Hopp til innhold

150 mister jobben i Rolls-Royce

150 tilsette i Rolls-Royce Marine i Noreg mister jobben. I dag har det vore allmøte for dei tilsette.

Kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine, Annette Bonnevie Wollebæk.

Annette Bonnevie Wollebæk seier at det er mange leiarar og administrativt tilsette som må gå i denne kuttrunden.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I fjor måtte 300 i Rolls-Royce Marine i Noreg gå, 600 globalt. Eigarane varsla at dei skulle kutte ytterlegare 400 stillingar globalt i år, men har ikkje sagt kvar kutta skal skje. I dag var dei tilsette på alle dei ni avdelingane til konsernet samla på allmøte og fekk beskjed om at 150 mister jobben. Flesteparten av desse jobbar i Møre og Romsdal.

– Dei som mistar jobben kjem frå ulike delar av organisasjonen. Mange er leiarar og administrativt tilsette, seier kommunikasjonsdirektør Annette Bonnevie Wollebæk. Også ingeniørar kjem til å miste jobben.

Kutta blir fordelt

Slik det ser ut no er det ikkje nokon som vert hardare råka enn andre, men kutta blir fordelt utover.

– No skal vi gjennom ein drøftingsprosess med fagforeiningane før vi får ei endeleg oversikt over korleis dette blir, seier Wollebæk.

Årsaka til kutta er dei tøffe tidene i offshorenæringa. Offshore er den største marknaden til Rolls-Royce Marine.

Marineavdelinga til Rolls-Royce har om lag 2000 tilsette i Noreg. Rolls-Royce har lokalitetar fleire plassar i Møre og Romsdal og Hordaland.

Rolls-Royce Hjørungavåg

Det meste av produksjonen ved Rolls-Royce i Hjørungavåg skal flyttast til sommaren.

Foto: Svein Smørdal / NRK

Tung beskjed

Ved Rolls-Royce i Hjørungavåg var informasjonen dei fekk i dag tung. Det er allereie bestemt at det meste av produksjonen skal flyttast i juni og så langt har mellom 30 og 40 tilsette mist jobben. No er det dei som jobbar i administrasjonen som fryktar for jobbane sine.

– Her vi bur er det stort sett innan offshore dei fleste arbeidsplassar er tufta på. Det er ikkje lett å få jobb andre stader heller. Dei fleste fryktar at det blir NAV neste, seier tillitsvald Edvin Eri Pettersen, i Forbundet for ledelse og teknikk. Han understrekar at dei ikkje veit noko om kvar dei nye kutta kjem.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL