Hopp til innhold
Info fra NRK

NRKs eigar og styre

NRK er Noregs offentleg eigde allmennkringkastar.

Lubna Boby Jaffery

Kulturdepartementet ved statsråden, Lubna Jaffery, er generalforsamlinga i det statlege NRK AS.

Foto: Stortinget

NRK er organisert som eit statleg eigd aksjeselskap kor Kulturdepartementet vel styret. Og kor styret tilset kringkastingssjefen.

Birger Magnus er styreleiar i NRK, medan Åsne Havnelid er nestleiar.

Nytt styre vart vald i generalforsamling 20.06.22.

Sidan 1996 har NRK vore organisert som eit aksjeselskap med staten som einaste aksjeeigar. Kulturdepartementet er NRK si generalforsamling, vedtar vedtektene og vel NRK sitt styre. Det er og styret som tilset kringkastingssjefen.

Birger Magnus

Birger Magnus er styreleiar i NRK.

Foto: Ole Kaland / NRK

Dette er NRKs styre

Styret i NRK AS har åtte medlemmar: Leiar, nestleiar og tre styremedlemmar oppnemnt av generalforsamlinga samt tre representantar valde av dei tilsette.

Styret blir valt for ein periode på to år i gangen.

Styret i NRK i perioden 2022 - 2024:

  • Birger Magnus, Bærum (sidan 2014). Styreleiar. Bakgrunn frå ulikt styrearbeid og sjefsjobbar i medieselskapet Schibsted.
  • Åsne Havnelid, Asker (sidan 2022). Nestleiar. Ho har vore administrerande direktør i Norsk Tipping og hatt fleire sentrale verv innan norsk idrett.
  • Veslemøy Tvedt Fredriksen, Bergen (sidan 2018). Administrerande direktør i Eiendomsmegler Vest. Ho har brei erfaring som leiar og med kompetanse frå omstillingsarbeid, blant anna frå mediebransjen.
  • Arild Grande, Levanger (sidan 2022). Rådgivar i hovudorganisasjonen Virke. Lang fartstid som politikar og stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i Nord-Trøndelag.
  • Shahzad Abid, Oslo (sidan 2020). Partner i rådgivningsselskapet TPX Bene Agere med strategi og digitalisering som hovudoppgåver. Abid er også med i bedriftsforsamlinga i Norsk Hydro ASA og han er styremedlem i Garantiinstituttet for eksportkreditt.

Tilsette sine representantar:

  • Lars Toverud, styremedlem med Torunn Myhre som 1. vara (NJ - Norsk Journalistlag).
  • Tor Egelien, styremedlem med Sigrid Skeie Tjensvoll som 1. vara (TF - Tverrfagleg foreining).
  • Elin Fossum, styremedlem med Are Bøhm som 1. vara (NTL NRK - Norsk Tjenestemannslag og CREO - Forbundet for kunst og kultur).

Sekretær: NRK-direktør Olav Nyhus er styret sin sekretær.

Les også: Birger Magnus ny styreleiar i NRK

NRK si generalforsamling

Det er Kulturdepartementet ved kulturministeren som utgjer generalforsamlinga.

Ordinær generalforsamling blir heldt i juni kvart år. På generalforsamlinga blir verksemda for siste år gått gjennom og aktuelle saker tatt opp. Her blir og medlemmar til styret i NRK valde.

Stortinget og departementet set rammene for NRK si verksemd gjennom Lov om kringkasting, vedtekter for NRK AS og NRK-plakaten. Gjennom desse lovane og reglane blir det gitt føringar for korleis NRK skal gjere sin oppgåve som allmennkringkastar i Noreg.

Sjå: Protokollar frå generalforsamlingane i NRK AS sidan 2010 finn du på regjeringa sine nettsider.

Statleg eigd aksjeselskap

Fram til 1988 var NRK ein statleg forvaltningsbedrift. Då vart organisasjonsforma gjort om til ein meir frittståande stiftelse.

I 1996 bestemte Stortinget at NRK skulle bli eit statleg eigd aksjeselskap. Som stiftelse og seinare aksjeselskap fekk NRK ei friare rolle.

Det er Kulturdepartementet som rår over NRK som generalforsamling for NRK AS.

Den norske staten eig alle aksjane. Selskapet sin aksjekapital er 1 000 000 000 kronar - ein milliard - fordelt på 1 000 000 - ein million aksjar, kvar på 1 000 kroner.

Om styret i NRK

Styret legg fram saker for generalforsamlinga, det vil seie, kulturministeren.

Styret tek for seg rammene for NRK si hovudverksemd, inkludert dotterselskap. Ser på NRK si økonomisk utvikling, store investeringar, byggeprosjekt og andre vesentlege endringar i NRK si verksemd.

Tidlegare styreleiarar i NRK:

  • William Nygaard 2010 - 2014.
  • Hallvard Bakke 2006-2010.
  • Eldbjørg Löwer 2004-2006.
  • Anne Carine Tanum 2001-2004.
  • Torger Reve 2000-2001.
  • Kåre Willoch 1998- 2000.
  • Trygve Ramberg 1990-1998.
  • Halvor Stenstadvold 1986-1990.