Hopp til innhold

Eit vekespass vert ti billettar

Quart-festivalen har sin eigen, litt kreative måte å rekne ut billettsalet på.

Quart09
Foto: Sigtor Kjetså / NRK

Eit vekepass som gjeld kvar dag i fem dagar, vert rekna som ti selde billettar av Quart-festivalen, skriv P4 . Andre festivalar reknar eit vekepass som ein billett per dag, ikkje to som Quart.

Med denne teljemåten doblar Quart-festivalen tilsynelatande besøkstala sine.

LES ÒG: Quartfestivalen i fare

LES ÒG: Melder om publikumsrekord

Ingen retningslinjer

Styreleiar i Norsk Rockforbund, Kjersti Vikør seier til NRK at dei ikkje har retningslinjer for korleis medlemmane deira skal telje billettsalet.

- Det er opp til kvar enkelt korleis dei gjer dette. Men den vanlegaste måten å telje på er at eit vekespass tel som ein billett per dag, og ikkje to per dag slik Quart gjer det, seier Vikør.

Redaktør for bransjebladet Farojournalen og påtroppande Lydverket-programleiar, Asbjørn Slettemark, seier til P4 at ein i beste fall kan kalle dette kreativt billettsal.

Også nettverket Norske Festivaler seier at det ikkje finst nokon felles praksis på dette feltet blant deira medlemmar.

Avviser juks


Arild Buli, sjef for Quartfestivalen avviser overfor P4 at dei juksar med tala. Festivalleiinga har vore lite villig til å opplyse om kor mange billettar dei eigentleg har selt. Eller korleis ein har rekna ut at dei har selt om lag 50.000 billettar.

Den gamle Quart-leiinga opplyser at dei telde billettar på same måte som dei aller fleste andre festivalane gjer, der eit vekespass tel som ein billett per dag.

Festivalsjef Buli meiner ikkje at dei prøver få det til å sjå ut som dei har selt fleire billettar, men at dei har splitta opp billettane slik at folk kan få berre det dei vil ha.

Arrangementa på Quart er nemleg splitta opp i tre ulike delar Live, Beach og Club. Til alle desse tre kan ein kjøpe festivalpass.

Dei som kjøper Live-pass for heile festivalveka, får Beach-pass på kjøpet, og dermed tel ein person som ti billettar. Dersom ein festivalgjengar i tillegg til Live-passet kjøper Klubb-pass, vil han telje som 15 selde billettar på statistikken.

  • Kva synest du om denne måten å rekne billettar på?

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.