Hopp til innhold

Quart-namnet er selt

Alle rettar med namn og eigedelar knytt til Quartfestivalen er selt av bustyret.

Quartfestivalen 2009
Foto: Kjetså, Sigtor / Sigtor Kjetså/NRK

– Samtlege selskap i Quart-sfæren, eit holdingselskap og dei fire dotterselskapa er under konkursbehandling. Tidlegare denne veka vart det inngått avtale om sal av namn og rettar, seier bustyrar Kai Knudsen til NRK.

Ukjend pris

Det er Arild Buli sin tidlegare bookingsjef og nære medarbeidar, Trond Åge Nyhus, som har inngått avtale med bustyret om å kjøpe namn og rettar etter Quart.

I oktober gjekk Quartfestivalen konkurs for andre gang på to år, etter at fleire medarbeidarar ikkje fekk løna dei hadde krav på .

Knudsen ynskjer ikkje å kommentere prisen før oppgjeret for salet er klart. Etter at Quart holding gjekk konkurs rett før jul, er det klart at bustyret også vil halde politiet orientert om forholda også rundt denne konkursen.

Rekordunderskot

– Vi vil sjølvsagt sjå på heile sakskomplekset, alle selskapa under eitt, og halde påtalemyndigheitene orientert om det er forhold som vi finn grunn til å ha mistanke til, seier han.

Quart 09 gjekk med eit underskot på 30 millionar kroner . Det er det største underskotet nokonsinne i Quart si historie.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %