Hopp til innhold

Amnesty jublar for Google

Amnesty trur at sensur-nekten til Google kan føre til mindre sensur i Kina.

Google
Foto: Paul Sakuma / AP

Sidan 2006 har Google sensurert den kinesiske versjonen, men etter massive angrep mot mellom anna G-mail frå Kina, har selskapet fått nok.

- Vi har bestemt oss for å endre haldninga vår til Kina. Angrepa på vår system, har ført til at vi ikkje lenger gå med på å sensurere den kinesiske tenesta vår. Vi vil også revurdere verksemda vår i Kina, seier kommunikasjonssjef i Google, Peter Barron.

Google fekk mykje kritikk då dei i 2006 gjekk med på å sensurere den kinesiske versjonen av søkjemotoren, Google.cn. Kinesisk lov forbyr til dømes pornografi og vulgære utsegner. Kina har per i dag fleire internettbrukarar enn USA, og Google er den nest største søkjemotoren i landet etter den lokale Baidu.

Men etter fleire angrep mot g-mail-kontoane til kinesiske menneskerettsaktivistar i desember, vil ikkje Google lenger gå med på sensuren:

- I midten av desember oppdaga vi at Google hadde vorte utsett for eit sofistikert angrep. Eit andrep som var større enn vi først trudde, fortel Peter Barron.

Dei massive angrepa omfatta i tillegg til Google også tjue andre selskap.

Amnesty godt nøgde

John Peder Egenæs,

John Peder Egenæs, generalsekretær Amnesty International Norge.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Amnesty International meiner at Google no gjer noko riktig. Det er første gong at ei bedrift har fått nok av kinesiske styresmaktene sine sensurkrav.

- Dei kinesiske styresmaktene er vande med at sjølv store bedrifter gjer som dei vil. Dette verte ein augeopnar og ei hovudpine for styresmaktene, seier generalsekretær Amnesty International Norge, John Peder Egenæs.

Sjølv om Egens trur at ryggmargsrefleksen er å blokkere heile tilgangen til Google, håper han at Google no går imot Kina kan føre fram.

- Det kan faktisk vere at dette opnar opp sensur noko, slik at dei frå Google til å verte verande i Kina, meiner Egenæs.

Øyvind Solstad frå NRK Beta seier at det er ei smal sak for Google å fjerne sensuren av søkjemotoren.

- Dette sender dessutan eit signal til mellom andre Yahoo og Microsoft, om at dei ikkje kan vere noko dårlegare enn Google, seier Solstad.

USA krev forklaring

Hillary Clinton

Hillary Clinton vil ha svar frå kinesiske styresmakter.

Foto: Alex Wong / Scanpix/AFP

Kinesiske styresmakter har førebels sagt lite om skaa, bortsett frå at dei må finne ut meir om utsegnene frå Google om at dei vurderer å trekkje seg ut av Kina.

Utanriksminister i USA, Hillary Clinton, prøvde i dag å presse fram ei forklaring frå Kina. Hun seier at USA er veldig uroa etter at Google informerte dei om angrepa, og at dei forventar ei forklaring frå kinesiske styresmakter.

På Google.cn har i dag enkelte sensurerte sider vorte tilgjengelege, medan andre framleis er sensurerte og merka med åtvaringar.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.