Ramma av skred for tredje gong: – No er det nok

I Ørsta på Sunnmøre er fleire husstandar evakuerte etter at det gjekk eit skred måndag ettermiddag. Dei siste åra har bebuarane her blitt evakuert fleire gonger på grunn av skred. No er det nok, meiner dei.

Ras i Årsetdalen i Ørsta 31.12.2019

Måndag ettermiddag gjekk det endå eit skred i Årsetdalen på Sunnmøre. Dette er det tredje skredet på fem år.

Foto: Elise Kvien / NRK

– Det er berre flaks at det har gått bra, seier Helge Aarseth og peikar på staden der skredet gjekk.

Helge Aarseth

Helge Aarseth ber om meir hjelp til å trygge bustadane på Årsetdalen i Ørsta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnesen / NRK

Gardbrukaren i Årsetdalen i Ørsta måtte på nytt flytte heimanfrå då eit skred styrta ned fjellsida måndag ettermiddag. Dei siste fem åra har folk i området blitt evakuerte tre gongar. Det første store raset i nyare tid gjekk i 2013 og to år etterpå skjedde det igjen.

Det har blitt gjort ei rekkje tiltak etter dei førre rasa. Blant anna har det blitt laga holer i markene. Dette skal samle opp masse som rasar frå fjellet før det treff hus. Dette massebassenget er no fullt av stein og masse og Aarseth meiner at det no må gjerast meir for å sikre bebuarane i Årsetdalen.

– No er det nok. Ein føler seg hjelpelaus, rett og slett. Eg må gå å følgje med kvar gong det regnar. Vi nøydd til å få meir hjelp, seier han.

Vêret skapte problem

Nyttårshelga starta med uvêr langs heile kysten, og betre blei det ikkje i dag. Fleire fjellovergangar måtte stengjast, mange ferjesamband blei innstilte og i føremiddag var over 7000 kundar utan straum.

Geoglog og kommune på plass for å vurdere ras i Ørsta

Tysdag var mellom anna ordførar Stein Aam på plass i Årsetdalen for å sjå på skadane etter skredet i går.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ordføraren i Ørsta var tidlegare i dag på plass for å sjå på skadane i Årsetdalen. Han meiner at kommunen så langt har gjort det dei kan for å hjelpe dei som bur der, med utgangspunkt i det lovverket som kommunen må ta omsyn til.

– Men vi ser at vi blir nøydd til å gjere meir. Det store spørsmålet er økonomien og korleis vi skal løyse dette, seier Stein Aam, ordførar i Ørsta (Sp).

Han meiner likevel at kommunen ikkje kan ta det fulle ansvaret for å trygge dei som bur i området.

– Storsamfunnet må hjelpe til. Det er ikkje ei kommunal plikt å sikre dette området. Eg meiner at andre instansar også bør kome på bana for å sjå på dette, mellom anna NVE. For det kan ikkje halde fram sånn som dette, seier Aam.

Spent på kva som skjer vidare

Oppryddingsarbeidet er allereie i gang, og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) lovar no å vurdere saka på nytt.

Ras Årsetdalen i Ørsta

Måndag 31. desember gjekk det igjen eit skred i Årsetdalen i Ørsta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I mellomtida er det usikkert når dei evakuerte får flytte heim igjen for denne gong. Ifølgje politiet har arbeidet med å grave ut ein masseoppsamlingsdam starta, men det er framleis uklart kor lang tid dette vil ta.

– Det blir i alle fall ikkje ferdig før onsdag, seier Erik Mikalsen, operasjonsleiar i politiet.

Gardbrukaren i Årsetdalen er spent på kva som skjer vidare, men seier det er krevjande å leve med uvissa om når neste skred kan gå.

– Alle har ei grense. Eg veit ikkje kvar mi er, men det blir verre for kvar gong, seier Aarseth.