Hopp til innhold

Bygda avstengt etter ras - 35 evakuerte

– Politiet har sagt at me ikkje får overnatte heime, seier Erling Aarset i Ørsta. Han er ein av dei 35 personane som er evakuerte etter jordras i Årsetdalen.

Jordskred Vartdal

Store mengdar jord har gått over vegane på Vartdal natt til laurdag.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

To personar sat innesperra i huset sitt etter at raset gjekk før midnatt natt til laurdag.

– Jordraset har gått inn i inngangspartiet i huset, og fylt opp kjellaren med jord og vatn, sa operasjonsleiar Johan Arnt Overøye då dei to var innesperra.

Eit anna ras skal ha gått lenger nede i vegen, dermed måtte hjelparane gå siste stykket fram til huset. Like etter midnatt skal dei to vere redda ut, uskadde.

Fleire husstandar er evakuerte etter raset. Folk er samla på Vartdal skule, der også dei to som er redda ut er frakta, opplyser politiet på Sunnmøre.

– Me måtte berre kaste alt

– Våre hus står, men det var forferdeleg skremmande, seier Erling Aarset til NRK. Han er tilbake i heimen for å hente det som trengst for å kome seg gjennom natta.

Han fortel om ei veldig buldring då raset gjekk.

– Det var heilt mørkt, for straumen gjekk fyrst. Me måtte berre kaste alt me hadde, og køyre som tullingar vekk frå fjellet, fortel Aarset.

Kan fare til Ørsta

Tilbake for å hente det som trengst, ser han samstundes hjullastarane som jobbar med å rydde opp etter raset. 3–400 meter lenger framme i dalen er oppryddinga i gong.

– Det er oppretta kriseplassar for oss i Ørsta, men eg er usikker på om eg vil dit, seier han.

Ørsta er to mil køyring, gjennom Vartdalstranda, som også kan vere rasfarleg.

Om lag 30 evakuerte

– Det er no opp mot 30 evakuerte etter raset, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt til NRK.no.

Han fortel at enkelte har møtt opp fordi dei føler seg utrygge heime etter at raset gjekk.

– Me har hatt problem med å kome oss opp gjennom dalen, fordi høgspentleidningen hang så nær vegen, fortel operasjonsleiaren.

Han seier dei måtte ha hjelp frå Tussa for å kome seg fram. Det kan hende to hus til blir evakuerte seinare.

– Førebels er alle dei evakuerte på Vartdal skule. Enkelte reiser kanskje til kjente, så dei slepp å overnatte på skulen, seier Overøye.

Rasa gjekk tre stader

– Det kan sjå ut som det er gått tre ras i dalen, seier Overøye til NRK klokka 3.30 natt til laurdag.

Det er framleis for mørkt til å få full oversikt over situasjonen, men operasjonsleiaren seier alt tyder på at det har vore eitt stort ras og to mindre.

– Det største ser ut til å dekkje ei høgde på om lag 2,5 meter seier han.

Politiet har hatt hjelp av hjullastar for å få evakuert dei som bur i området. No blir dei 35 personane evakuerte til Vartdal skule.

Overnattar hjå kjente

– Dei fleste har fått husly hjå folk dei kjenner. Sju personar har valt at dei vil vere att på skulen til det lysnar, fortel Overøye.

Representantar frå kommunen har vore på staden i natt, men det blir ikkje teke noko avgjerd på når folk får reise heim før området er undersøkt i dagslys.

– Det er nok best å sleppe til fagfolk, seier operasjonsleiaren.

Vartdal skule

Om lag 30 personar er samla på Vartdal skule natt til laurdag, etter raset som gjekk i Årsetdalen.

Foto: Google Maps

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL