Flytta 133 millionar til Trøndelag

Helse Midt-Noreg har vedteke ny finansieringsmodell. Det inneber ei overføring av 133 millionar kroner til Trøndelag.

Styremøte Helse Midt-Noreg

Styremøtet i Helse Midt-Norge vedtok den nye finansieringsmodellen.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Den nye finansieringsmodellen, Magnussenmodellen, er vedteken etter forslag frå administrasjonen i Helse Midt-Noreg. Modellen inneber ei overføring av pengar frå Møre og Romsdal til St.Olavs Hospital i Trondheim og til Nord-Trøndelag.

Knut Ivar Egset

Knut Ivar Egset representerer tilsette.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dette blir ei enorm utfordring. Vi skal slå saman helseforetaka til eitt foretak for heile Møre og Romsdal. Ein dårleg start er noko vi ikkje treng no, seier tillitsvaldrepresentant i styret Knut Ivar Egset.

Korleis kjem kutta til å slå ut?

– Vi veit enno ikkje kva direktøren kjem til å gjere. Men pengane må takast ein stad. Dette er mykje pengar, og det får alvorlege følgjer for pasientbehandlinga i Helse Møre og Romsdal, seier Egset.

– Vi firer ikkje

Knut Ivar Egset vil ikkje spå noko om kva sjukehusavdelingar som kjem til å bli lagde ned etter dagens vedtak. Han seier berre at møringane har krav på like godt sjukehustilbod som trønderane.

Styremøte i Helse Midt-Noreg

Vedtaket i styremøtet inneber at Møre og Romsdal misser 133 millionar kroner.

Foto: Åge André Breivik / NRK

– Møre og Romsdal skal ha eit like godt sjukehustilbod som i resten av helseregionen og i resten av landet. Det kjem vi ikkje til å fire på. Dermed kan vi ikkje gå inn på nokon nedleggingsdebatt no, seier Egset.

– Rettferdig fordeling

Styreleiar i Helse Midt-Noreg, Kolbjørn Almlid, er glad for vedtaket, og seier fordelinga av pengane no blir meir rettferdig.

– No får vi ein rimeleg god balanse mellom universitetssjukehuset St.Olavs Hospital og lokalsjukehusa i heile regionen. Vi har streka under at universitetssjukehuset har oppgaver som det må kompenserast for, og som er til fordel for heile regionen, seier styreleiar Kolbjørn Almlid til NRK.

Representantane frå Møre og Romsdal stemte imot forslaget, men representantane frå Trøndelag fekk eit knapt fleirtal.

Modellen tek mellom anna omsyn til den omfattande forskinga som går føre seg ved St.Olavs Hospital.

– Eg er svært nøgd med at innstillinga frå administrasjonen gjekk gjennom. Det er no ikkje det historiske forbruket som skal bestemme kvar pengane skal hamne. Det er det reelle behovet, seier Almlid.

Kolbjørn Almlid kallar den nye finansieringsmodellen som ein objektiv måte å fordele pengane på.

– Vi får no ei meir rettferdig fordeling av pengane i helseregionen, seier Almlid.

Sterk motstand frå sør

Forslaget møtte motstand hjå eit mindretal i styret. Asmund Kristoffersen fekk gjennom eit par punkt, som kan føre til at vedtaket blir revurdert seinare.

– Eg fekk gjennom forslag om at tala må vurderast på nytt seinare. Det er viktig at dette ikkje blir ståande, men at det kan bli revurdert på eit seinare tidspunkt, seier styremedlem Asmund Kristoffersen til NRK.

Asmund Kristoffersen seier at det no blir ei fortløpande vurdering av om kriteriane for pengefordelinga er riktig.

– Om vedtaket får uheldige verknader, vil administrasjonen og styret gripe tak i dette, seier Asmund Kristoffersen. Men situasjonen blir veldig krevjande for Helse Møre og Romsdal. Det kan vi ikkje gjere noko med no. No er modellen vedteken. Han har landsomfattande gjennomslag. Då må vi berre innrette oss etter det, seier han.

Styremedlem Perny Ann Nilsen argumenterte for å utsetje saka. Ho ville ha ein analyse av følgjene av vedtaket. Ho fekk ikkje med seg styret på dette.

I eit forsøk på å redusere skadeverknadene for Møre og Romsdal sitt vedkomande, reiste Toril Hovdenakk eit forslag eit forslag som ville ha svekka økonomien til Helse Møre og Romsdal med 66 millionar kroner. Også dette forslaget vart nedstemt.

NRK kjem med meir om denne saka.