Når vegprosjektet Møreaksen står ferdig skal det ta ein time å køyre frå Ålesund til Molde, mot dagens to timar. To ferjesamband forsvinn. Regjeringa lovar 20 milliardar kroner frå staten i Nasjonal transportplan dei neste 12 åra, i tillegg kjem bompengar.
Ferja er deadline
Gunhild Sjøvik jublar fordi arbeidskvardagen blir langt lettare.
– For min familie blir det mindre stress når vi slepp å tenke på at vi skal rekke ferja, seier Sjøvik.
Ho og mannen bur i Molde og pendlar med kvar sine ferjer til arbeidsplassane i Midsund og Aukra. Når ferjene blir erstatta med undersjøisk tunnel og hengebru slepp paret å bekymre seg for om dei kjem for seint heim til lekser, middag og sonen sine fritidsaktivitetar.
– Ferjeavgangen ligg der alltid som ein deadline, seier Sjøvik.
– Gamaldags
Satsinga på Møreaksen blir slett ikkje møtt med unison jubel i Møre og Romsdal.
– Folk vil ikkje ha lange undersjøiske tunnelar. Det er gamaldags og lite miljøvennleg, hevdar kritikar Jørn Inge Løvik.
Han er dagleg leiar i det konkurrerande prosjektet Romsdalsaksen og meiner deira alternativ med flytebruer er eit betre alternativ.
Løvik meiner også det er lite framtidsretta å legge trafikken gjennom tettbygde strøk. Også Frp, MDG og Lastebileigarforbundet er kritiske til Møreaksen.
Nokre vil heller ferje
Det kokar i avisspaltene og kommentarfelta. Redaktør i Romsdals Budstikke, Ole Bjørnar Loe Welde, seier at Møreaksen er eitt av dei mest debatterte tema i avisa og meiningane er delte. Det finst også dei som verken vil ha Møreaksen eller Romsdalsaksen.
– Vi har gjort spørjeundersøkingar og der er også folk som framleis vil ha ferje, med hyppigare avgangar, seier Welde.
Fleire kan pendle
Tonen i sosiale medium er så hard at mange kvir seg for å flagge synet sitt på Møreaksen, seier dagleg leiar i Møreaksen, Harald Espeland.
Han avviser at prosjektet er gamaldags og lite miljøvennleg. Med kortare reiseveg mellom byane får folk tilgang til fleire arbeidsplassar.
– Med Møreaksen på plass blir det kurant å pendle mellom byane og tettstadane, seier Espeland.
– Kampen om traseval er over
Leiar i transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten (H), seier at det er brei politisk semje om Møreaksen.
– Vi er forbi det stadiet at vi diskuterer traseval. No handlar det anten om å realisere prosjektet som ligg på bordet, elles risikerer vi å starte på nytt att, seier Orten.
Gir ikkje opp
Jørn Inge Løvik i Romsdalsaksen gir ikkje opp kampen om deira alternativ, sjølv om Statens vegvesen forkasta forslaget og regjeringa løyver pengar til Møreaksen.
– Vi gir ikkje opp. Langt ifrå. Det triggar berre til meir hardt arbeid, seier Løvik.
Pendlar Gunhild Sjøvik meiner derimot det er på tide å akseptere at Møreaksen er valt, sjølv om nokon må svelge kamelar.
– Kvifor kan vi ikkje stå saman når avgjerda er tatt og vise at vi klarer å få til ting saman, seier Sjøvik.