Hopp til innhold

«Tårene kjem med ein gong. Det gjer vondt i hjarta»

– Vi må be til Gud, oppmodar Nenita Enriquez Santos Birkeflet. Heime i Førde sørgjer ho over dei mange offera for tyfonen på Filippinane.

Vi skal starte på Fillippinene i Asia og Tyfoenen som har herja der.
Det voldsommen uveret har tatt mange tusen liv, og nesten en million mennesker har mista heimane sine og alt de eig.
Hjelpeorganisasjonar gjer no det dei kan for å få fram mat, vatn og medisinar.

VANSKELEG: Tårene kjem med ein gong når Nenita Enriquez Santos Birkeflet tenkjer på dei som er ramma av tyfonen på Filippinane.

Nenita Enriquez Santos Birkeflet har vore i kontakt med kusina si i Manila for å få siste nytt. Det har vore nokre tøffe dagar etter at tyfonen Haiyan trefte den sørlege delen av Filippinane fredag.

– Tårene kjem med ein gong. Det gjer vondt i hjarta og eg berre grin og grin.

Vanskeleg situasjon

Santos Birkeflet arbeider i butikken Bamble Asiamat i Førde. Den utvandra filippinaren har ikkje sjølv familie i dei hardast råka områda etter tyfonen. Men ho har snakka med mange filippinarar her i Noreg som ikkje får kontakt med slektningane sine.

Nær 10 millionar filippinarar er råka av det verste uvêret som har treft land i det søraust asiatiske landet. To millionar menneske i 41 provinsar er ramma av katastrofen og styresmaktene i landet seier at minst 23.000 hus er øydelagt.

Santos Birkeflet oppmodar no norske filippinarar om å ringe den katolske presten i Bergen.

– Dei ringer til meg og eg prøver å hjelpe dei så godt eg kan, så eg gjev dei telefonnummeret til presten i Bergen. Dei har det veldig vondt, for alt er berre kaos og dei veit ingenting enno.

– Korleis reagerer dei som ringer til deg då?

– Dei er veldig lei seg, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tyfonen «Haiyan»s ødeleggelser

TYFON: Øydeleggingane etter tyfonen Haiyan.

Foto: TED ALJIBE / Afp

Kaos

Santos Birkeflet har vore i kontakt med fleire filippinarar som er busett i Noreg og har familie som er råka av tyfonen.

Ho fortel om ei dame frå Filippinane som bur i Bergen låste seg inne på rommet sitt fordi ho ikkje ville sjå korleis det var i heimlandet på fjernsynet. Ho får ikkje kontakt med familien sin.

Ei venninne av Santos Birkeflet har hatt ein sjukepleiar buande hos seg. Hennar familie er også forsvunnen og det er kaos. Ho gjer alt for å prøve å få kontakt med familien sin, men veit endå ingenting.

– Eg har to venninner som sist veke reiste til Filippinane. Eg har prøvd å kontakte dei, men har ikkje fått svar endå.

Verste tyfonen

Fleire tusen ser ut til å vere omkomne i det som vert kalla den verste tyfonen som nokon gang har råka øygruppa. Endå fleire har mista heimane sine.

Santos Birkeflet synest det er vanskeleg å sjå fjernsynsbileta frå heimlandet.

– Eg ser på CNN for å få med meg kva som skjer, men det er veldig vondt å sjå på, seier ei sterkt prega Santos Birkeflet.

Ber til Gud

Når ho sit framfor fjernsynet ber ho om at Gud må hjelpe dei overlevande.

– Det er fattige folk som er hardast råka, og dei gjev rett og slett opp. Dei berre mister håpet. Det er berre gud som kan hjelpe oss no.

Ho bidreg med pengar for å hjelpe dei ramma.

– Det er ikkje så mykje, men det er i alle fall litt.

– Er det noko vi som ikkje har tilknyting til Filippinane og bur her kan gjere?

– Be til Gud, oppmodar Santos Birkeflet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nenita Santos Birkeflet

VONDT I HJARTA: Nenita Enriquez Santos Birkeflet bur i Førde, men kjem frå Filippinane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Skal sikre reint vatn

Håkon Haugsbø

SENDER NAUDHJELP: Informasjonssjef Håkon Haugsbø i Kirkens Nødhjelp seier dei vil bidra til å sikre reint vatn i området.

Foto: Ole Kaland / NRK

Informasjonssjef Håkon Haugsbø i Kirkens Nødhjelp har i dag sete i krisestab.

– Dette ser ut til å vere ei katastrofe som er større enn vi kan fatte. Ein reknar med at 12.000 menneske er døde og det er mange millionar som har mista alt dei eig, seier Haugsbø som er frå Førde.

Han fortel at det er byar der 95 prosent av områda er øydelagde. Det meste er blåse vekk og om lag 10 millionar menneske er ramma av tyfonen. Kirkens Nødhjelp skal no i første fase sikre tilgang til reint vatn.

– Det er mange som har opne sår og dette kan vere dødeleg om det blir infeksjonar i dei. Får ikkje folk tilgang til reint vatn, er det også fare for epidemiar. Det aller viktigaste Kirkens Nødhjelp gjer no, er å sende pakkar med utstyr og kjemikaliar til å reinse vatn. I neste fase blir det sendt inn anna sanitært materiell, seier han.