Hopp til innhold
Anmeldelse
Anmeldelse

Kvar låt har den same smittande energien

Roc Boyz bruker eit samansurium av referansar. Likevel blir ting nokså likt.

en person som synger inn i en mikrofon
Foto: Tom Øverlie, NRK P3
Terningkast 4 Musikk

«Blueprint»

Roc Boyz

Rap

10. oktober 2025

Roc Boyz har sleppt hit etter hit dei siste åra, som har blitt blant landets mest populære hiphoplåtar og festmusikk.

I 2024 var dei Noregs mest spelte nasjonale artist på Spotify.

No gir dei tre gutane frå Bærum ut sitt fjerde album, tre år etter «Roc Boyz, Vol. 3».

en gruppe mennesker på en scene

Roc Boyz på Palmesus, 2023

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

«Blueprint» er pakka med heile nitten låtar. Samstundes er det berre ein som bikkar tre minutt.

Og om du no gleder deg til nitten nye låtar, må eg dessverre skuffe.

Alle dei ti singlane gruppa har gitt ut i år er med, medan berre ni av spora er heilt nye låtar. Skiva minner derfor meir om ei speleliste enn eit albumprodukt.

Kjent stil

Roc Boyz sin rapstil er veldig fast. Verken linjeoppbygginga, toneleiet eller tempoet i vokalen varierer i løpet av albumet.

Dei tre gutane i gruppa høyrast ganske like ut.

Dei rappar alle hardt og klart, med nokre ord og linjer som trekkast ut til lange, nesten syngande strofer.

En gruppe menn i en boksering

Boksekamp under Roc Boyz sin konsert på Palmesus, 2023

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Dette gjer at alle låtane høyrast ganske like ut. Men: Bak vokalen hentar dei ulike referansar og uttrykk frå spor til spor. Den klassiske miksen av tekno og hiphop som tok av med russemusikken, er sjølvsagt dominerande.

Men vi får også meir 2000-tals R&B, nokre meir tropisk inspirerte melodiar, meir old school hiphop på «Timberland» og ein litt plutseleg rockesong i «Drugs N love».

«Dårlige vaner» låner melodien frå refrenget til The Chainsmokers sin superhit «Closer». På «10 hoes» bruker dei same Felix-sample som Snoop Dogg og David Guetta gjer i «Sweat». Og «Deja vu» er tydeleg inspirert av Dagny sin «Somebody».

Når låta «2 blå» kjem, har dei alt vore gjennom så mange tydelege referansar at det er ei ordentleg overrasking at låta ikkje er ein versjon av Dårleg Vane og Angelo Reira sin 2017-låt med same namn. Det dei har til felles, er likevel dei to blå pillene.

Beheld kontroversane

Kokain, festing, damer og dop har alltid vore sentralt i Roc Boyz sitt univers, og som ein må vente har det skapt både overskrifter og sinne.

Det har også snifferøra dei har delt ut frå scena, og at dei har vist lesbisk porno på festival.

Erna synger

Roc Boyz hadde med seg Erna på scena under Stavernfestivalen 2025

«Blueprint» beheld i høgste grad tematikken Roc Boyz har blitt kjende for, noko låtar som «Narco freestyle» og «Drugs N love» gjer klinkande klart.

For nokon vil det vere ein tungtvegande negativ eigenskap ved albumet. For andre er tekstane berre tekst, eller ein nærar seg dei med ironi eller hyllest.

Er det noko vi kan lære av den siste vekas internettdiskusjon av det nyaste albumet til Taylor Swift, er det at publikum både tek imot og vektlegg tekst veldig ulikt.

Kunne variert meir

Tekstane på det nye albumet verkar ikkje som om dei er skrive for å provosere. Men dei er heit openbert skrive for å engasjere og egge opp publikum, om det er i ei stue på heimefest eller i mengda på ein festival.

Kvar låt har den same smittande energien og moglegheita for allsong og hoppande dans.

en gruppe mennesker på scenen med en folkemengde som ser på

Roc Boyz på Palmesus, 2023

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Samstundes er det eit minus med «Blueprint» som album at kvar låt er laga for å heve stemninga. Den jobben gjer dei alle glitrande, for all del.

Men slik slår dei kvarandre litt i hel, fordi det aldri kjem ein pause.

Sjølv som ei speleliste til ein fest, som albumet minner meir om, hadde dei ikkje skada med et hakk meir variasjon.

Særleg når gruppa no har bevist kor godt dei fiksar den stilen dei held seg trygt innafor, hadde det vore spanande å sjå dei eksperimentere enno meir.

Hei!

Eg er Sofie, og eg melder musikk for NRK som frilansar. 

Her kan du lese mine tankar om Bon Iver sitt album «SABLE, fABLE», Lola Young sitt album «I'm Only F**king Myself», eller Smerz sitt album «Big city life»