I 2013 var det slutt på den tradisjonsrike møbelproduksjonen til Vad i Stordal. Etter fleire år med negative resultat, kjende eigarfamilien seg tvinga til å flagge ut, på same måte som fleire andre i møbelbygda.
Men no tenkjer Vad-familien nytt for å fylle dei tomme fabrikklokala i heimbygda, og håper å erstatte lenestolar og skinnmøblar med landets største produksjon av oksekjøt.
– Eg syns det er kjempegøy og spennande. Eg er fødd og oppvaksen her i bygda, og håper inderleg at vi kan få til noko nytt og skape nye arbeidsplassar og aktivitet, seier dagleg leiar Håkon Vad i Vad Eiendom AS.
1500 oksar på bås
Allereie til hausten er tanken å fylle den gamle møbelfabrikken i Stordal med 1500 rautande oksar. Dette skal gje arbeid umiddelbart til seks-åtte stordalingar, og forhåpentlegvis fleire etterkvart.
– Folk må ha mat, og sjølv om det er manko på storfekjøt i Noreg, er det mange oksekalvar som ikkje blir avla opp fordi ingen vil gjere det. Dette ønskjer vi å utnytte, seier Vad entusiastisk.
– Kva respons har du fått?
– Dei få som har fått vite om dette, syns det er kjempekult. Det er ein morosam og spennande ide, og dei får litt bakoversveis med det same. Det er ein ny måte å tenkje om facilitetane her i Stordal, men også om industriproduksjon, det er jo ikkje vanleg her i landet, seier han.
Ønskjer å fylle lokala med ny aktivitet
Forprosjektet startar etter planen allereie denne månaden. Ordførar Charles Austnes (H) seier søknaden har nokre utfordringar med tanke mellom anna på omregulering, men er glad for initiativet.
– Eg syns det er kjempespennande med nytenking og nyskaping. Det at ein forsøkjer å snu alle steinar for å få til ny aktivitet i ledige lokale, er vi svært glade for, seier han.
Sidan midten av 90-talet har omlag 400 arbeidsplassar innan møbel gått tapt i Stordal.
Les også: