk har lenge vore funksjonsmusikk. Målet til mange tradisjonsutøvarar var å skapa eit smekkfullt dansegolv, yrande av galskap og hælspark.
Så har det vore ein tendens, la oss seia dei siste hundre åra, at folkemusikken har blitt rein konsertmusikk.
Det vanlegaste i dag er at ein sit urørleg og lyttar til slåttespel, låter opphaveleg meint til dans, i ein småpompøs sal okkupert av klappstolar. Over tid har såleis dansen blitt eit sjeldnare syn.
Hybriden Kenneth Lien & Center of the Universe er samansett av multiinstrumentalist Kenneth Lien, frå trioen Ævestaden, og Jørgen Skjulstad, også kjent som DJ Sissyfus.
Foto: Margit R. OmholtKenneth Lien & Center of the Universe held fast ved dans som kjernen i musikken dei lagar. Det merkar ein i rytmikken, i basslinjene, og i oppbygginga av låtene. Energien er heile tida retta mot å halde kroppen i rørsle.
Dette set eg enormt pris på.
Musikalske dialogar
Center of the Universe styrer elektronikken med presisjon, særleg på dei første tre spora.
Her møter fela og munnharpa til Kenneth Lien dei rytmiske underdelingane og dei daterte, delvis nostalgiske syntane til Center of the Universe på ein måte som skapar spenning, drag og framdrift.
Syntane løftar fram og underbygger endringane i slåttespelet, noko som får musikken til å gnistra.
Ta opningssporet «Fanitullen» som eksempel. Kanskje den mest ikoniske låta i norsk folkemusikk. Her smyg synten seg inn i felespelet, fangar opp rytmen og speglar den med sine retro datalydar.
Det skapar eit bilde av at musikarane kikkar på kvarandre, lyttar aktivt og responderer på det den andre gjer. Dei er på bølgelengde og har ein god dialog gåande.
Resultatet er at musikken blir skarp og leiken.
Interaksjonen mellom musikarane gir dessutan dansarane nye impulsar. Det kan totalt skifta dynamikken på golvet.
Om grunnrytmen blir framheva, kan det endra korleis dansarane trør, gjera at vekta flytter seg frå tærne til hælane, eller at skuldrene byrjar å røra seg av seg sjølv.
Når musikken grip så djupt inn i kroppen og nervesystemet at han utløyser umedvitne rørsler, då fungerer han på sitt aller beste.
Høyr meldinga av albumet i «Musikklivet»:
Dei tre første spora får til dette. «Fanitullen», «Røysekatten» og «Prillarguri» har eit driv som gjer det vanskeleg å sitta stille.
Her er samspelet mellom elektronikken og dei akustiske instrumenta meir gjennomarbeida enn på deira debutalbum.
Dei to sfærane flettar seg inn i kvarandre. Hardingfela blir forsterka slik at dei medklingande understrengene minner ein synt-pad. Samstundes byrjar syntane å plukka opp melodien frå fela og henga seg på aksentueringane.
Slik byter instrumenta rolle og speglar kvarandre, og duoen smeltar saman kva som er tradisjon og kva som er elektronika.
«Prillarguri» skil seg ut med musikalsk leik og humor. Her møter lur og munnharpe analoge syntar i ein kombinasjon som gir meg assosiasjonar til den tyske elektronika-pionergruppa Kraftwerk.
I den heimesnikra musikkvideoen til låta ramlar munnharper og lur ned over skjermen medan kamera panorerer over epletre og dei to musikarane i aksjon. Musikarane gir seg sjølv rom til å vera uhøgtidelege.
Det er veldig fint. Ikkje berre fint, men viktig. Det bidrar til at folkemusikken unngår å stivna i eit høgstemd sjølvbilde, men heller byggast ned og såleis blir meir tilgjengeleg.
LEIKENT COVER: Albumomslaget følger ein klassisk tradisjon innan folkemusikkutgivingar: dramatiske naturfoto. Her ser me eit dramatisk fossefall. Dempa fargar og analog glød frå fossebrusen gir bilde eit retro-preg. Den diskret plasserte tittelen «Norsk elektronisk folkemusikk», både på norsk og engelsk, skapar ein dobbel effekt. På eine sida minner omslaget om eldre utgivingar der naturen ofte var med på å romantisera og forskjønna bilde av folkemusikken. På den andre sida glimtar det til med eit ironisk auge, som om sjangeren «Norsk elektronisk folkemusikk» allereie var ein sjølvsagt realitet. Balansen mellom respekt for tradisjonane og denne meir leikne, moderne haldninga til han, speglar duoen sin musikk på ein treffande måte.
Foto: Heilo RecordsMen så ...
Etter spor tre flatar albumet noko ut. Dei siste låtene blir meir statiske med jamnare, nærast nomne rytmar, og færre dynamiske svingingar.
På dansegolvet kan det vere nyttig med parti der musikken trekker seg tilbake for å gi dansarane ein pust i bakken, men her held låtene seg for lenge på same nivå.
Elektronikken skyt òg inn med meir tilfeldige basstonar og lydar, og samspelet med fela er ikkje like godt som i starten. Det verkar nesten som at musikarane forsvinn inn i kvart sitt lydunivers og ikkje lenger har interesse av å møtest på midten.
Sjølv om dei siste spora ikkje heilt held same gnisten som opningslåtene, er dette eit album som viser kva som skjer når folkemusikk og elektronika møtest til dans.
Musikken blir leiken, impulsiv og kroppsnær, samtidig som den hyllar tradisjonane og opnar nye vegar for andre musikarar – forhåpentleg utan at det blir for høgtideleg.
Hei!
Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post!