Katastrofen på Filippinane gjer inntrykk på ei heil verd. I Sykkylven på Sunnmøre sit Charlotte Tynes, medan mora May Britt og systera Lone er på Filippinane. Dei står bak «Prosjekt Filippinane» og driv førskulen Lola Day Care center i nærleiken av området som vart verst råka av tyfonen. No utfører dei naudhjelp saman med lokale styresmakter.
LES OGSÅ:
Har vore redd
– Eg har vore veldig redd og når eg ser bileta, går tankane mine til dei som har mist sine, seier Charlotte Tynes.
Ho har sjølv vore på Filippinane to gongar. No oppmodar ho folk om å hjelpe og gi eit bidrag til naudarbeidet.
Borna samlar inn pengar
Og den oppmodinga er det mange som tar.
Edna Lillebø Krøvel er rektor ved Vik skule. Til advent skal borna gjere ein jobb heime og tene pengar, som dei skal gi i gåve til Lola Day Care center i ein omvendt adventskalender. Det same gjorde dei i fjor. Då gjekk pengane til å betre sanitærforholda ved førskulen.
– Katastrofen kjem så nært oss fordi vi har eit forhold til May Britt og hennar prosjekt, seier Lillebø Krøvel.
Ber andre om å gjere det same
May Britt Tynes starta prosjektet sitt for fattige born og kvinner i byen Bogo i 2001. Ho har fleire gongar vore på skulen og fortalt om korleis ungane har det på Filippinane og vist film. No når uveret har gjort så store øydeleggingar, rører det alle saman.
– Eg vil oppmoda andre skular og barnehagar om å lage ein omvendt adventskalender der borna gir i staden for å få, seier rektoren.