Hopp til innhold
Anmeldelse

Original roman om oppvekst mellom UFOar og sauer

Sunniva M. Rolighetens debutbok «Når alt er av papir» er ei forfriskande fornying av den litt slitne sjangeren oppvekstroman.

Sunniva M. Roligheten og boka «Når alt er av papir»

LIVET SOM MOSAIKK: Debutanten Sunniva M. Roligheten har pusla saman bitar som blir til eit fascinerande bilde av eit liv.

Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss / Cappelen Damm
Bok

«Når alt er av papir»

Sunniva M. Roligheten

Skjønnlitteratur

2021

Cappelen Damm

No er det ikkje særleg overraskande at fornyinga kjem frå ein debutant, ettersom det er vanleg å oppsøkje barndomslandet når ein skal sparke i gang eit forfattarskap.

Og sjølv om sjangeren byr på perler, har den også lett for å henge fast i malen som vart smidd på 1930-talet då psykoanalysen gav barndommen ein ny aktualitet: Det var der, i tidlege år, at personlegdommen vart forma. Barndommen var skjebnesvanger, bokstavleg talt.

Så kva er nytt i romanen «Når alt er av papir» av Sunniva M. Roligheten, som er fødd i år 2000?

Minnet er skjørt som papir

Det mest påfallande er at kronologien er oppheva. Dermed losnar dei tydelegaste banda mellom årsak og verknad. I staden får vi eit vell av små episodar, som gjerne startar med formuleringa «Jeg husker».

Den tynne rammehistoria her er at «jeg» ringer veslebror sin for å finne ut kva han hugsar frå barndommen. Ikkje overraskande hugsar han andre ting, og han hugsar episodar annleis enn henne: Det var samiske gjenstandar, ikkje egyptiske motiv på gardinene til far. Det var geitene som åt opp knekkebrøda med majones.

Episodane koplar seg saman i kjeder etter assosiasjonsprinsippet. Det kan starte med dinosauren, for så å gå over til egg, deretter til pai for til slutt å ende i ein episode der ho og ei venninne laga pai saman. Sjølv om assosiasjonsrekkjene kan vere individuelle, vil eg tru at lesarar vil kjenne att sjølve prosessen.

Hjernen er ikkje særleg stringent og kronologisk, med mindre han får i oppdrag å vere nett det. Det er såleis lett å henge med når forteljaren gjer brå kast gjennom eige univers og det store universet.

Forteljaren fortel utan å forklare

Assosiasjonar har det med å ta hyppige svingar innom det kompliserte og uavklarte. I denne romanen står far øvst på den lista: far som ser UFOar og snakkar med kosmiske vesen som fortel at han må byggje eit tårn i hagen for å frelse verda.

Så hentar morfar mor, og det kjem folk i kvite frakkar som tek frå far sauene. Dette er jo høgdramatisk. Men i staden for å køyre på med ytre dramatikk eller indre traume, får vi denne historia i tilforlatelege små drypp mellom duer som nys og oldemor som samlar på steinar.

Forteljaren, som vi forstår studerer i Oslo då ho ringjer til bror sin i opninga av romanen, kunne nok ha forklart dette familiedramaet med vaksne ord og analysert årsakene og konsekvensane av dette. Roligheten let henne ikkje gjere det.

Dermed blir effekten desto sterkare når kjenslene finn ein veg ut, som når ho ser ein serie på TV om eit barn som ikkje har det bra:

«Tårene rant i kanskje førti minutter. Tårene rant, og innsida av brystet mitt var dekka av et lag av noe tungt, som pressa seg oppover i halsen (…) Munnen min åpna seg så mye den kunne. En bevegelse jeg ikke klarte å stoppe før musklene i ansiktet var så slitne at de bare slapp»

Til og med ein så sterk reaksjon blir skildra som noko reint fysiologisk og får stå utan tolking og forklaring.

Slikt trengst jo ikkje heller. Lesaren forstår.

Eit utsøkt stykke kunst

Roligheten har valt ei rekkje grep som ho held fast med gjennom heile romanen: det episodiske, det assosiative, den nesten totale fråværet av analyse og refleksjon, og i tillegg er kvart kapittel kalla opp etter eit skulefag, og blir opna med lærebokliknande setningar før ho assosierer seg inn i si eiga erfaringsverd.

Saman med blikket for detaljen og for det underfundige, blir summen av alle dei små delane som utgjer romanen «Når alt er av papir» eit utsøkt stykke kunst som ikkje liknar på livet, men som handlar om det.

Anbefalt lesing vidare: