Hopp til innhold

– No skal eg skrive fram til jul

Noko av det forfattar Agnes Ravatn set mest pris på etter suksessen med romanen «Fugletribunalet», er responsen frå lesarar som seier dei har fått vekt leselysta på ny.

Agnes Ravatn

Forfattar Agnes Ravatn har gjeve ut fleire prisløna og kritikarroste bøker. I haust er ho aktuell med boka «Operasjon sjølvdisiplin».

Foto: Ingunn Rauk / NRK

Korleis er det å vera forfattaren av den boka – « Fugletribunalet » – som flest lesarar på sosiale medier anbefaler som lesetips for tida?
– Eg går eigentleg ut frå at det er ein veldig hyggeleg reknefeil, men det speler inga rolle: det er overveldande kjekt! Ikkje minst gir det meg eit veldig fint dytt i arbeidet med ny ein roman.

Agnes Ravatn, Fugletribunalet

Frå Instagram, #lesetips, av 'Fugletribunalet'.

Foto: Instagram

Kva er den beste responsen du har fått frå lesarane?
– Eg har fått fantastisk fin respons frå lesarane. Men noko av det eg set mest pris på, er dei som skriv og fortel at dei ikkje har lese romanar på fleire år, men som likevel las «Fugletribunalet» på nokre dagar, og som har fått vekt leselysta på ny. Slike reaksjonar gjer det ekstra meiningsfylt å skrive

Kva kan du seia om dei neste bøkene dine?
– Eg har ei bok som kjem ut akkurat i desse dagar: «Operasjon sjølvdisiplin». Det er ei tynn sjølvhjelpsbok for folk som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker, og inneheld praktiske, enkle råd om korleis ein kan gjenvinne konsentrasjonen og impulskontrollen, bli friare frå dei digitale fristelsane som omgir liva våre, bryte dårlege vanar og få litt lågare kvilepuls. Hausten skal eg bruke til å skrive ein ny roman. Det blir ei nokså mørk historie med ein tydeleg politisk dimensjon.

Kva gler du deg til?
– Eg gler meg til å starte dagen med ein kaffikopp og ein bunke skrivepapir framfor meg. Det skal eg gjere heilt fram til jul.

Kva gruar du deg til?
– Den alltid overhengande faren for skrivesperre, tvil, blindgater og ufruktbare arbeidsdagar.

Kva les du sjølv no for tida?
– Eg les «Innsirkling» 1 og 2 på ny mens eg gler meg som ein gris til nummer 3 frå Carl Frode Tiller.

Spørsmål frå Twitter:

Laster Twitter-innhold

«Hadde du bestemt deg på forhånd for hvilke litterære ref du ville ta med? Det er så gøy å lete etter dem underveis.»

– Det som er av medvitne litterære referansar trur eg stort sett dukka opp av seg sjølv undervegs i skrivearbeidet. Historia om Balder og Nanna, som er ei sentral parallellhistorie, kom eigentleg inn på eit ganske seint tidspunkt i prosessen. Og antakeleg finst det òg nokre litterære referansar eg ikkje sjølv er klar over her og der, slik det ofte er.

«Vil vi få lese meir om Allis Hagtorn i nye bøker?»

Nei, det trur eg neppe. Eg følte meg ferdig med henne då boka slutta. Men kven veit, kanskje ho blir ein person eg tyr til i desperasjon, etter mange år med idétørke, ein gong i framtida.

Kjente stemmer inviterer deg nærmere.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters