Hopp til innhold
Anmeldelse

Fiffig om fiffen

Første bind i Langeland sin nye serie om norsk reiar­bransje passar inn i ein sjeldan kategori: Romanar som faktisk burde vore tjukkare.

Forfatter Henrik langeland og omslaget til boka Makten og æren
Foto: Cappelen Damm/Svein Finneide
Foto: Cappelen Damm/Svein Finneide
Terningkast 4 Bok

«Makten og æren»

Henrik H. Langeland

Roman

18. april 2024

Cappelen Damm

Normalt er problemet det motsette: Forfattarar skriv for lange bøker.

Dei blir for glade i karakterane sine, eller i side­spor til handlinga, og dynger på med ekstra informasjon. I staden burde dei kutta. Skore ned. Funne kjernen.

Henrik Langeland sitt første bind i det som skal bli ein romanserie om fiffen i norsk reiarbransje, høyrer til unntaka:

«Makten og æren» kunne tolt fleire sider. Litt fleire detaljar. Litt meir saft.

Kanskje ville også kjernen kome klarare fram då.

For dette er ei bok som vil mykje. Langeland har lyst å vise fram ein sentral del av norsk historie. Nemleg reiar­bransjen, og det den betyr og har betydd for norsk økonomi.

Det betyr at han vil seie noko om pengar – både gamle og nye. Om rikdom. Om kapitalisme og kapitalistar. Då seier han også ein heil del om klasse, og klassekamp.

Kva kostar det å bli rik, og kven betaler prisen?

Spanande og interessante spørsmål.

Problema i «Makten og æren» oppstår heller idet ein går nærare inn i personane. Dei kjennest litt flate. Manglar litt kjøt på beina. Ein meir samansett psykologi som kunne vist motivasjonen bak handlingane deira.

Er han psykopat?

Særs gjeld dette hovud­personen, unge herr Herman Lauritzen.

Vi møter han først i det grandiose selskapet som er stelt i stand til ære for hans 18-årsdag i 1908.

Herman er fødd inn i ein reiar-familie, som ifølge forfattaren sjølv skal vere inspirert av ekte norske reiar-familiar, særs Wilhelmsen-slekta.

Herman skal arve alt, etter først å ha gått fire år i lære i utlandet.

Men alt går ikkje etter planen.

Først ni år seinare, i 1917, vender Herman tilbake til Tønsberg. Det er verds­krig, alkohol-forbods­tid, og urolege tider både politisk og økonomisk, med revolusjon i Russland og ei veksande arbeidar­rørsle også lokalt.

Ting går dårleg, både med selskapet han skal ta over, og på privaten. Herman må ta grep. Tunge grep. Han skyr ingen middel for å ordne opp.

Henrik Langeland sitter foran skrivebord med laptop

LITTERÆR SLEKTNING: Henrik Langeland sin nye romanserie følger reiar-arvingen Herman Lauritzen. Han er tydeleg i slekt med ein annan Langeland-figur, nemleg Christian von der Hall frå trilogien om «Wonderboy», med handling henta frå hans karriere i medie-, dot.com- og eventbransjen i vår tid. Begge to snor seg ut av vonde problem på kreativt vis. Oftast med hell. Men kanskje ikkje alltid?

Foto: Ivar Kvaal / Cappelen Damm

Herman sjølv har overlevd både tuberkulose og eit ubåt­angrep på skipet han var om bord i. Alvorlege traume i formative år – likevel opplevast han merkeleg flat som figur.

Lenge blir eg sitjande å under meg: Er han psykopat?

Eller prøver Langeland heller å seie noko om kor brutal kapitalismen er, for alle?

Kvifor får eg ikkje vite meir om kva som skjedde dei ni åra mellom 18-årsdagen og no?

Kva gjer at han er villig til å gå så langt som han gjer? Fødd sånn? Blitt sånn? Langeland har få svar.

Det kjem meir

Mykje sparer han sikkert til komande bind, for dette skal bli ein føljetong. Ei særs alvorleg hending allereie på 18-årsfesten blir ikkje følgt skikkeleg opp. Meir om den dukkar nok opp sidan.

Mest sannsynleg vil fleire av Herman sine handlingar slå tilbake på han seinare i serien.

Kanskje gir «Makten og æren» mest meining om ein les boka som ein start heller enn som ein fritt­ståande roman.

For her er absolutt mykje å gle seg over. Bøker om pengar, og om innsida av bransjar få har tilgang til, er alltid velkomne på mi leseliste. Langeland klarer fint å forankre handlinga i ei tid og ein epoke, utan dermed å dosere for mykje om historiske detaljar.

Kanskje lærer ein til og med litt om tidleg 1900-tal, sjølv om eventuelle fordommane ein måtte ha om skruppel­lause rikfolk og edle arbeids­folk ikkje akkurat blir utfordra av denne boka.

Høyr Henrik Langeland i Åpen bok:

Reiar-bøker

Interessant er det også å lese Langeland opp mot andre klassiske bøker om reiarar i norsk litteratur­historie, og sjå kor medviten forfattaren er denne arva.

«Skipper Worse» (1882) av Alexander Kielland er eitt døme. Som då Langeland let ein i tenarskapet helse den nyleg heimkomne Herman med denne replikken:

«De kommer sent, herr kunsel, men De kommer godt»

«Makten og æren» av Henrik Langeland

Det er berre ein liten vri på den mest kjende replikken i «Skipper Worse», då uttala av den heimkomne sjø­mannen sjølv:

«Vi kommer sent – Hr. Kunsel! men vi kommer godt!»

«Skipper Worse» (1882) av Alexander Kielland

Noka dårleg bok er dette ikkje. Henrik Langeland er god på detaljar, og på å stoppe ein scene akkurat i tide.

Om dei neste binda får berre litt fleire slike detalj­sterke scener som gir litt større djupn til personane, kan serien som heile bli rett så bra.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!