Hopp til innhold

Buss med 14 passasjerar teken av vinden

Ein buss med 14 passasjerar køyrde av vegen på grunn av kraftig vind på E16 ved Erisletta i Lærdal. Det er ikkje meldt om skadde personar.

Buss blåste av vegen på E16 gjennom Lærdal.

Bussen var på veg til Bergen då den vart feia av E16 og ut på eit jorde.

Foto: Jan Christian Jerving

Sterk vind tok tak i bussen. Frontruta har fått sprekkar. Politipatruljen på staden melder at det har vore ganske kraftige vindkast i området.

Bussen var på veg frå Sogndal til Bergen då den køyrde av E16, gjennom eit hjortegjerde og ut på eit jordet.

Buss køyrde av vegen på E16 i Lærdal.

Bussen køyrde gjennom dette hjortegjerdet og ut på jordet.

Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Sjåføren kjente at det var kraftig vind og det blåste slik at han opplevde at vinden tok i bussen, seier kommunikasjonsdirektør Marianne Frønsdal i Tide buss.

For å unngå vinden valde bussjåføren sjølv å køyre av vegen.

Etter å ha køyrd av vegen, kom bussen seg ikkje vidare på eiga hand. Passasjerane blei difor henta av ein annan buss om lag 25 minutt seinare og køyrde vidare til Bergen, fortel Frønsdal.

– Dette var ei hending med ingen dramatikk og ingen skade, seier ho.

110 Vest opplyser til NRK at det ikkje er lekkasje frå bussen.

Buss teken av vinden i Lærdal

Bussen tok seg sjølv over jordet til utkøyrsla ved E16. (Foto: Jan Christian Jerving)

Ole Ramshus Sælthun var på veg til jobb i Lærdal då han såg bussen kome køyrande midt ute på jordet.

For eiga maskin kom bussen seg kontrollert over jordet til ei avkøyrsle.

– Det var glatt på staden, men knapt vind då eg kom, men så veit vi at det kan vere veldige kastevindar på Erisletta. Tidlegare har den røska med seg låvetak, seier Sælthun.