Hopp til innhold
Anmeldelse

Dottera skriv fram moras død

Ho bruka litteratur som livbøye då mora døydde. Edwidge Danticat anbefaler metoden.

Edwidge Dandicat og omslaget til Dødens kunst
Foto: Lynn Savarese/Oktober
Foto: Lynn Savarese/Oktober
Terningkast 4 Bok

«Dødens kunst»

Edwidge Danticat

Oversatt av Kirsti Vogt

2023

Forlaget Oktober

Handlar all dikting eigentleg om døden?

Den haitisk-amerikanske forfattaren Edwidge Danticat trur det. I «Dødens kunst» skriv ho opplyst og klokt om temaet. Om tap. Om sorg.

Indirekte blir det også ei bok om trøyst. Om håp. Familieforhold.

Kanskje mest interessant for dei som allereie tenker mykje på døden, eller som er i sorg. Men grundig og greitt også for andre.

Vi skriver om de døde for å forstå hva vi har mistet, for å lindre vår egen lidelse, for å forvandle gjenferd til ord, for å gjøre fravær om til språk.

Edwidge Danticat «Dødens kunst»

Fascinert av døden

Det konkrete tapet Danticat sørger, er mora. Ho døydde av kreft.

Men døden har alltid interessert forfattaren. Ho er ein viktig stemme i karibisk litteratur.

I romanane skildrar ho dødsfall. Sjølvmord. Ein massakre. Tap og sorg.

Jeg har skrevet om døden like lenge som jeg har skrevet […] Tidlig i livet, lenge før noen som sto meg nær, hadde dødd, var [jeg] så redd for døden at jeg ønsket å gjøre meg mindre følsom for den

Edwidge Danticat «Dødens kunst»

Forfattarar-favorittar

Boka hennar er del av ein serie bøker om skriving. Ein slags dødens poetikk.

Sist i boka er der ei fyldig liste over litteratur ho siterer. Nokre av forfattarane ho sjølv set høgast, er andre svarte kvinner: Toni Morrison, Audre Lorde, Zora Neale Hurston.

Andre er med fordi dei skriv om akkurat tap.

Til dømes Joan Didion, som mista både mannen og dottera på kort tid. Didion er kjend for å ha sagt at «vi fortel kvarandre historier for å kunne leve».

Høyr bokmeldinga i «Åpen bok: Kritikerne»:

Danticat ramsar opp, forfattar etter forfattar som skriv om død og tap.

Ho sorterer på ulike dødsårsaker. Sjukdom. For eiga hand. Naturkatastrofar og terror. Avrettingar og drap. Alderdom.

For mange lesarar vil kanskje oppramsinga i seg sjølv kunne gi trøyst. Ein er ikkje einsam i sorga.

Forfatter Edwidge Danticat fra Haiti, avbildet i 1998. Hun står i smilende i sollys lent inntil en rad med hvite søyler.

UNG OG LOVANDE: Edwidge Danticat avbilda i 1998, nokre år etter gjennombrotet med boka «Breath, Eyes, Memory». Danticat vart født i 1969 i Haiti, men flytta til USA som tolvåring.

Foto: REUTERS

Men livet lever

Sjølv tenker eg at det kan bli litt mykje, det Danticat ramsar opp. Litt generelt.

Trass dei mange orda og eksempla, kjenner eg meg ikkje overtydd om at alt eigentleg handlar om døden.

Ja, alle skal døy.

Men «alle andre dagar skal vi leve», som den svenske forfattaren P.O. Enquist formulerte svaret han tenkte seg at hunden hans ville gitt då matfar sutra.

Best i det nære

Eg meiner Danticat er betre idet ho er på sitt mest personlege.

Når ho skriv det ho sjølv kallar ein «mammoar». Ordet er sett saman av «mamma» og «memoar», og betyr dermed «ei bok som minnest ei død mor».

Danticat si mor var arbeidar, ulovleg innvandrar til USA. Ho lærte seg aldri god engelsk, men var uendeleg stolt av dottera som blei forfattar. Då mora blei sjuk med kreft, gav ho dottera sine bøker i gåve til legane.

Det er mykje Danticat ikkje veit om mora. Men skildringane av forholdet kjennest nære.

Vi kranglet aldri, men det hendte vi var uenige. Både hun og jeg var av kald-skulder-typen, og en av måtene vi taklet bitterhet på, var ved å holde den inne til vi sluttet å tenke på det. Det var noe skjørt ved forholdet oss imellom. […] Feil ord ville kanskje ha knust oss i småbiter.

Edwidge Danticat «Dødens kunst»

Åh, det er ein vakker observasjon. Kjærleiken i det skjøre. Omsynet ein tar.

Mor og dotter

I det særs gode forordet til boka, peikar forfattaren Linn Ullmann på mor-dotter-forholdet, og kor viktig det er.

For Danticat, og for ho sjølv. For alle mødrer og døtrer.

Ullmann konkluderer med at Danticat gir håp. Ikkje som ei lettvint kjensle. Tvert om:

Jeg tror ikke håp – og dette har Danticat hjulpet meg å få øye på – er en følelse i det hele tatt. Jeg tror håp er et arbeid – et lite, usynlig arbeid vi velger (eller ikke velger) å utføre hver dag i fellesskap, eller kanskje i ensomhet, men alltid på vegne av et fellesskap.

Linn Ullmann Forordet til «Dødens kunst»

Det er ei god påminning. Alle skal døy.

Men før det skal vi leve. Saman. I det ligg håpet.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!