Hopp til innhold

Kranglar om kven bør erstatte Almlid

Fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag kjempar om å få styreleiaren i Helse Midt-Norge når nordtrønderen Kolbjørn Almlid gir seg.

Kolbjørn Almlid

KRANGLAR OM ERSTATTAR: Kven bør erstatte denne mannen? Det har fylkesordførarane ulike svar på, for einige er dei ikkje.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Fylkesordfører i Trondheim, Tore O. Sandvik.

VIL HA SØRTRØNDER: Tore O. Sandvik meiner det er på tide at Sør-Trøndelag får styreleiaren i Helse Midt-Norge.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Jon Aasen

VIL HA MØRING: Jon Aasen ser fleire gode grunnar til å den nye styreleiaren må komma frå Møre og Romsdal.

Foto: Picasa 2.6 / NRK
LES ÒG:

– No er det Sør-Trøndelag sin tur, seier fylkesordførar Tore O. Sandvik.

– Den nye styreleiaren i Helse Midt-Noreg bør komma frå Møre og Romsdal, tilrår Jon Aasen, fylkesordførar i nettopp Møre og Romsdal.

Dermed er det duka for kamp om kvar den nye styreleiaren i Helse Midt-Norge bør komma frå.

Gir seg etter tøffe år

Kolbjørn Almlid gir seg etter seks år som styreleiar i Helse Midt-Norge. I dag informerte Almlid helseministeren om avgangen.

I seks år har Almlid prøvd å snu økonomien i helseforetaket, som dekkjer fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.

Avtroppande styreleiar Kolbjørn Almlid er frå Nord-Trøndelag og avløyste ein styreleiar som kom frå Møre og Romsdal.

Difor meiner fylkesordførar Tore. O. Sandvik at den neste styreleiaren i Helse Midt-Norge må komma frå Sør-Trøndelag.

– Eg reknar med at både møringane og nordtrønderane er oppteken av at ein har god representasjon i styret, seier Sandvik.

– Og når det finst gode kandidatar i Sør-Trøndelag, så reknar eg med at dei vil støtte opp under det. Sidan dei har hatt styreleiarar frå Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag før, og har vore oppteken av å rullera på den måten.

LES ÒG:

– Møre og Romsdal er nøytrale

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen er ikkje samd i resonnementet til ordførarkollega Tore O. Sandvik. Han meiner det er gode grunnar til at den nye styreleiaren bør komma frå Møre og Romsdal.

– Møre og Romsdal vert rekna som eit nøytralt område. Det vil òg vere korrekt ut ifrå å sikre ein debatt som ikkje går på å stele eller å ete av lasset, men som går på føra helse-Noreg vidare, seier Aasen.

Han peikar på at fylket har mange gode kandidatar til helsevervet.

– Me må nok tenkje oss litt om før me kjem med forslag til kandidatar, men det er mange frå Møre og Romsdal som kan takle den situasjonen der, seier fylkesordføraren.

Kolbjørn Almlid vert sitjande som styreleiar til januar, før ein ny styreleiar tek over.