NRK Meny
Normal

Har stengt internettet

Dei kinesiske styresmaktene stadfesta i dag at dei har kutta internett-tilgangen i delar av hovudstaden i Xinjiang.

Opptøyer i Xinjiang-provinsen i Kina
Foto: AFP / AFP

Det skjer etter store demonstrasjonar opptøyar dei siste dagane, mellom uighurane og dei kinesiske styresmaktene, der 156 menneske er døde.

LES ÒG: Nye sammenstøt i Xinjiang

Stenging hjelper lite

Nettbrukarar og menneskerett-grupper rapporterte om at internett hadde vorte stengt, og dette vert no altså stadfesta av kommunistpartiet. Statleg media rapporterer at styresmaktene på denne måten vil hindre opptøyane i å spreie seg.

- Vi kuttar internett-tilgangen i nokre område av Urumqi for å raskt dempe opptøyane og for å hindre valden til å spreie seg til andre område, seier Li Zhi i kommunistpartiet.

Det er uvisst når internett-tilgangen vil verte gjenoppretta.

Trass i at dei kinesiske styresmaktene no altså prøver å stengje internett- og mobiltilgangen, strøymer det stadig inn bilete, videoar og oppdateringar frå Urumqi på sosial nettverk som Twitter, YouTube og Flickr.

Reporterar utan grenser skuldar styresmaktene for å ville isolere Urumqi frå resten av verda.

- Nok ein gong har dei kinesiske styresmaktene kutta kommunikasjonskanalane for å hindre fri flyt av informasjon. Vi fordømmer desse handlingane, skriv Reporterar utan grenser.

Lett å kutte sambandet

Ein arbeidar i det statlege telekommunikasjonsselskap seier til AFP at å stengje av internett i Urumqi var ein lett operasjon.

- Det kan gjerast på eit sekund. Det er berre å stengje av ein router i det store nettverket, seier den anonyme arbeidaren.

Ein del innbyggjarar opplyser at dei også har hatt problem med mobilnettet, både med å ringje og sende tekstmeldingar, medan andre seier at dei ikkje har hatt problem med dette. Men styresmaktene har ikkje sagt noko om at dei har kopla ut mobilnettet.

Kinesiske og utanlandske journalsitar har fått tilgang til internett på eit mediesenter i Urumqi, melder Xinhua nyhende-byrå.

Prøver å kontrollere nettet

Kinesiske styresmakter har fleire gonger tidlegare stengt tilgang til enkelte nettstader, som dei meiner det kinesiske folket ikkje bør få tilgang til av anten politiske eller moralske årsaker.

LES ÒG: Kina utsetter internettsensur

LES ÒG: Sex-sensur på nettet

Frå 1. juli var det meininga at alle nye PC-ar i Kina måtte ha eit spesielt filter installert, som vart hevda å skulle blokkere porno og vald på internett. Ytringsfridomsforkjemparar og utanlandske politikarar meinte derimota at det var snakk om rein overvaking. Prosjektet vart kalla Grøn Demning og skulle vere operativt fra 1. juli, men det er no utsett.