Hopp til innhold

Sterkt om to einsame menneske

To einsame menneske finn kvarandre på ein uvanleg måte i denne sterke forteljinga.

Louis de Bernières
Foto: Pax/Simon Buck

Louis de Bernières fekk eit solid gjennombrot med den episke romanen "Kaptein Corellis mandolin" i 1994, som også blei spelefilm, med Penélope Cruz og Nicolas Cage i hovudrolla i 2001. Bernières' siste bok, "Partisanens datter", er meir stram i forma.

Partisanens datter

'Partisanens datter', Pax forlag

Foto: Pax

Fantastiske historiar

I starten av romanen unnskylder 40 år gamle Chris seg for at han vil kjøpe sex. "Jeg er ikke en slik mann som går til prostituerte", seier han. Men han føler seg einsam. Konas livsoppgåve er å gjere livet mest mogleg trist og surt for Chris. Han kallar henne for den "Store hvite loffen", som sit i sofaen og ser på TV, og som vil leve resten av ekteskapet i sølibat. Difor blir Chris frista til å kjøpe sex ute på gata. Men, det viser seg at kvinna han plukker opp ikkje er prostituert. Likevel set Roza seg inn i bilen til Chris og ber han om å køyre henne heim.

Slik blir Chris og Roza kjent med kvarandre. Ho er opprinneleg frå Jugoslavia og oppheld seg ulovleg i England. Chris blir betatt av den langt yngre kvinna og held fram med å besøke henne i det falleferdige huset ho bur i. Kvar gong kokar Roza kruttsterk kaffe til Chris og fortel fantastiske historiar frå livet sitt. Fleire av desse historiane er høyrest nesten for fantastiske ut, og både lesaren og Chris lurer etterkvart på om kva som er sant og kva som er oppdikta.

Overraskande slutt

"Partisanens datter" er ein roman som får deg til både le og gråte. Louis de Bernières er skarp og vittig i skildringane, samstundes som skjebnene til hovudpersonane er triste.

Det viser seg at Roza tidlegare har vore prostituert. Gjennom romanen fortel ho om oppveksten i Jugoslavia, om faren som var ein av Titos partisaner, om dei første kjærastane, om reisa til England og korleis ho blei prostituert. Undervegs utviklar det seg eit heilt spesielt vennskap mellom Chris og Roza, og begge får kjensler for kvarandre.

Romanen er fortald både gjennom Chris og Roza sitt blikk. På denne måten får vi vite kva begge tenker om den andre. Denne forteljarstilen fungerer godt, og driv historia framover. Lesaren lurer heile tida på kva som til slutt vil skje mellom Chris og Roza. Avslutninga kjem brått og vil kanskje overraske dei fleste.

Dveler ikkje

Vi får vite ein del om konfliktane i det tidlegare Jugoslavia og om korleis det er å vere illegal flyktning i eit ukjent land. Men Louis de Bernières dveler ikkje for mykje ved historiske hendingar og fakta, og lar Roza oppsummere livet sitt i eit høgt tempo. Kvart kapittel blir ofte avslutta med ein slags punchline, som gjer at kapitlane nesten kan stå på eigne bein.

Det som er spesielt sterkt med denne romanen, er at bak alle dei fantastiske historiane til Roza, så skjuler det seg ein meir sørgeleg og realistisk historie: Nemleg historia om to svært einsame personar, som har opplevd at livet ikkje blei som dei hadde håpa.

Karikerte bipersonar

Sjølv om romanen er stramt og godt komponert, skulle eg ynskt meg litt meir informasjon om Chris, gjerne frå hans eigen heim. Eg skulle gjerne likt å bli meir kjent med kona hans, den "Store hvite loffen", som har gjort livet så surt for ektemannen sin. I tillegg er mange av bipersonane litt for karikerte. Til dømes er Rozas bestemor gamal og skalla, farens vaskehjelp stor og full av vorter og skjegg, og eskorteklubbens dørvakt ser ut som ein gorilla.

Dette kan uansett reknast som bagateller. "Partisanens datter" er ein sterk roman og Louis de Bernières er ein dyktig forteljar.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters