Hopp til innhold

– Like katastrofal som tsunamien i Japan

CEBU, FILIPPINANE (NRK.no): Filippinske Roneth Gantenberg fortvilar over at familien framleis sit isolert fire dagar etter tyfonen Haiyan. Tragedien veks etter det som truleg er den sterkaste land-tyfonen registrert nokosinne.

Roneth Delfin Gantenberg

Roneth Delfin Gantenberg bur i Noreg, men har familie på Filippinane som er isolerte og utan mat og vatn etter tyfonen som råka øynasjonen torsdag førre veke.

Foto: NRK

– Det er langt fleire område enn Tacloban og Palo som er hardt råka av tyfonen. Familien min er i Dulag. Eg har nettopp fått den etterlengta beskjeden om at dei er i god behald, men dei har ikkje mat, drikke eller telefondekning, seier Gantenberg, som er busett i Holmestrand.

Dulag er ein kystby på Filippinane, om lag 40 kilometer sør for Tacloban. Ruinar og øydelagd infrastruktur isolerer dei om lag 40.000 innbyggjarane som bur der, ifølgje Gantenberg.

Ho har også vore i kontakt med andre i mindre byar som fortel om mange tusen døde, og om overlevande som ikkje får hjelp.

– Dei fortel om spøkjelsesbyar med taklause hus, og overlevande som er heilt utan mat og vatn. Det er heilt forferdeleg. Eg prøver mitt beste å hjelpa, og samlar no inn pengar eg skal senda til familie og kjente der nede, seier den frustrerte filippinaren.

– Like katastrofalt som Japan-tsunamien

NRKs Asia-korrespondent Anders Magnus rapporterte frå Japan etter at tsunamien herja landet i 2011. Den gongen tok uvêret livet av rundt 16.0000 menneske, og framleis er mange sakna.

Magnus er no til stades på Filippinane. Ut frå det han har sett er inntrykket at tyfonen Haiyan er ein katastrofe på linje med den som råka Japan i 2011.

Det er hittil rapportert om at 12.000 er frykta omkomne i det katastrofale uvêret som råka øynasjonen med full kraft før helga.

NRKs observasjonar på Filippinane tyder på at dette mest sannsynleg er eit altfor lågt tal.

Haiyan er den kraftigaste tyfonen så langt i år, og bar med seg vindar som truleg er dei sterkaste nokosinne registrert over land, heilt oppe i 313 kilometer i timen, ifølgje Weather Underground.

Tyfonen Haiyan

Tyfonen Haiyan torsdag 7 november.

Foto: NOAA / Reuters

Støre fryktar gigantkatastrofe

Jonas Gahr Støre var generalsekretær i Raudekrossen Noreg då ein tsunami råka Thailand for snart ni år sidan. Han fryktar også at verda ikkje har teke innover seg kor alvorleg situasjonen er på Filippinane etter tyfonen.

– Det eg er redd for no, er det som ofte skjer ved store katastrofar, at verkelegheitsbiletet vårt ligg litt bak den siste oppdateringa. Me høyrer for tredje dagen på rad at 12.000 som er frykta omkomne. Eg trur det talet kan vera veldig mykje høgare. Me greier ikkje å få oversikt og tilpassa biletet til det som er realiteten på bakken, fortel Støre.

Ifølgje Støre står hjelpearbeidet overfor mange utfordringar i løpet av dei kommande dagane.

– Omfanget gjer kommunikasjonen vanskeleg. Det blir ofte flaskehalsar når ein begynner å få inn hjelpesendingar, fordi det er så få flyplassar og båthamner det er mogleg å koma seg til. Det er også koordineringsproblem, at det kjem for mykje hjelp på feil stadar. Å klara å distribuera ressursane i tråd med behova krev veldig godt samspel med dei lokale styresmaktene, seier Støre.

Rederiforbundet sender båt

Noreg bidreg til å få transportert ut ressursane til dei som er råka, opplyser statsminister Erna Solberg.

– Rederiforbundet har ein eigen skule for maritimt personell i Manila. Båten deira er no sett inn i hjelpearbeidet, og skal frakta inn 1500 tonn med forsyningar til nokon av dei hardast råka områda.

Rederiforbundet kartlegg også kva for nokre norskkontrollerte skip som kan hjelpe til.

– Filippinane er eit øysamfunn, og svært mykje av infrastrukturen er øydelagt av stormen. Då blir det naudsynt å få inn naudhjelp via sjøvegen, seier administrerande direktør i forbundet, Sturla Henriksen i ei pressemelding.

Regjeringa har så langt gitt 20 millionar kroner til hjelpearbeidet på Filippinane etter tyfonen.

– Det kan bli aktuelt å gje meir, men me må få oversikt over kva som trengst. Dei pengane Noreg gir, stiller me til råderett for dei som har ressursane som trengst, både gjennom frivillige organisasjonar og gjennom FN-systemet. Fleksibel finansiering er viktig i situasjonar som dette.

SISTE NYTT

Siste nytt