– Det er snakk om mykje nedbør i løpet av eit døgn. Då er det spesielt stor fare for skred, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Ifølgje Fagerlid er det venta opp imot 30 til 50 mm nedbør i Møre og Romsdal.
Også temperaturendringane som er venta i den komande veka kan påverke utviklinga i «Mannen».
– Vi får også meir nordvestleg og vestleg vindretning neste veke. I tillegg vil temperaturane falle, og ein kan ikkje sjå vekk frå at det kjem snø i fjellet neste veke. Også det vil spele inn, seier Fagerlid.
- Les også:
- Les alt om «Mannen»-situasjonen HER.
Nedbør gjer utslaget
Ein heil kommune blei onsdag sett i full beredskap etter at Åknes/Tafjord Beredskap IKS varsla skredalarm ved fjellet «Mannen» i Rauma kommune.
Tidlegare har det blitt estimert at mellom 10-40.000 kubikk med stein kan rase ut. I den nyaste statusrapporten frå beredskapssenteret kjem det derimot fram at heile 120.000 kubikk med stein – altså tredobbel mengde – kan rase.
Sjefsgeolog Lars Harald Blikra i Åknes/Tafjord Beredskap IKS seier det har vore stabil utvikling i bevegelsane i «Mannen» dei siste dagane.
Blikra fortel at nedbørsmengdene blir utslagsgivande for når Mannen-skredet blir løyst ut.
– Det er umogleg å seie eksakt når skredet kjem, men fjellpartiet er såpass ustabilt at dersom det kjem mykje nedbør så kan det rase i løpet av dei komande dagane, seier han.
Blikra fortel at det er vanskeleg å avgjere når fjellet vil rase så lenge farta på bevegelsane i fjellet er jamn.
– Dersom vi ser at det byrjar å bevege seg raskare for kvar dag og for kvar time så kan vi vurdere tidspunktet for nærare, seier han.
Saka held fram etter biletet.
Følgjer nøye med
«Mannen» i Rauma er eit av dei mest overvaka fjellpartia i landet. Radar og anna måleutstyr er permanent plassert i fjellsida for å varsle om nye bevegelsar.
Allereie i starten av oktober blei det varsla om fare for skred. Blikra er sjølv på veg til Rauma for å delta i undersøkingane rundt «Mannen». Geologane på staden følgjer nøye med på utviklinga i fjellsida, og vil i dag gjere ei ny synfaring i området.
– I dag skal vi opp i helikopter for å utforske området der det er mest bevegelsar, seier Blikra.
– I tillegg blir det grundig kontroll av alt utstyr og instrumenta for å kontrollere at alt fungerer som det skal, held han fram.
- Les også:
- Les også:
Framleis evakuerte
Sjølv om det har vore lite nedbør i natt og opplett i morgontimane, kan dei evakuerte slett ikkje dra heim til husa sine. I natt har dei fleste som bur i nærleiken av fjellet budd hos slektningar. Ein bonde har valt å vere att på garden saman med rundt 200 sauer og fleire andre dyr.
Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad seier at dei hjelper til med å omplassere dyra.
– Landbruksavdelinga oppretta i går kveld kontakt med gardeigarane og vil utover dagen prøve å finne løysingar, seier Hustad.
Ein person er framleis innafor sperringane. I dag møttest krisegruppa i kommunen for å diskutere situasjonen. Lensmann Andreas Hustad meiner dei har kontroll.
– Det kan bli aktuelt med tvangsevakuering dersom forholda ved det skredfarlege området blir meir trugande, seier Andreas Hustad.