Hopp til innhold

- Almlid bør følgje fleirtalet

- Så lenge stortingsfleirtalet meiner det skal vere fire sjukehus i Møre og Romsdal, er oppdraget til Helse Midt-Noreg klart.

Det meiner stortingsrepresentant Jon Georg Dale (Frp). Han er fortørna over Helse Midt Noreg sin styreleiar Kolbjørn Almlid og hans utspel om populistiske avgjerder i politikken.

Almlid meiner dei politiske partia gir folk løfter dei ikkje kan halde når dei går inn for fire sjukehus i Møre og Romsdal.

Dale meiner Almlid gløymer at det er politikarane som avgjer korleis sjukehusstrukturen skal vere her i landet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL