Fem personar evakuerte i Briksdalen i Olden - sat faste mellom to ras

Fem personar er evakuerte i natt etter eit steinras ved Yri mellom Olden og Briksdalen. Entreprenøren har teke hand om dei fem som var innesperra mellom to ras, opplyser politiet.

Ras Oppstryn

INNESPERRA: Fem passasjerar i to bilar måtte evakuerast ut etter at dei sat innesperra mellom to ras i Briksdalen (illustrasjonsbilete).

Foto: Roger Vik / NRK

Dei fem vart evakuerte rundt midnatt av entreprenør etter at dei to bilane med til saman fem personar var innesperra av ras.

Det har gått fleire ras i området Yri midt på Oldevatnet i løpet fredag kveld og natt til laurdag.

Politiet opplyser at straumen i området er vekke. Dei fastbuande i området skal vere orienterte om situasjonen, opplyser politiet.