Hopp til innhold

Kraftige jordskjelv på Filippinane – ikkje lenger venta tsunami

Det har vore kraftige jordskjelv på Filippinane i dag. Tidlegare statsråd Per Sandberg måtte krype ut av hotellrommet.

– Skjelvet tok kraftig på bygninga, seier han.

Det seier tidlegare statsråd Per Sandberg. Han måtte krype ut av hotellrommet sitt på Filippinane på grunn av svaiing og bevegelse i bygget.

Rommet til Sandberg låg i 16. etasje. På vegen ut hjelpte han nokre eldre til naudutgangen og ned trappene.

Per Sandberg på Filippinane

Per Sandberg er på i byen Davao på Filippinane for å feire bryllaupet til ein venn.

Foto: Per Sandberg

– Nokre stader har jordskjelvet løyst ut brannalarmar med dei konsekvensane det fører med seg, seier han til NRK.

Han er på Filippinane for å feire bryllaupet til ein venn. Deretter skal han vidare på jobbreise.

Klokka 18 norsk tid er tsunamivarselet avblåst, ifølgje Reuters. Sandberg seier stemninga i byen no er roleg.

– Det ser ut som vi no får returnere til hotellet.

Filippinane

Bilde frå byen Davao, som ligg på sørsida av øya Mindanao.

Foto: Per Sandberg

«Svært skadeleg»

Eit amerikansk system for tsunamivarsling sende ut tsunamivarsel like etter jordskjelvet. Episenteret ligg 19 kilometer utanfor kysten.

Det første jordskjelvet vart målt til 7,5 av det europeiske jordskjelvsenteret (EMSC), og var 63 kilometer djupt. Deretter kom det fleire etterskjelv, eitt av dei med styrke på 5,8.

Eit jordskjelv på nivå sju svarar til «skadeleg», medan nivå åtte tydar «svært skadeleg», ifølgje Europeisk Makroseismisk Skala som vert brukt i Noreg.

Ekspertar på Filippinane varsla at den første bølgja ville kome innan klokka 17 norsk tid (ved midnatt lokal tid).

Skjermdump over skjelv utanfor Filippinane (klokka 16.55 norsk tid, laurdag 2.desember).

Kartet viser skjelv utanfor Filippinane. Skjermdumpen er tatt klokka 16.55 norsk tid. Den oransje sirkelen indikerer det sterkaste skjelvet som hadde ein styrke på 7,5.

Foto: USGS Earthquake Map

Fare for liv

Det filippinske instituttet for seismologi frykta bølgjene ville vere så høge at liv kunne gå tapt, melder AFP.

Innbyggjarar som bur langs kysten blei bedne om å evakuere til høgare nivå eller innover i landet.

Ein til tre meter

Langs kysten av Filippinane var det venta at bølgjene vil vere mellom ein og tre meter høge.

Tsunamien var også venta å nå Japan med bølger på ein meter, ifølgje Reuters.

Varslingssenteret for tsunamiar i Stillehavet meldte at større bølger også kunne treffe kystområde i Palau, Indonesia og Malaysia.

Skjelvet råka øya Mindanao som er den nest største av øyene på Filippinane.

Øya ligg sør på Filippinane og har 26 millionar innbyggjarar.

Det er ikkje lenge sidan førre jordskjelv på øya. 17. november mista minst seks personar livet i eit jordskjelv på øya. Det hadde ei styrke på mellom 6,7 og 7,2. Då var det ikkje fare for tsunami.

Jordskjelv på Filippinane 17.november.

Ein mann ser på heimen sin to dagar etter det førre jordskjelvet som råka Mindanao 17. november.

Foto: AFP

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.