Hopp til innhold

Legg ned fabrikk med 200 tilsette

Rolls-Royce Marine legg ned fabrikken i Hjørungavåg i Hareid kommune. Mange av dei 200 tilsette kan miste jobben.

Rolls-Royce Hjørungavåg

Rolls-Royce har bestemt seg for å legge ned fabrikken i Hjørungavåg på grunn av få bestillingar.

Foto: Svein Smørdal / NRK

I dag fekk dei tilsette ved Rolls-Royce i Hjørungavåg beskjeden om at fabrikken vert lagt ned. Fabrikken produserer utstyr til seismikk- og subsea-fartøy og den siste tida har marknaden vore ekstra utfordrande.

– Vi har for få ordre og for lite å gjere på fabrikken etter nyttår til at vi kan forsvare kostnaden ved å ha ein heil fabrikk gåande, seier Anette Bonnevie Wollebæk. Ho er kommunikasjonssjef i Rolls-Royce.

Ikkje alle mister jobben

Ved fabrikken i Hjørungavåg er det rundt 200 tilsette. Wollebæk seier at det ikkje er nødvendigvis slik at alle mister jobben.

Delar av produksjonen i Hjørungavåg skal flyttast til ein annan fabrikk på Sunnmøre.

– Vi har ingeniørar og salsfolk som vi ynskjer å ta vare på og finne nye lokale til, seier Wollebæk. I løpet av dagen får dei tilsette meir informasjon.

Dramatisk avgjerd

Anette Bonnevie Wollebæk

Kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine, Annette Bonnevie Wollebæk seier det er ei dramatisk avgjerd.

Foto: Frode Berg / NRK

Wollebæk seier at dagens nyhende ikkje var hyggeleg og at det føyer seg inn i ei rekkje vanskelege nyhende for offshorebransjen. Verksemda ser på moglegheiter for å overføre nokre av dei tilsette i Hjørungavåg til andre fabrikkar på Sunnmøre. Rolls-Royce har sju fabrikkar på Sunnmøre.

– Det er ei dramatisk avgjerd med tanke på folk som har jobba her i lang tid. Det er ein reaksjon på ein veldig tøff marknad. Innanfor offshorerelaterte næringar har vi den tøffaste perioden nokon gong, seier Wollebæk.

Tidlegare i år vart det kjent at 300 tilsette i Rolls-Royce Marine i Noreg mistar jobben. 173 av desse er på Sunnmøre. Konsernet har også avdelingar i Hordaland.

Synd at arbeidsplassane forsvinn

Rådmann i Hareid, Bent Arild Grytten, synest nyhenda er trist.

– Det er sjølvsagt synd at arbeidsplassar forsvinn frå kommunen. Det vil det alltid vere for ein kommune, seier Grytten.