Anmeldt av Georg Arnestad.
”Vi er på full fart inn i opplevelsessamfunnet og opplevelsesøkonomien,” slår høgttalande forskarar frå Handelshøgskolen BI for tida fast på dyre seminar over heile landet. Som om dette er noko heilt nytt.
Gyldendal Norsk Forlag bør snarast sende opplevelsesforskarane på BI 100 eksemplar av Sverre Gunnar Hagas biografi om Egil Monn-Iversen. Denne biografien fortel nemleg med enkle ord den fascinerande historia om mannen som gjennom fem-seks tiår nesten heilt aleine skapte eit norsk opplevelsessamfunn.
Men denne alvorlege mannen med den disiplinerte taktstokken skapte ikkje berre store kunstnarlege og musikalske opplevelsar, han tok sjølv også kontroll over opplevelsesøkonomien. Mannen som strauk i matematikk til examen artium og vart tvangssendt av far sin på Treiders handelsskule, hadde i nesten 50 år full kunstnarleg og bortimot full økonomisk kontroll med den musikalske delen av norsk opplevelsesindustri. Ei slik bok må umiddelbart verte tvangspensum på BI sitt opplevelsesstudium. Og Sverre Gunnar Haga må bli fast gjesteforelesar.
Mange roller på ein gong
”Musikken var ved Egil Monn-Iversen”, sa alltid hallodamene i NRK. Og musikken var som oftast ved Monn-Iversen. Ikkje berre i NRK, men også ved Det Norske Teatret, Den Norske Opera, på Chat Noir, i tallause filmar, revyar, under OL. Først og fremst var Monn-Iversen musikar. Men han var òg komponist, dirigent, arrangør, produsent, teatersjef, musikalsk leiar, styreformann, direktør, investor, spekulant, hissigpropp, maktmenneske, ektemann, elskar og, ikkje minst, arbeidsjern i særklasse. Alt; på ein gong. Han skapte The Monn Keys, oppdaga Wenche Myhre og Wesensteen og var fødselshjelpar for mange, mange andre. Samarbeidet hans med Tormod Skagestad og Harald Tusberg skapte ei rekkje kunstnarlege suksessar. Melodiane er i dag folkeeige. Vår felles kulturarv.
Sjølvsagt må det skrivast ein biografi om ein slik mann. I moderne norsk underhaldningsliv er det ingen som når denne mangesidige, ekstraordinære og multitalentfulle mannen til skuldrene. Haga sin biografi fortel oss på ein overtydande og lett fascinerande måte korleis den dyktige og arbeidssame Monn-Iversen alt frå slutten av 1940-åra skaffar seg viktige posisjonar i musikklivet i hovudstaden, og korleis han gradvis utviklar og utvidar desse posisjonane, og står fram som norsk musikklivs gudfar frå 60-talet og utover. Opponerte du mot Egil Monn-Iversen, var det mange dører som lukka seg. Derfor var det få som tok ope til motmæle mot han. I krokane, derimot, blei det kviskra.
Biografi med veikskapar
Biografien har fleire veikskapar. Det totale fråveret av kjeldekritikk er den mest openberre. Men boka er også uoversiktleg og fragmentert, og ”krydra med” mange uvesentlege historier og fargerike, sladderaktige episodar, som ikkje har noko å seie for heilskapen. Eg saknar òg eit ”maktkart”, ei visuell framstilling som klårt og tydeleg viser kva for posisjonar Monn-Iversen til ei kvar tid hadde i norsk underhaldningsindustri. Teksten aleine klarar ikkje å gi lesarane oversikt over dette. Vi går i surr. Dessutan: Korleis er det muleg å beskrive Monn-Iversens økonomiske makt i kulturlivet utan å nemne eit einaste tal? Analyse av økonomisk makt kan ikkje berre kvile på anonyme munnlege kjelder.
Var så Egil Monn-Iversen ein gudfar i norsk underhaldningsindustri i 30-40 år? Han hadde stor makt. Han brukte makta si, han var medviten om makta, og han ville ha og fekk både større makt og meir kontroll med den norske underhaldningsindustrien. Er det så noko gale med det, kan ein spørje seg. Maktkonsentrasjon er ofte betre enn maktspreiing.
Monn-Iversen var på sine felt ekstremt dyktig. Han samarbeidde med andre som var gode, og han let dei framifrå talenta sleppe til. Egil Monn-Iversen var etter alt å dømme ei sann lykke for det oslobaserte norske kulturlivet. Gudfaren-debatten er derfor ei avsporing, om enn ei forståeleg avsporing. Haga si drøfting av makt er upresis og forutinntatt. Han definerer utan vidare makt som noko negativt. På den andre sida er han tydeleg, og med rette, fascinert over alt det Monn-Iversen har fått i stand. Siste ord er langt frå sagt. Det vil garantert kome fleire bøker om Egil Monn-Iversen.