Hopp til innhold

Diffus roman frå Ørstavik

Bak adressa 48 rue Defacqz skjuler det seg kanskje eit hus i Belgia. Hanne Ørstaviks nyeste roman kjem ut i dag. Den er sympatisk men diffus, mener kritiker Marta Norheim.

48 rue Defacqz
Foto: Exil Design

48 rue Defacqz

Hanne Ørstavik: Rue de Defacqz. Oktober Forlag 2009

Foto: Exil Design

Det er nesten lettast å sirkle inn boka gjennom å forklare kva ho ikkje er: Det er ikkje ei historie i tradisjonell forstand, det er ikkje heilt klart kven som til ei kvar tid fører ordet og ofte er grensene mellom dei ulike personane også uklåre.Kva er det då?

Belgiske tvillingar

Jo, teksten er sett saman av små glimt frå livet til eit belgisk tvillingpar på 43 år, og det er scenar frå barndommen og frå notida som må liggje nokon år tilbake. Paul er arkitekt, Rakel er kunstmålar. Dei bur saman, ho er forlova med sjefen hans, men noko ekteskap blir det neppe ut av det. I alle fall finn ho Samuel, som han heiter, fråstøytande, og samanliknar det å gifte seg med han som å lenke seg til ei myr. Så flytande synst ho han er.

Hanne Ørstavik

Hanne Ørstadvik har skrevet sin niende roman, 48 rue de Defacqz

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen / Hans Fredrik Asbjørnsen

Familiehistoria til tvillingparet er elles dramatisk nok. Rakel har teke det store ansvaret for at ikkje alle skal bli knust av fars raseri, og er truleg eit incestoffer. Foreldra døydde i ei rasulukke på steinbrotet der faren jobba, mor straks og far etter å ha vore hjelpelaus i fem år. Når vi så får vite at Paul har bygd huset dei bur i av stein frå fars steinbrot, og at mors angstfylte blikk på far har sett seg i kroppen på Rakel, ja då forstår vi at det her er snakk om ein familieknute av kjent ørstaviksk merke.

Erobra som Kongo

Det meste av boka er likevel ikkje desse glimta frå familielivet, men refleksjonar eller tankar omkring kroppen og kunsten, om behovet for kontroll og drifta mot å sleppe laus, og det handlar om Kongo. Den belgiske kongen vil nemleg ha ei utstilling frå Kongo på verdsutsillinga, noko Samuel og Paul har fått ansvaret for å lage.

For Rakel blir Kongo eit uttrykk for noko som er erobra og definert av andre, slik ho sjølv opplever at ho er erobra og definert av menn.

Ja, og av mor som frå sin uhyre svake posisjon har ei veldig makt over sinnet til dottera.

Romanen er innom mange tema som vil vere velkjente for lesarar av Ørstaviks romanar. Likevel må eg nok melde at dette er ei av forfattarens svakare bøker. Det verkar som om ho prøver å lade opp ein del ganske vage ord gjennom stadig bruk, slike som lys, mørke, linjer, flate, hard, mjuk, stengt, open. Saman med dei flytande grensene mellom personane og svært opne og vage spørsmål blir romanen rett og slett for laus i fisken.

For mange spørsmål

”Hva hun håper på? Hun spør seg selv. At hun skal komme gjennom til noe, komme fram. Til hva? Hun vet ikke.”
- heiter det ein stad. Her er ei setning til:
”Hun venter. På hva? Hun vet ikke. På at det skal ta slutt? Eller på begynnelsen? Eller kanskje venter hun ikke.”

Romanen er full av slike spørsmål. Etterkvart misser eg interessa for å finne svaret. Med all sympati både for tvillingane og for problemstillingane i romanen,- forma greier ikkje å lade teksten med nok intensitet eller meining til å halde lesaren fast.

* Flere saker om LITTERATUR HER

* Følg nrkbok TWITTER

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.