Hopp til innhold

Her står vatnet 15 cm over golvet i klubbhuset

Det var eit trist syn som møtte medlemmane i Førde pistolklubb i kveld. Vatnet strøymde inn i klubbhuset og det har blitt store øydeleggingar.

Oversvømmelse i klubbhhuset til Førde pistolklubb

MYKJE VATN: Slik ser det ut i alle romma i klubbhuset til Førde pistolklubb. Mykje arbeid må gjerast for å få det i stand att.

Foto: Sissel Hals

– Det er vatn i alle rom og det står 10–15 centimeter opp på veggane. Ting flyt på golvet. Det første vi gjorde var å kutte straumen, for det var litt leidningar som låg i vatnet, seier Sissel Hals som er kasserer i klubben.

Klubbhuset til pistolklubben ligg i Kråkenesmarka i Førde. Det er mange år sidan noko liknande har skjedd her, men store nedbørsmengder i kveld har gjort til at ein bekk ikkje har tatt unna alt vatnet.

– Det er ein bekk som har som har tetta seg til. Vi har fått opna opp for vatnet utvendig slik at vi har klart å hindre at meir fløymer inn.

Oversvømmelse hos Førde pistolklubb

PUMPAR UT: Brannvesenet hjelper til i klubbhuset til Førde pistolklubb,

Foto: Sissel Hals

Dei er fem frå pistolklubben og to frå kommunen som er på staden. Brannvesenet har også kome til for å pumpe ut vatnet.

– Vi har fått pumpe og 25 sandsekkar, seier ho.

Dei må rive opp golvbelegget for å få tørke opp golvet. Dermed har dei fleire timar arbeid i vente.

– Det verste er å få tørka opp alt som er fuktig fordi vatnet har stått så høgt på veggane. Vi må tørke opp frå botnen. I tillegg er ein del rekvisita skadd.

Også i Florø har brannvesenet vore ute. I eit bustadhus stod vatnet 27 centimeter høgt i kjellaren.

Oversvømmelse i Florø

27 CM: Også i Florø har vatnet strøymt inn i hus. I denne kjellaren står vatnet 27 cm over golvet.

Foto: Truls Kleiven