Hopp til innhold

Skuletaparar blir TV-underhaldning

Norske skuletaparar blir TV-underhaldning til hausten. Produsentane kallar det samfunnsansvar. Latterleggjering av dei skulesvake, meiner Taperforeningen.

Blanke ark

Produsentane meiner dei viser samfunnsansvar ved å gje eksperthjelp til skuletaparane i Blanke ark.

Foto: TVNorge

Overvektige, problemborn og økonomisk ruinerte er blitt god tv-underhaldning i form av realityseriar. No står altså skuletaparane for tur.

- Det handlar om at mange born slit på skulen, utan at det eigentleg er grunn til det. Alle born har i dag rett på tilpassa undervisning, men det får dei ikkje i vanleg undervisning. Det får dei derimot i Blanke ark, seier prosjektleiar i TVNorge Kjersti Idem.

Skadar meir enn det gagnar

I løpet av seks veker skal åtte skulesvake elevar i niande klasse få sjansen til å ta igjen sine medelevar. Det skal skje med eit toppa lærarteam og ein ny skreddarsydd undervisningsmodell.

Reality-seriar som ryddar opp i samfunnsproblem er ein trend . Overvektige blir slanke, problemborn blir snille og skulesvake elevar blir flinke. Det er historier med stort sett lukkeleg slutt.

Generalsekretær i Taperforeningen Ola Ødegaard, fryktar likevel at tv-serien vil skade meir enn den vil gagne.

- Ein skal ikkje lage underhaldning av skuletaparar. Eg er redd for at denne programserien latterleggjer dei som kjem svakast ut i grunnskulen.

Han meiner det innebær ei auka fare for mobbing av desse elevane.

Veiskille for reality-TV?

Tek samfunnsansvar

Prosjektleiaren i TVNorge ser derimot ikkje noko problem ved å framstille 14-åringar som skuletaparar på fjernsyn.

- Vi hjelper born som ynskte dette sjølv. Vi har gjeve dei ein sjanse, gjeve dei betre sjølvtillit og lært dei korleis dei kan gjere det betre på skulen. Vi hjelper dei jo, seier Idem i TVNorge.

Ho meiner serien ikkje latterleggjer skuletaparane. Derimot meiner ho tv-serien Blanke ark rettar kritikk mot norsk skulepolitikk.

Produsent Erlend Røeggen har henta element frå samfunnsdokumentaren når han produsert serien. Han trur realitysjangeren er moden for meir alvorlege og samfunnskritiske tema, etter fleire år med søppel-tv.

- Vi vil fortsatt sjå Paradise hotel og den type program, det er eg sikker på. Men samtidig vil også fleire kommersielle kanalar ta eit større samfunnsansvar og satse på reality med innhald, spår Røeggen.

Kritikk mot reality

Realitysjangeren har hausta kritikk sidan dukka opp i Noreg for kring 10 år sidan. Og sakt men sikkert har sjangeren dukka opp i mange variantar.

Særleg har mange deltakarar pådratt seg psykiske problem etter deltaking i realityseriar .

Aldri mer reality-psykolog

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP