Hopp til innhold

Frp med Muhammed-karikaturar

Framstegspartiet trykkjer eigne Muhammed-karikaturar i medlemsavisa si. - Dei oppfører seg som barn i trassalderen, meiner Islamsk Råd Norge.

Karikaturtegning

Frp har laga sine eigne Muhammed-karikaturar. Illustrasjonsbilete.

Foto: DR

Shoaib M. Sultan

Shoaib Sultan

Foto: Privat

Det er Framstegspartiets medlemsavis Fremskritt som har teikningane på trykk i morgon.

- Det er nærliggjande å tru at dei berre gjer dette for å provosere, seier generalsekretær i Islamsk Råd Norge, Shoaib Sultan.

Han meiner Framstegspartiet berre er ute etter bråk.

- Det meiner vi er uheldig i den situasjonen vi er i, og det minner mest om barn i trassalderen som seier og gjer ting berre for å sjokkere, seier Shoaib Sultan.

Lèt seg ikkje provosere

Drammens Tidende varslar i dag at Framstegspartiet vil lansere sine eigne karikaturteikningar av Muhammed i samband med ein artikkel om ytringsfridom i medlemsavisa Fremskritt.

Trykkinga av teikningane skal vere godkjent av partileiar Siv Jensen.

- Dei er kjent for å bruke slike middel for å skape debatt, seier SV-politiker og somalier Hamsa Mohamed.

Hamsa Mohamed vart provosert då Muhammed-teikningane til danske Kurt Westergård dukka opp i Jyllandsposten i 2005, men no lèt han seg ikkje provosere. Han meiner at klimaet blant muslimane er annleis no. Dessutan trur han at folk vant seg til at Frp ropar høgt.

- Eg trur at dei har fått lite att for den debatten som var omkring angrepet på karikaturteiknar Kurt Westergaard. Eg trur dei ynskjer å bruke den debatten, men det gjer dei på etterskot, seier Hamsa Mohamed.

Tonar ned saka

Geir Mo Frp

Redaktør Geir Mo tonar i dag ned saka.

Foto: Solum, Stian Lysberg / Scanpix

Ifølgje Drammens Tidende er Framstegspartiet si stortingsgruppe budde på storm. Og i løpet av dagen i dag har saka tydeleg laga nok storm til at partiet ikkje vil snakke meir om det. Redaktør for partiavisa, Geir Mo, tonar ned saka og seier at det ikkje dreiar seg om bilete av Muhammed eller nokon Gud.

- Eg synest at Frp skal få lov til å bruke ytringsfridomen. Det har dei rett til på same måte som alle andre, seier Hamsa Mohamed.

Dersom det viser seg at Framstegspartiet har laga nye teikningar av profeten, trur ikkje Hamsa Mohamed det vil utløyse nokon strid av same dimensjonar som sist.

- Det kjem sikkert til å verte lagt merke til, men eg trur ikkje folk kjem til å reagere like sterkt som dei gjorde då Muhammed-karikaturane dukka opp for nokre år sidan, seier Hamsa Mohamed.

Video nsps_upload_2010_1_15_19_50_56_845.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Frp-politiker fjernet omstridt profilbilde. Reportasje fra Dagsrevyen 15.01.2010.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.